"Bondestudentar".

Eg hev laant burt denne Boki hans Garborg til fleire Byfolk, som ikkje hev leset eit Ord av Landsmaalet fyrr. No, kos likad du henne? Aa den er rent ypperlig. Og so kjem dei daa med det dei likad best. Fabrikken, Russelaget med alle Skaaltalurne og so alle Rabulistarne, som gjeng paa Sultekur her i Kristiania. Men some likad best Skildringi av Daniel Braut, fordi ho er so sann og so fint gjenomtenkt til dei minste Smaating.          
           
Men Spraaket daa?
           
Det var lidt leidt i Førstningen; men sistpaa læste jeg den nesten flydende. Det er igrunden pent dette Landsmaalet.
           
Ja det er nokot kjennsklegt, nokot hjartelegt og inderlegt lokkande i det norske Maalet, som dreg jamvel den kavdanske aat seg, naar han berre vil umaka seg til aa lesa det. Difor vil eg beda alle, som hev Raad til det: Kaup Bondestudentar og laan henne ut imillom Folk. De vil med det gagne Maalsaki meir enn De kjem ihug.
                                                 
r.