Vore Bedsteforældre.

Optegnelser om Tilstandene i Danmark og Norge fra Samlede og udgivne af Kristoffer Janson. 1882.
           
Eg kann ikkje minnast, at denne Boki hev voret umnemnd i Fedraheimen. Kannhenda hev det gjenget andre som meg, at daa eg høyrde, det var utkomet ei Bok paa Dansk av den gode gamle Maalmannen vaar, so var det liksom eg kjende ein Styng i den vinstre Sida, og tenkte som so: Kristoffer Janson kjem oss ikkje lenger ved no. Det var ikkje fritt helder, at eg trudde Janson var mest ferdig no med Bokskriving. Ikkje fyr det, dei siste Bøkerne hans er fullt so gode som dei fyrste og væl so det, men eg kunne aldri tenkja annat, enn at han sjølv totte, han ikkje kunne vera med lenger; at han hadde sett seg i Hovudet, at Maalsaki var komi so langt, at han Bymannen, hadde voret, ikkje dugde lenger til aa vera med Fyregangsmennerne, og at det var mest difyr han for radt fraa oss til Amerika. At Janson fyr Aalvor skulde gjeva seg til aa skriva paa Dansk, hadde eg vondt fyr aa tru.
           
Men her ein Dagen fekk eg sjaa denne Boki, Vore Bedsteforældre, og tok radt til aa lesa, og det maa eg segja, eg var ikkje langt inn i Boki komen, fyrr eg skynad, at Janson hev mykje ugjort endaa, anten han vil skriva paa Norsk elder Dansk. I Fortala fortel han, kvifyr denne Boki er paa Dansk: Det vilde jo unægtelig være komisk at lade Claus Fasting og Biskop Johan Nordal Bruun, Grev Wedel og den danske Kristian Fredrik tale norsk Landsmaal. Det kann so vera. Men her og kvar fær me likevæl eit Stykke norsk Maal; naar Per talar, so er det reint overlag vakkert, og Madam Aven snakkar Bergensk, so ho er reint som ljoslivande.
           
Det er ei merkeleg Tid, som Janson her hev teket seg fyr aa skildra. Nye Tankar kjem inn fraa Utlandet, og det norske Folket fer til aa vakna og tenkja. Øksi ligg alt ved Roti av Byraakratiet og Einveldet, og Hans Nielsen Hauge lyfte Øksi med sterk Hand og slær det fyrste harde Slaget.
           
Janson hev leset mykje og arbeidt lenge, fyrr han kunne skriva slik Bok. Me fær lesa um den sentimentale Romantikken, um Potetprestar, um tvo landlyste Franskmenner, den eine er Legitimist og vil hava Kristendomen til aa aga Herkemugen med, hin er ein av Kongemordararne, som hev setet i Konventet og røystat fyr aa retta Ludvig Capet, og hev mykje meir sann Gudstru enn hin. Den, som ikkje hev Greida paa Rousseau, fær i denne Boki vita ikkje so litet um honom og hans Meiningar. Reint utifraa godt er det, daa Deodata hev leset so lenge i Rousseau, til ho finn paa, at ho vil vera i Lag med Bønderne, som ikkje er utskjemde av Kulturen, og ho so gjeng paa Dansemoro til ein Bondegard og kjem utringad, og so alle Gjenturne dreg seg ifraa, og ho vert standande eismall att paa Golvet. Janson fortel um Lærdølerne, som sende ein Deputation til Kongen i Danmark, og um det som sidan hende med dei. Hans Nielsen Hauge er og framme; han er væl kjend i Fengsli rundt umkring i Landet. Daa det vert Ufred, lyt dei henta han ut or Myrkestova til aa læra dei aa koka Salt av Sjøvatn for det kann ikkje Intelligensen og so inn i Arresten med han att. Slaget 2dre April 1801 og Ufreden i 1808-1809 er og skildrat. Janson fylgjer oss umbord paa Kaperskipi med og paa Fengselskipi i England, der norske Matrosar og Bønder lyt sitja i aarevis og tærast av. Kristian Fredrik og Prinsregenten i England maalar han og av; paa Slutten kjem Hendingarne i 1814.
           
Her er so mykje aa læra av denne Boki, so ein skal leita lenge, fyrr ein finn Maken. Trøysam aa lesa er ho og. Fleire Skildringar er slike, so du kann læ deg ihel av dei, som der Achilles bortfører Iphigenia, og Major von Lütken, ein rein Jakob von Tybo, skal slaast med Theophile. Fleire Skildringar er kvasse og aalvorsame; Janson kann vera so skjerande kvass, so ein skulde tru, det var Aleksander Kielland, ein hadde fyr seg. Han syner, kor jammerleg laustlyndt og usedeleg Kristian Fredrik var. Medan Folket svelter og skrik etter Braud, medan alle Stormagterne slær Klørne i den 1000 Aars Trona hans Harald Haarfagre, so sender den Gapen Kristian Fredrik Trumbeslagarar umkring i Kristiania og kallar Damurne til Kur i Palæet, ikkje berre Embætsmanns-Døttrarne, men de yngste og smukkeste av hine med; dei skal koma i robe de cour, forstend seg, det vil segja mest halvnakne. Det er reint ei Utstilling av Kjøt. Og so leitar daa Kristian Fredrik seg ut ei Frilla av desse, og fær ei Prestedotter, som er upplærd etter dei 54 Reglarne hans Basedov. Etterpaa skildrar han so Prinsregenten i England. Per og Ingeborg lyt dansa fyr han. So kjem det inn franske Damur og Herrar og dansar dei og, og dei krintar seg umkring, Damurne halvnakne, og spenner og sparkar og peikar med Foten mot Sjaustjerna, og Ingeborg skjemmer seg slik, so ho veit ikkje, kor ho skal snu Hovudet.
           
Sidan spurde ho Gunnar:
           
Er alle Konger slige, Gunnar? Er vor slik?
           
Nei, han er ikke saa tyk, svarede Gunnar.