Leiv Dali

[Del 1 av 3]
 
(Av Hermod Hejmdal.)
 
 
Far hans heitte Gunnar, Moderi Aase. Dei aatte Dali, som var ein liten lettvindt Gard. Dei hadde kje fleire Born enn Leiv og livde godt. Rikdom var det ikkje i Huset; men Buret var aldri tomt for Mat. Aase kunnad setja fram baade Ost og Kling, naar det kom Gjester til Gards. Og dette hende kje so sjeldan. Dei var nyttuge baade tvo og tok aldri Tenestfolk, naar dei kunnad greida Gardsstellet sjølve. Og dette kunnad dei, so sannt dei var friske. Dei hadde kje eingong Barnegjøle. Vesle Leiv laag paa Ryggen av Mor si, naar ho var med Mannen sin paa Slaatteteigen elder gjorde annat Utarbeid. Daa han vart lite større, sat han for seg sjølv og stellte med Leikurne sine. Og han var kje gamal Karen vorten, fyrr han fibba og gjekk. Han fylgde daa mest med Mor si; for ho var den snillaste til aa gjeva honom god Mat, totte han. Og so fortalde ho so mange rare Eventyr. Og dette totte Leiv var det trøysamaste av alt. Til meir Aase fortalde, til meir vilde Guten høyra. Ho fortalde daa alle dei Eventyr, ho kunnad. Og daa ho inkje kunnad fleire, so fortalde ho dei gamle uppatter og uppatter, so Leiv sistpaa kunnad dei utanaat. Men ein Dag dei var paa Aakren og grov Jordeple, spurde han, um ho kunnad kje fortelja eit, som han ikkje hadde høyrt fyrr. Nei det kunnad ho kje. Jau du kann, Mor, sagde Guten. Nei, svarad ho. Han vart misshuga med det same. Ho byrjad daa aa fortelja nokot um Oskefis. Men daa sagde Leiv: Nei ikkje detta, Mor! Detta kann eg! Men Aase kunnad kje fleire, og so byrjad Guten aa graata. Kannskje Far din kann eit, sagde ho. Leiv staggad Graaten med eingong og sprang til Far sin. Men Gunnar kunnad kje fleire han helder. Og so tok Leiv til aa graata att.
           
Veit du kje nokot i Snorre, som kann høva, sagde Aase. Gunnar tenkte seg lite um. Jau Leiv eg skal fortelja deg nokot, som du ikkje hev høyrt fyrr, sagde han. Leiv spratt upp og sette seg framfor Far sin. Gunnar fortalde daa um Heilag-Olav og dei tri Halvbrøderne hans. Og so koss den vesle Harald, som ynskte seg so mange Hermenn, sidan vart ein stor namngjeten Konge. Augo paa Guten lyste, daa Soga var tilendes. Aa fortel eit til Eventyr, Far, bad han. Ja dette var kje nokot Eventyr; det var ei sann Segn fraa gamal Tid her i Norig, svarad Gunnar. Hev Harald voret Konge daa? spurde Guten. Ja daa, men det er længi sidan. - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
           
Kann du fleire slike Sannsegner daa, Far? Ja det kunnad Gunnar; han kunnad meir utanaat av Snorre enn or Bibelboki. Og so fortalde han Segn paa Segn for Guten, som ofte sat og lydde, til han sovnad.
                       
* * *
 
Ein Dag var Leiv med Mor si burt til Stordali. Der hadde han ikkje voret fyrr og visste kje nokot um Vesle- Signe, Dotter hans Olav. Men denne Dagen vart han vel kjend med henne. Ho fylgde honom ikring i alle Romi og synte honom mykje, som han aldri hadde set fyrr. Alt var so staut og gjildt paa Stordali, totte Leiv. Men best lika han Signe. Daa dei kom paa Heimvegen, sagde han til Mor si: Veit du, kva eg tenkte paa istad, daa eg var saman med Signe, Mor? Nei, svarad Aase og saag paa Guten. Eg tenkte, at ho var Prinsessa, som sat i Bergi, og at eg var Prinsen, som bergjad henne, sagde Leiv med barnslegt Aalvor. Aase stanad. Nei slikt nokot maa du aldri tenkja paa meir, Guten min, sagde ho. Kvidaa, Mor? No lyt me svindta oss; for Far sit og ventar, sagde Moderi og gjekk so fort, at Leiv hadde nokk med aa fylgja. Han laut taka tri Steg, med Moderi tok eit.
           
