Riksraadsandsvar og Riksretten.

[Del 2 av 4. Første delen]
 
III.
           
Soleids som Riksraadsandsvaret her er sett fram, taka dei det i alle til Røyndar frie Rike. Eit berre juridiskt Riksraadsandsvar er reint ukjennt i alle frie Riksskipnadar. Det kann ikkje vera annarleids. Riksraadsandsvaret er Kjernepunktet i det konstitusjonelle Systems Framvokster. Dette Andsvaret er den fyrste store, avgjerande Skilnad millom dei monarkiske Riksskipnadar og Eineveldet. Tek du dette burt fraa Grunnlogi vaar, gjer du det um til berre juridiskt, daa vert Noregs Riksskipnad til Røyndar berre ei Avændring av Einevaldsmagti.
           
Men trur du likavel, at Eidsvollsmennerne tok Riksraadsandsvaret so trongt, som Høgrebladi no tykkjast gjera? Trur du, at Federne vaare, daa dei skulde leggja Grunnen til ein fri Riksskipnad, byrjad Verket sitt med aa brjota av ein av Fridomens Livsbroddar? Var det so, daa hadde dei gjort eit fælt politisk Mistak, som maatte draga aalvorlege Skakingar etter seg. For hadde me ikkje Riksraadsandsvaret, so maatte det skapast, det laut kosta det, det vilde.
           
Alle sanne Fedralandsvener maatte semjast um det fyre Fridomens og Kongedømet si Skuld. Men Eidsvollsmennerne var ikkje so laake Karar. Naar § 5 i Grunnlogi segjer, at Andsvaret ligg paa Kongens Raad, so er det Meiningi, at ein norsk Riksstyrar heve det same Andsvaret som ein svensk, ein belgisk elder ein engelsk. § 30 segjer ogso endeframt, at ein Riksstyrar er andsvarleg ikkje berre fyre dei Avgjerder, som strida mot Riksens Log, men ogso fyre deim, som er øiensynligen skadelige for Riget. Vaar konstitusjonelle Soga syner ogso dette. Riksstyrar Løvenskjold raadde til aa løysa upp Stortinget. Juridisk var Gjerdi heilt logleg; men Riksretten dømde honom. Hans Vangjerd var politisk. Vil no Fædrl. kalla Løvenskjold ein Forbryder. Tru ikkje Fædrl. vil segja, at det var ein heiderleg Mann, som Riksretten daa dømde. Men segja dei det, so faa dei og lata vera aa tala um, at hæderlige Mænd dømmes som Forbrydere. Iminsto faar dei setja til, at det her ikkje er Tale um Forbrydelser i aalmenn Meining. Federne vaare tenkte klaarare um dette enn Høgre no.
           
Med Vilje heve eg talat so længe um Riksraadsandsvaret; for det er Kjerna i Dagsens politiske Strid. Ein kann aldri halda dette sterkt nog fram. Taka dei dette galet, so vert Domen um heile vaar politiske Strid skakk. Det er i Røyndi sjølve dette Andsvaret, som Striden sviv um. Det spyrst, um me hava Riksraadsandsvar i dette Ords fulle Meining. Ein skulde trutt, at alle var samde um det, og at Høgre hadde sagt: Me er einige heilt ut i, at Riksstyringi hjaa oss heve det same Andsvaret som i andre frie Riker. Me paastaar berre, at Styringi i denne Striden heve Retten paa si Sida, og at det difyre er urettferdugt aa setja henne under Riksrett. Det hadde fraa Høgre voret ei greid Tala. Men dei forsvara ikkje berre Politikken aat Styringi, dei søkja ogso aa trengja inn Riksraadsandsvaret til berre aa gjelda endeframe Logbrot. Fædrl. er i so Maate ei talande Døme. Det heve sterkt lastat Bruket av Vetoet i Riksraadssaki, men nokot Andsvar fyre det vil Bladet aldri høyra um. Men kor vert daa Riksraadsandsvaret av? Paa dette Punkt i Høgres Politikk kann det frilynde Fleirtalet aldri gjeva stor nog Gaum; for her standa me ved ei Hovudsak. Veikja og gløyma dei Riksraadsandsvaret, so heve Norigs Folkefridom mist ein av sine Hyrnesteinar. Soleids som Høgre heve valt aa standa til dette Andsvar, kann det aldri venta annat enn aa verta umrødd som eit alt annat enn frilyndt Parti.
           
                         
IV.
           
Aa hevda Riksraadsandsvaret er Stortingets Skylda. Det skal granska alle Protokollar og Reikneskap som Styringi fører, og kontrollera Styringi. Odelstinget kann decidera til Andsvar fyre uretteleg utbitalade Pengar, Stortinget kann fegja fram Misstillit til Styringi og Politikken hennar, og Odelstinget kann etter § 30 saka Styringi fyre Riksretten.
           
I andre konstitusjonelle Rike er det Skikken, at Riksstyringi strakst gjeng av, naar Stortinget ikkje likar Politikken hennar. So strengt taka dei Riksraadsandsvaret der. Røynsla heve lært, at det i Lengdi er umogelegt, at den loggjevande og utøvande Magti fører Politikken kvar paa si Leid.
           
Det kjem ogso her hjaa oss den Dagen, daa Stortingsvali i det heile og store vilja avgjera, kvat Politikk Landet skal styrast etter. Det kjem den Dagen, daa Folket vert politisk myndigt.
           
Naar det ikkje alt heve vortet so, daa er det Høgres Skuld. Det heve gjort alt til aa hindra denne Skikken, det heve lært, at Riksstyringi hjaa oss er liksom eit Overhus, at ho skal vera Statsskibets Ballast, at ho skal repræsentera Mindretalet og meir av same Slag. Derved heve det skapat ei politisk Stilling, som det er vandt aa finna Maken til. Og det heve Høgre gjort paa Grunnlag av ei Sak, som Riksstyringi i mange Aar hadde paa sitt Program, og som det aldri skulde voret reist nokon Strid um. Men kann Stortinget difyre sleppa Kravet paa fullt Riksraadsandsvar? Ingen hadde ynskt, at Riksretten skulde koma attende. Det hadde voret ei Lukka, um me kunde sloppet denne utveg. Det hadde me og, dersom dei hadde tekjet imot Vinstres rimelege Kompromissforslag. Naar det so ikkje var Tale um Forlik, og Fleirtalet i Stortinget hadde den faste Meiningi, at Grunnlogi vaar ikkje kjenner nokot absolut Veto, at dette Veto iminsto er alt annat enn hævet over Tvivl, at dette Veto, um det so med klaare Ord stod skrivet i Grunnlogi, var brukat i Utidom og til Skade fyre Landet, og at det er imot Grunnlogi, at ei Stortingsavgjerd bytest sund soleids, at ein Deil vert godkjend, ein annan ikkje, daa var det berre dette Valet: setja Riksrett elder sleppa Riksraadsandssvaret. Ingen kann daa undrast paa, at Riksretten vart vald.
 
[ Meir]