Smaaminningar fraa Gimlemoen.

[Del 1 av 2]
 
(Kj.)
 
(Framhald.)
 
I Kvildetiderne gjekk me og dreiv att og fram utan Hug til nokon Verdsens Ting. So underleg hev eg aldri fyrr kjennt: Eg vart so dorsk og doven og uskjikka til allslags andeleg Verksemd, at eg snaudt iddest til som fortast aa lesa igjenom Bladi mine og skriva det saarleg naudtrengde. Det var Tankjen min aa hava skjeldra fraa Moen, men eg kjende meg fyr uskjikka, so eg heldt upp, og naar eg no tenkjer attende, kann eg ikkje rett koma ihug det, eg daa tenkte aa koma fram med. Det var ogso so rart, daa me kjende oss frie, og daa me maatte reisa heim, var det som det gamle var kvorvet burt og eit nytt Liv med nye Tankar og Hugmaal komi istaden. Var det berre fyr mi eigi Skuld var det kje Brye vert aa hava sagt eit Ord um, korleids me lika oss, men etter mange gilde Kamratars Raad er det, eg ogso prøvar paa aa venda Folks Tankar meir paa den Sakje, som ligg som ei Mare yver Lande og kjøver og syg ut so mykje Merg. Det var oss ufatteleg, korleids Militærstellet kunde haldast vedlike soleids Aar ut og Aar inn, naar Folkje sjølv, som raar i Norig, visste, kva Plaage det var fyr Land og Folk. Men dei vita det ikkje, men trur, det hev vorte so mykje betre med det, og at det jamvel i sumt kann vera til Gagn fyr Bondeungdomen.
           
Nei til borgarleg og moralsk Ruin er det, og Eksismoarne er ikkje so syrgjeleg ordgjetne utyver Verdi, som dei er, fyr ingjen Ting. Kvar Kvell, naar Vere var feelegt, kom store Svermar, heile Tyltir, med Kvendi upp paa Moen og gjekk slaang millom Sylldatarne. Alle vita, kva dessa reiste etter, og ha dei kje gjort Forretningar, ha dei kje so trugje kunna haldet seg der kvar Kvell i Skumringji. Aa ja, men der hell seg daa ingjen med dei, tenkjer mange. Veit ikkje eg. Men eg saag daa tidt, at Gutarne gjekk Sida um Sida med deim, rødande og lægjande. Og slik Sellskap kann væl verka baade so og so. All Rotaskap liksom samlar seg paa Moen. Der som Friheti ligg under kjem den fram. Der er Tvang, men Frihet fyr Raaskapen: Drykk, Kvendestell, Kortspil, Slagsmaal, Trættur, Tjoveri, Dansing, lidderlege Visur og Ulæte høyrer til det daglege. Mange hev ogso ei Kjensla av, at dei her ganga yver Rike og segja: Korleids kunna me fara soleids fram heime? men her gjev dei seg reint i Uvyrda.
           
Sundagarne Ettermiddag samlast nokle faa burt i Furulunden til Bøn, Salmesong og gudeleg Tale, men paa sama Tid gjeng Dansingji vill og hissug ned paa Flatmoen med desse gjilde Kvende, eg nemnde, og medan Songjen lyder aalvorleg og gripande i den lette Lufti, høyrest vill Laatt, stygge Talemaatar, lidderlege Visur fraa den store Mugjen. Du ser det aldri so væl som naar du er eit Stykkje ifraa. Naar det skal vera rektig gjildt, er ein fri til Klokka 11 hell ½ 12 um Kvellen, d. v. s., ein hev Lov til vera uppe og halda Leven til den Tid. Daa er sometider jamvæl Ofiserarne ned paa Moen. Det er ei syrgjeleg Vrengjing av Fritidi. Aa sjaa Folkemugjen dansa og kru kring Vagtelden, dei mange Karar og Kvende ganga ieiandes tilskogs og Elden kasta sin Logje og Røyk mot Himmelen det minner ein um Høve i amerikanske Indianerforteljingar.
           
Den gamle Sjersanten vaar kunde leggja det ut han: Her lærer di aa staa, her lærer di aa gaa, her lærer di aa helse, her lærer di aa tale, her lærer di aa tie aa her lærer di aa lye. Paa Moen legg dei an paa aa dressera, og hvor trives noget godt og stort og skjønt i Tvang? Dei, som ikkje hev vore paa Moen, skjilja seg aldri Dusti ut fraa deim, som hava vore der, som mindre dana. Men Lydighet fær dei læra der. Tru det trengs? Er ikkje Normannen likso god no som i gamle Dagar, daa det het: Villigen lyder han selvgivne Love, trofast mot Konge og Fædreneland? Aa jau. Me tarv ikkje drivast paa Moen fyr aa læra lyda Loven og vaare Fyresette. Det er ei Vrengjing av Lydugheti, naar ein skal kommanderast hell trugast til kvar mindste Grandet.                        
 
( Meir.)