Det gjekk med Gunnar plent som med Aase. Han fortalde alle dei Segner han kunnad, til Guten hadde lært dei utanaat og so bad um aa faa ei ny. Nei eg kann kje fleire, sagde Faderen; men no maa du læra deg til aa lesa, so skal du faa ei Bok av meg, som det stend i alt det eg hev fortalt deg og mykje meir og. Ja det vilde Leiv.
           
Andre Dagen maatte Gunnar til Landhandlaren aa kaupa Bok. Og so byrjad Leiv til aa lesa, endaa han var berre seks Aar gamal.
           
* * *
           
So glad som den Dagen, han slapp for Presten, hadde Leiv aldri voret, totte han. Han var so leid Spursmaalboki, at han totte ho luktad. Og det fyrste han gjorde, daa han kom heim fraa Kyrkja, var aa slaa Parafin i henne og tenna Eld. Dette gjorde han, so ingen saag det. Men sidan fortalde han det ofte. I Skulen hadde kje hell Leiv lika seg dei siste tvo Aari. Han hadde daa ein ny Lærar, og denne lærde ifraa seg paa ein heilt annan Maate enn den fyriare. Leiv hadde fyrr sluppet av med aa bruka eigne Svar; men det var kje godt nok no lenger. Kom han kje plent med dei same Ordi, som stod i Boki, so fekk han Leksa umatter. For Bibelsoga hadde Leiv stødt fenget blank 1; men no fekk han 4. Dette totte dei andre Skuleborni var rart, og so kallad dei Leiv Figur fire. Men det brydde han seg kje stort um; Firtalet i Boki var verre; for han visste, at han kunnad meir av Bibelsoga enn nokon av sine Jamlikar. Han hadde ei einaste Trøyst; Signe Stordali fekk eit Firtal likeins. Ho hadde og lært Bibelsoga paa same Maaten som Leiv. Og hjaa Læraren var det kje Mannemon. Det hjelpte kje nokot aa vera Dotter av Bygdekongen Olav Stordali.
           
Men Kveldskulen likad Leiv. Det var nokot annat det. Han skulde med Retten ikkje vera paa denne Skulen, som berre var laga aat den vaksne Ungdomen; men Leiv gjekk der likevel. Og det, som drog mest, var Bjørnsons Forteljingar. Leiv maatte ofta gaa ut, naar Læraren las. Graaten tok honom, og det var so leidt, um nokon saag det. Men stundom var det so løglegt og, at dei skrattad allesaman. Og Leiv skrattad med, so Taarerne draup. Men Mishugen tok honom kvar Kveld Læraren sluttad. Han ynskte med seg sjølv, at det maatte vara lenger, og um Natti fekk han kje sova. Han laag og tenkte paa Synnøve Solbakken, paa Arne Kampen og Øyvind Pladsen. Stundom reis han uppatter og gjekk att og fram etter Golvet. Og betre vart det kje sidan, daa han fekk laana Bøker av Læraren. Han las seg i Svevn mest kvar Kveld. Og so drøymde han um Natti. Arne likad han best; han var so kjensklege, totte han. Og Visa hans lærde han utanaat. Tonen hadde han lært paa Kveldskulen. Torgrim las han berre ein Gong; men daa gret han ei lang Stund etter. Daa Leiv slapp for Presten, kunnad han betre Forteljingarne hans Bjørnson og slike Bøker enn Spursmaalsboki.                                              
( Meir.)