Martin Luther.

[Del 4 av 4. Første delen]
 
V.
           
Luther byrjad sitt Reformationsarbeid, daa han 1517 byrjad Krigen mot Avlatshandlen. Fyr honom, som sjølv hadde stridt so lenge, fyrr han fann Kvildi i det, at Gud hadde gjort alt, so Menneskja berre turvte taka imot Ettergjevingi av Synderne, maatte det verta det fælaste av alt fælt, naar Menneskjur meinte, at dei hadde gode Gjerningar, som dei kunde raada yver og selja fyr Pengar. Det var ingen Ting, Luther visste so vel var galet som detta, for det var Sigren han hadde vunnet hjaa seg sjølv, at Menneskja skulde liva av Trui.
           
Me tykkjer, at det maatte vera lett aa skyna, at den Avlatshandlen var nokot galet. Men det var det ikkje, for han høvde so reint godt med alt det andre. Heile Pavelærdomen var lagd paa det, at sume Menneskjur skulde styra og raada, og alle hine maatte sjaa upp til dei og venta Naaden fraa dei. Eit namngjetet Maalarstykke syner oss heile Tankegangen. Det er eit Skip, og det skal vera Kyrkjeskipet. Ut paa det er Paven og heile Presteflokken. Ut i Havet, som gjeng høgt, ligg dei andre Stakkararne, sume sym godt og held seg uppe, men andre vil søkkja. Og ikkje andre kann koma upp aa Skipet enn dei Presteflokken vil kasta ein Togende ut til.
           
Fyre Luther var det vistnog mange, som hadde seet, at det var galet med den Handlen, men det var mest Humanistar, (som tok upp den menneskjelege Upplysning), og dei vilde mange hava Kristendomen burt saman med dette og andre slike Mistak. Dei hadde ikkje vakset fram ved sjølve Kristendomen og fenget Klaarskapen ved honom som Luther hadde det.
           
Det ser so undarlegt ut, at han skulde byrja sitt store Verk med det same, som han hadde byrjat med hjaa seg sjølv. Men detta er ikkje nytt i Soga. Det er mest altid so, at han, som vinn dei store Sigrar yver gamle Mistak, heve maatt byrjat med seg sjølv. Og det er det, som gjer honom til den store Mannen, at hans Liv er Livet aat Tidi.
           
Luther tok Ryggetak med det, som var Grunnen til heile Vilska. Og sidan kom alt det einskilde som av seg sjølv. han vart ført fram fraa Klaarskap til Klaarskap, og med Verket hans vart det sameleis. Fridomstankarne kjem fram den eine etter den andre, til det vert klaart fyr honom, at Menigheiti bør vera Kristi frie Brud. Folketankarne kjem fram og Upplysnings- tankarne med. Alt det store, som her og der hadde voret framme, vert ført imot honom. Det kjem som Bekkjer inn i Tankestraumen hans, fær sin Farge av honom, vert hans Tenar, og fær si Gjerning i Soga under hans Namn. So er heile Reformationen floten ut or ei liti Kjelda, ut or Kvildi i det, at Gud gjer alt, og at alle heve Lov aa koma lika til honom. Men den Kjelda flaut so vida, gjorde si Gjerning, so det dunde men endaa tidare stillt, so det var raadlaust aa sjaa det. Det er detta som er Meiningi, naar ein segjer, at Luther reformera innanifraa, i Mergen av heile Mannslivet, so det skal Tid til, fyrr det kann sprengja seg heilt ut.
           
Ein kann spyrja, kvifyr Luther nettupp skulde verta den store Nybrjotaren, daa so mange andre og tenkte dei einskilde Tankar. Daa var det, fyrdi han var heilvaksnare i dei enn hine, trudde og hadde det som ein Tvang i Sjæli, at han maatte bera fram, det som livde i honom. Han var Hovding og fekk Hovdingkaar av sin Herre. Han var framhugad og trudde paa Framtidi, og han gav sitt Liv til Framtidi i sin Tale og Song. Det er værdt aa leggja Merkje til det Katolikararne sagde um honom: at han gjorde meir med sine Salmar enn sin Tale. Og som Salmarne var borne av den sterke, djupe Trui, so var Talen det og.
           
Og sæl er han, Gudsordet høyrer,
            so vitnad Luther, Herrens Prest,
            naar det til Tru hans Hjarta røyrer!
            Men sælast han, det gjøymer best
            og tek mest kvinneleg i Famn
            Guds Heilagaand i Jesu Namn!