Tidender.

Kristiania, den 24de November.
 
Motlegget hans R. var plent slik som eg hadde venta det. Det er so kjenskleg dette: Nei lat oss inkje vera for braae. Og eg skal difor vera stutt, svara berre paa ein Ting. Maalet er forlite utvikla, det kann kje brukast enno. Det er saart aa sjaa ein Maalmann byrja aa jorta paa ein Bite, som vaare Motmenn mumlad paa so lengi, men som dei for ei Stund sidan hev lotet spytt utatter. Maalet hev no fenget sjølve Kongjens Stempel paa, at det er godt nok i Bibelboki, og daa trur eg, det greider seg til det andre med. Og skal me venta med aa faa Maalet til aalment Skriftspraak, til alle Maalmennerne vert samde um e i Maalform, so fær me nok venta til Dagjen fyre Domedagen. Og visste eg, at alle Maalmenn hadde same Meiningi som Hr. R., so skulde dette vera det siste Ordet, eg skreiv paa Norsk.
                                   
Hermod Hejmdal.
 
 
Fraa Bjørnson kann med det fyrste ventast ei ny Bok. Det er ei Forteljing: Det flager i Byen og paa Havnen. Den kjem i Januarheftet av Nyt Tidsskrift.
 
           
Moderne Damer av John Paulsen er no aa faa i Bokbuderne.