Fraa Skulesoga.

[Del 12 av 13. Første delen]
 
(Ved Matias Skard.)
                                   
VII.
 
Kjære Ven.
           
Det kann ikkje undra meg, at du spyr, kvifyre eg i desse mange Brevom um Folkeskulen ikkje heve gjevet nokor Greida paa, kvat Staten heve gjort i den Sak. For du som heve vaar Folkeskule no um Dagen fyre Auga og ser, at alle Umskifte, all Utvikling av den, ja heile Stellet gjeng paa offentlig Foranstaltning, dei heve vel som so mange andre eit Drag burt imot den Tanke, at Folkeskulen kviler paa Staten, at det er denne, som rettelege maa hava født honom til Verdi, liksom han no held honom uppe og styrer honom ut i det ytste. Men du skulde fenget Svar paa det Spursmaalet, um du so aldri hadde spurt: eg kjem med Staten so seint, avdi Staten heve i Røyndi den Lagnaden aa koma bak etterpaa Skuleumkvervet. Og idag skal eg prøva stutt aa fortelja litet um den Ting.
           
Det er i Reformationen, me møta den Ande, som maatte verta Fader til Folkeskulen, lika fullt um Luter (Melankton, Breng, Birgenhagen o. s. v.) ikkje klaart tenkte seg annan Skule enn den latinske. Den evangelisk-protestantiske Ande, som hadde reist seg i Kyrkja, var det, som med ustadnande Magt dreiv til eit Skuleverk, som var fyre den evangeliske Kristne i og fyr seg - utan all Sidetanke paa den Livsstilling han kunde vilja velja; som soleides ogso var fyre den fatige Landmann og jamne Borgarmann, som var reint framand fyre den lærde Daning ein Skule som heilt ut maatte verta gjort fyre hans Skuld, fyredi han var evangelisk Kristen og Lem paa Kyrkja.
           
So vert der paa ymse Stader Trong til Kyrkjeyverhøyringar; dei var Presten si Sak. Men Presten vinn ikkje med Arbeidet, og so vert Klokkaren teken til Hjelp, og Undervisningi tøygd ut til sume Yrkedagar ogso. Og so var Klokkaren ogso som Lærar berre Presten sin Medhjelpar til aa læra Folk Katekisma og Kyrkjesong. Det er Kyrkjesak. Difyre er det ogso i Kyrkjeordningom me finna Reglarne fyre hans Arbeid. Soleides heiter det i Lybeks Kyrkjeordning (fyre Landet, 1531): Presten skal flitig preika Katekisma fyre det stakars Folk. Klokkaren skal ogso serlege hjelpa til aa læra Ungdomen Katekisma etter Presten sitt Paalegg og han skal tillika flitig læra Folket Salmar. Ein annan Stad heiter det (1540): Klokkaren skal vera lydig mot Presten, ikkje vekkja Kiv millom honom og Folket og tillika flitig læra Bornom aa syngja og der det læt seg gjera segja fyre Bornom dei tie Bod, Trui, Fadervaar og den vesle Katekisma. I dei saksiske Generalartiklar (1557) heiter det um Klokkaren som Lærar: Ingen maa verta godteken elder leigd imot Presten sin Vilje av den Grunn, at dei skulo standa ved Sida aat kvarandre og hjelpa kvarandre i Utføringi av sine Kyrkjeembæte, og kvar Prest i so Maate heve aa raada og bjoda yver sin Klokkar.
           
Presteembætet var rettelege den Livsroti, Folkeskulelærar-Embætet sprang ut av som naturleg og naudturveleg Frukt; Skulemaalet var ved Kyrkja aa uppdraga fyre Kyrkja.
           
Sjølvsagt var det daa ogso det religiøse, Undervisningi galdt: Katekisma, Salmar og Bøner. Katekisma og Salmebok var dei einaste Bøker. Bøker ja. Men so maatte dei ogso læra aa bruka desse Bøkerna - læra aa lesa. Soleides kjem ogso dette Lære-Emne inn i Skulen ende-fram og berre som Lid i Arbeidet fyre det religiøse, det kyrkjelege. Leseøving kann ein elles segja spring ut av den Luters Tanke, at Skrifti er fyre alle Mann, og hans Arbeide fyre den Tanken hava Umskrift av Bibelenpaa Modersmaalet. Som praktisk Tillegg til det religiøse finn ein so her og der i Skulen litet Grand Rekning. Det er liksom Grunnlaget fyre Multiplikationstabellen baki Katekisma.
           
Luter hadde alt haldet fram, at Styremagti skulde tvinga Forelderne til aa senda Borni paa Skule ja paa Latinskule; - for segjer han kristne maa daa hava tie Gonger større Rett enn Tyrken til aa gjera slikt. Men naar no Folkeskulen vaks upp som ei Grein paa Kyrkja, maatte Tvangen der verta som den andre Tvang, som Kyrkja brukade. Og det syner seg ogso, at det naturleg vart Uppmoding og ikkje Tvang mot Foreldrom. Soleides heiter det i den vyrtemburgske Kyrkjeordning (1559), at Presten og Kyrkjetenaren i det minste tvo Gonger i Aaret i Preika skal leggja Folk paa Hjarta, at dei flitig senda Borni paa Skulen.
           
Men i dei luterske Landom vart Kyrkja Statskyrkja. Med di kom ogso Samanrøringi paa Skuleumkvervet: Kyrkjeherren og Landsherren var den same. Soleides vart det uklaart, anten det var Kyrkja elder Staten, som tok frammi og stellte med Skulen. Men i Landsherrens Hand glid so smaatt um Senn den kyrkjelege Uppmoding yver til det borgarlege Paalegg. Enndaa i Hertug Kristofer av Vyrtembergs Kyrkjeordning av 1559 er det berre Barnelæra men ikkje Skulen, som Forelderne under Bot maa senda Borni til. Men med Tidi breider Tvangen seg ut til aalmenn Skuletvang; den borgarlege Sida gjerer seg gjeldande. I Skuleordningi aat Hertug Ernst den gud-elskne av Saksen Gota (1649) vert det endelege paalagt alle Forelder under Pengebot aa senda borni paa Skulen fraa dei ero 5-13 Aar.
           
Men i denne Umskaping, denne Yvergliding av Skulen fraa Kyrkja til Stat hava me ein Merkestein i Fredrik II, den store, i Preussen.
           
Var enn Fredrik Vilhelm I Upphavsmann til Folkeskuleverket i det preussiske Kongerike, so var det lika vel Fredrik II, som andade Liv i det, hans Fader hadde fenget i Stand, og lagde so myket nytt til, so han i so Maate vert standande Sida um Sida med Fader sin. Til Fredrik den store er serlege aa føra attende Synet paa Folkeskulen som ei Statssak, medan den i sitt Upphav var av rein kyrkjeleg Natur. Og fraa denne Synsmaaten er det, at dei seinare Etterlikningar av det preussiske Skulestell i dei fleste Land paa Jordi plagade ganga ut som nokot sjølvsagt. At Protestantarne viljuge fann seg i denne store Yvergonga fraa den eine Grunntanken til den andre, fraa Kyrkja til Stat - det heng endefram ihop med den Maaten, som dei tvo etter Reformationen var slegne saman paa til ein kristeleg Stat, Statskyrkja. Styremagti i Staten maatte under det vera kristeleg, ja ho var med det same Styre- magt i Kyrkja. Soleides kunde dei lata den borgarlege Styremagt stella Skulen.                                   
 
( Meir.)