Fraa Sell. (Brev).

Det gjeng ikkje fort, at Maalsaki fær Innpass hjaa Folket her, endaa det er ikkje so faa, som les Landsmaalet, og forstaar det gjere dei vist, ikkje annat eg kann skjyna. Men danske Blad og danske Bøker er likavæl Hovudnæringi. Og det er helder ikkje nokot rart, naar me heve livt og liver paa dansk Lesnad, og attaat dansk Tala, so kann me ikkje venta annat, enn at Landsmaalet maatte verta nedkjøvt. Me heve gløymt vaart eiget Maal litt etter litt, til me no vedkjenner oss det danske Spraaket som vaart i alle Maatar.
           
Og solengje som Borni vert upplærde i det danske Spraaket, so kann me kje venta nokor Reformering i Maalvegen. Men det er au forgalet, naar me hev vaart eigne fagre, klangfulle Landsmaal, - ikkje aa bruka det. Me skulde verkeleg visa sopass Nationaliet, at me lagde av aa laana Skrift og Talespraak taa Dansken. Maalsaki maatte verta oss ei Fedrelandssak, og me skulde finna Hug aa Kjærleik i aa bevara vaart eiget Maal, liksom me no strævar etter aa behalda vaar Fridom, som Fedrarne gav oss. Men det er det ikkje. Og som eg før hev sagt, naar det gaar som det no gaar, kann me ikkje venta nokon Framgong. Eg skal t. D. nemna, naar Borni byrjar aa stava. Daa gjev me deim ei dansk ABC. Dei strævar og les og lærer seg til aa nemna desse danske Ord og Setningar, som dei slet ikkje skjynar. So maa Far, elder Mor, elder Skulemeistaren sitja fortelja, kvat det Ordet elder den Tingen vil segja, paa Borni sitt Maal, og litt etter litt vænjer dei seg upp til dei vert jamgode med Læraren. Dei gjere fraa seg Skulen. Dansk kann Borni skriva so det berre knakar; men skriva eit Brev elder nokot paa sitt eiget Maal, - nei det kann dei ikkje gjera for all Ting i Verdi. Og det kann helder ingen finna aat oss for. Var me fraa fyrst av upplærde i aa skriva vaart eiget Maal, liksom Dansk, so vilde Bjølla faa ein annan Klang. Istaden for me no skriv lange danske Brev, som me knapt kjennest ved sjølve, vilde me ved aa bruka vaart eiget Maal finna oss atter i kvar Krok og i kvart Ord; det vilde verta oss so kjendt og heimslegt i alle Maatar. Og attpaa hadde me daa brukt vaart eiget, som verkeleg høyrer oss til.
           
Men eingong skal me væl sjaa, at det norske Maalet er komet til sin Rett att, vert brukt baade i Tala og Skrift. Daa skal ingen hava nokot aa trega.
           
Den som eg vil rosa som besste Maalmannskaparen er Fedraheimen. Han skulde kvar norsk Kar og Kvinna hava. Der ser du ditt eigne fagre Maal i gode Forteljingar og Stykkje, og det vil snart verta deg so kjært og kjennt. Eg vil derfor vona, at det maatte verta ein Trong for kvar norsk Gut og kvar norsk Gjente aa eiga Fedraheimen, han er slik ein god Husven um Kveldarne. Og me kann ikkje vona, at Maalreisningshugen aukar, naar me ikkje eingong hjelper til og les, kvat gode Maalmenn søkjer aa breida ut i Blad og Bøker. Difor alle Maalvener: hald Fedraheimen.
           
I Politikken er me meir vakne. Der fylgjer alle med med Liv og Sjæl, ja lika ned til Smaagutar er dei Politikkarar. Riksrettens Framgong fylgjer me levande med, for alle er forvitne etter aa sjaa, koss det no gjeng Selmer og Folket hans.
           
Eit Skyttarlag hev me her som i andre Bygdelag. Og eg trur, det gjeng bra frametter, daa det ser ut til, at alle meire og meire fær Hug for Saki. Nyleg hadde me Premiskjoting til Slutt paa Aarets Øvingar. Skyttarlaget heve høyrt baade til Centralforeiningen og Folkevæpningsamlaget. Men so kom det eit Brev fraa Centralforeningens Bestyrelse, og i det vart me sette paa ei hard Prøve. Anten vilde Centralforeningi hava atter dei Riflurne, som dei i sin Tid hev vore so snille aa laana oss, elder so skulde me gaa fraa Folkevæpningsamlaget. Det vart daa haldet Møtet sama Dagen som Premiskjotingi var, daa alle Lagets Medlemmar no var tilstades. Sigurd Blekastad framsette Forslag um aa melda Skjotarlaget ut or Centralforeningen. Aa kvat hender? Det gjekk einrøystes igjenom. Ikkje ei einaste Sjæl mukka nokot imot det. So skal Centralforeningi faa atter Riflurne sine; me treng deim ikkje. Igjenom Folkevæpningsamlaget heve me faatt fleire Remingtonriflur og fleire ventar me. Difyr vil Laget ikkje sakna so svært dei Riflurne det no mister. Paa Forespørsel til Centralforeningens Bestyrelse, um dei vilde selja nokor av dei utlaante Riflurne, fekk me det Svar, at det vilde dei ikkje. Kanskje Centralforeiningi veit seg nyttugt Bruk for Børsom sine, um Trykket blir altfor føleligt.
           
Den 16-11-1883.    Din
P. J. K.