Tidender.

Kristiania, den 15de Desember.
 
Fraa Laardal. (Brev.) Me hadde nyleg Heradsval her. Alle dei valde var støde Vinstremenn so nær som ein, som eg veit kje, kor høyrer heime, daa han skal vera Vinstremann, men var so heppen elder uheppen, at han fekk alle Røysterne av Høgre ved siste Valmannsval. Det vart kje haldet nokot Ordskifte framfyre Valet denne Gongi, daa Vinstre i den seinare Tidi stødt hev sigra. Men dette burde gjerast; Vinstre kann hellest spreida Røysterne, so at det samstellte Høgre fekk fram ein av sine. Slik hadde det nær gjenget no ved Valet paa Formenn; men til all Heppnad hadde Høgremennerne ruslad sin Veg med det same, dei saag at Repræsentantvalet var mislukka for dei. Me Vinstremenn hev dette aa læra av Høgre: aa vera samstellte og so møta fram alle som ein.
 
19/ 11 83.                          H.
 
           
Frankrike. I det franske Tinget hev der voret eit kvast Ordskifte um Tonkinspursmaalet; men dei ventar eit endaa kvassare seinare. Styringi vart lastat for Framferdi si av Sentrum og dei radikale. Um det vert bevilgat dei Pengar, som trengst til for aa tukta Kina, er endaa inkje avgjort; men det er trulegt, at Styringi fær Viljen sin fram, naar det lid paa. Bladi i England vonar, at Frankrike og Kina skal verta samde paa ein mindeleg Maate. Dei segjer, at Kina skal vera viljugt til aa gjeva etter.
           
Den franske Floten hev skotet ned fleire Byar paa Madagaskar.
           
Anarkistarne hev nyleg haldet eit stort Møte. Førararne vart fakkad, og Politiet syrgde for, at det inkje vart haldet for myket Leven.
 
           
I Ægyptener det Røre. Eit Sagn segjer, at det eingong i Tidi skal koma ein stor Profet, som skal samla alle rettruande (Mahomedanarar) til Strid mot alle, som inkje trur paa Læra hans Mahomed. No fyr ei Tid sidan var det i ein av Provinsarne ein Mann, som gav seg ut for aa vera denne siste, store Profeten, og det var mange, som flokkad seg um han. Han og Kameratarne hans vil no jaga alle Europæarar fraa Ægytpen. Til denne Tidi hev deivoret helduge, for dei Krigsfolki, som Styringi hev sendt mot dei, hev vortet slegne. Det verste for Styringi er, at mange av Soldatarne fell fraa og gjeng yver til Profeten.
           
I Aleksandria ligg fleire sjuke av Kolera.
 
           
Irland. Parnell fekk no ein av Dagarne ei Gaava paa 38000 Pund som Løn for, at han hev arbeidt so hugheilt for Irlands Sjølvstøda. Sama Kvelden heldt Venerne hans eit Gjestebod for honom. Parnell heldt daa ein Tale og lastad hardt Styringi. Han meinte, at det vert Irlendingarne, som ved neste Valet kjem til aa avgjera, um Styringi skal verta konservativ elder liberal, og bad Venerne sine aa halda ut i Striden mot England. Gjorde dei det, so skulde nokk Irland med Tidi koma til Retten sin.
 
           
Rusland. Dei segjer, at Keisaren vil skjipa eit Adelsraad; men det skal inkje hava Rett til aa gjeva Lover. Det ser soleids smaatt ut med den russiske Fridomen. Nihilistarne arbeider no som fyrr, og det er jamt Fengslingar.