Um Maalarbeidet vaart.

Eg ser ikkje med so sure Augo paa Politikken i seg sjølv, Hermod Hejmdal! Det er det Mishøve, Maalsaki stend i til den politiske Rørsla, som eg ikkje likar. Ute millom Folket vert Maalsaki støytt til Sides fyre Politikken, i Staden fyre ho skulde fylgja med honom. Um Maalsaki er politisk i sjølve seg, skal eg ikkje svara paa; at ho maa verta det i Arbeidsmaaten no, det er vist. Eg trur no det, at Maalsaki ikkje er i Samband med denne politiske Røra, som no stend paa, og at denne upprivande Striden kunde tyna Maalsaki, er ikkje umogelegt, dersom det skulde standa lenge slikt, og Maalmennerne ikkje var vakne og sterkare enn dei er. Eg heve set, at mange idige Politikkarar av Vinstre ikkje hava nokon Hug til Maalsaki, og at Menn, som fyrr arbeidde fyre Maalsaki, no berre driva Politikk. Eg tek vist ikkje i Mist, naar eg segjer, at Politikken heve givet Framvokstren paa mest alle Leider eit Svimeslag.
           
Eg vilde i fyrre Stykkjet peika paa Faaren ved aa verta for einsideleg politisk. Det kom nog ikkje klaartfram. Naar Politikken spenner og spanar kvar Evne, som Folket eiger, naar denne Spaningi varar Aar etter Aar, og det ikkje ser ut til aa linnast paa langsamleg Tid, ja daa meiner eg, det er Faare fyre, at Folket kann trøytna av, og naar so Løysingi eingong kjem, kann det turva Kvila. Det kann koma eit Atterslag, ei Domning paa Folket, so det ikkje magtar aa gjenomføra fleire Saker paa eit Bil. Riksstyringi heve ogso fenget Riksrett paa seg, avdi ho heve stengt den naturlege Framvostren og reist ein kvass og upprivande Strid, som Folket øyder si Kraft og sitt Arbeid paa. Eg meiner Maalsaki kunde voret eit Stykkje lenger framme, dersom ikkje denne Spaningi hadde voret.
           
So er det, at Politikken strøymer ut millom Folk i danske Blad og Bøker. Politisk Lesing aukar fælt paa fyre kvart Aaret. Fedraheimen heve korkje med Tingartal eller Storleike naatt so langt, at han kann kappast med dei hine Bladi. Ein Maalmann maa skyna, at all denne Lesingi og Ordskiftingi i Huslyden, millom Grannar og paa Folkemøte tyner Bondens Maalsans og skjemmer ut det livande Bondemaalet, som er det fyrste og fremste Vilkoret fyre Maalsaki. Trur ikkje Hermod Hejmdal, at Maalsaki vilde voret lenger framme, dersom Riksstyringi ikkje hadde reist denne Striden ved aa segja Nei til Riksraadssaki?
           
Ein kann her spyrja, kvat det batar aa sjaa paa dette, som ikkje kann verta onnorleids. Denne Politikken maa til, kor som er. Men um ikkje Politikken kann verta onnorleids, so kann Maalsaki verta det. Ho fær bøygja seg etter Tidi, ho liver i. Eg trur, at denne politiske Vekkjingi kunde koma til berre aa bata Maalsaki, dersom Maalmennerne nøyta Tidi. Det er vist nett ei slik Vekkjing, Maalmennerne hava ventat paa lenge og fyrebutt seg til. Men dersom Tidi skal verta nøytt som best, maa den nasjonale Vekkjingi fylgja i Kjølfaret til den politiske. Likasom det er arbeidt upp ei fast Folkemeining i Politikken, maa det verta ei fast Folkemeining i Maalsaki.
           
Til det Fyremaalet er det, me vilja auka Lesekrinsen aat Fedraheimen.
           
Til det same Fyremaalet var det, eg rødde um Maalsamlag.
           
Hermod Hejmdal segjer, at Maalsaki er godkjend baade av Folket og dess Autoritetar. I Namnet ja, men den Godkjenningi kunna me ikkje roa oss med. Han meiner Maaltankarne er kjende millom Folk, so det ikkje trengst Maalsamlag. I Namnet er Maalsaki vida kjend, og Folk, som hava set inn um Permarne paa ei norsk Bok, skrika ende yver seg, naar dei høyra Tale um aa faa det Maalet paa Skule og i Kyrkja. Gamal Sed er sein og snu.
           
Andre kunna segja, at dei ikkje hava nokot imot Saki o. s. br. Men det er eit stort Byks ifraa det aa kjenna Namnet elder ikkje hava nokot imotSaki til det aa kjenna Trongen til vaart eiget Maal og arbeidatil aa faa det fram i det røynelege Livet. Me kunna ikkje enno gjera Reikning paa, at Allmannen er med i Arbeidet. Mange hava ogso den range Meiningi, at Maalet gjer seg sjølv, ein tarv ikkje stræva med det. Eg meiner, Maalsamlag i mange Bygder kunde vera paa rette Staden, naar dei hadde til Fyremaal aa faa Maalbøker og Maalblad ut millom Folk (Lesesamlag) og faa Fyredrag elder Ordskifte haldne um Norsk elder paa Norsk og i det heile hjelpa Folk til aa faa Tak paa Maaltankarne og Maalet sjølv. Dei skulde og faa Saki fram paa Folkemøte og slikt. (Det er daa ikkje nokot Hinder fyre, at Maalsamlagi kunde hava andre Fyremaal ved Sida af Maalsaki). Lagde ein nokot Stræv til, vart ikkje Arbeidet faafengt. For Maalkjærleiken ligg duld i Naturi aat Bonden, det gjeld berre aa lokka honom fram.
           
Det er hellest ikkje so rart, at Hermod Hejmdal tykkjest vera so nøgd med Stillingi, som ho er. For i Telamork er vist Maalsaki mykjet lenger framme enn paa dei fleste andre Stader. Telarne er ogso, sovidt eg veit, dei einaste, som hava tekjet Maalsaki upp paa Programmet fyre Vinstresamlaget.
           
Eit Samlag av Bondestudentar kunde sagte faa nokot aa gjera. Dei kunde temja seg upp i aa skriva og tala godt Landsmaal. Dei kunde freista aa halda Fyredrag yver Landsmaalet, og ymse andre Emne, orskiftast um eit og annat og med di kveikja Eldhug fyre Saki vaar millom Studentom og upplære deim til aa kunna bera henne med Dugleike og Heilskap, naar dei koma ut millom Folket. Det maatte vera huglegt fyre Bondeguten aa koma i slik heimslegt Lag. Det vøre som ein norsk Huslyd midt i den store dansktalande Hovudstaden, som hellest so gjerna vil tyna Maalet i Munnen paa Bønderne og hava Sønerne deires i si Støypeskeid. Alle Samlag hava den Uppgaava aa samla dei Smaa til ei Magt. Til eit stort Hus vil det mange Steinar, og Muraren heve likaso god Bruk fyre dei smaa som store.
           
Mindre Øsing og Sjoding i Politikken millom Folk, meir Utgreiding, Aalvora og Arbeid fyre gagnlege Fyremaal, so Landet ikkje skal lida meir av Selmerpolitikken enn plent naudsynlegt. Det maa koma Jamnvigt millom Politikken og Maalsaki, eit samsvarande Arbeid i alle Stemnor, det tryggjer ein god og sann Framvokster. Me maa faa Sanning og Jamning i Maalarbeidet, so me kunna nøyta alle Krafter. Det er mange, me maa faa med oss. Eg meiner, det høver no meir enn nokon Gong, det, han kved, han Reitan:
 
            Skal so Norig standa enn,
            Daa lyt fram fyr Staalet
            Noregs Kvinnor, Born og Menn
            Leggja Hug til Maalet.
            Tynast Tunga, døy me fleir,
            Standa aldri uppatt meir.
 
 
Maalsaki krev av kvar Maalmann, at han fær ut Fedraheimen og gode Maalbøker millom Folket i si Grend, og at han fær Maalsaki fram paa Folkemøte og i den aalmenne Diskussjonen, so ho kann faa ei fast Folkemeining aa stydja seg til.              
 
S.