[Det kann vera slik Slag for Bonden...]

Det kann vera slik Slagfor Bonden, segjer Veto-Kararne, anten Statsraadarne er i Thinget elder ikkje.
           
Jaso. Høyrer ikkje Bonden med til Folket kanskje? Alle veit, at det vil vera gagnlegt for Folket i det heile, at Riksraadarne kjem med i Thinget; skulde det so ikkje vera gagnlegt for Bonden med, - daa visst i det lange Draget?
           
Det vilde nok vera gagnlegt paa fleire Maatar for Bonden og den aalmenne Mann.
           
Tingen er, at kom Riksraadarne inn i Folkeforsamlingi, so vilde me etterkvart faa ein betre Embættsstand.
           
Det er underlegt med slikt; det eine dreg det andre etter seg.
           
Den, som daa skulde vera Riksraad, han maatte duga til meir enn til aa sitja i eit Kontor og skriva Namnet sitt. Den som daa skulde vera Riksraad, han maatte setja seg inn i sine Ting, so han kunde føra dei fram og forsvara dei i Thinget; han maatte vera ein Mann med godt Vit og godt Kjennskap til alt, som høyrde med til hans Styregrein; han maatte med eit Ord vera ein dugleg praktisk Mann, ikkje berre ein Kontorjurist.
           
Men dermed vilde alle unge Embættsmenn vita, at dei ogmaatte leggja seg etter aa verta duglege og praktiske Folk, dersom dei skulde kunna gjera Rett for seg, og dersom dei vilde koma fram i Verdi. Livet avlar fram det, som der er Bruk for; daa vilde det spyrjast mest etter Dugleik og praktisk Kunnskap, og so vilde alle leggja seg etter den, fordi alle altid vil arbeida seg so langt upp og fram i Livet, som det er Raad til.
           
Og so vilde det koma ein annan Synsmaate inn i Embættsstandet. Istadenfor at dei no trur, at dei stend som Herrar yver Folket, og at dei kann gjera kva dei vil, berre dei ikkje forbryt seg mot Lovens Ord, so dei kan takast for det, - so vilde det daa koma inn i dei ein Tanke um, at dei i rette Røyndi er Landets og Folkets
           
Tenarar, so at dei ikkje hev større Rett elder er gildare Folk dei enn kvar annan Mann, som gjer sin Skyldnad i denne Verdi. Denne Tanken vilde faa Magt i Embættsmennerne, naar dei vart vane med aa sjaa, at Riksraadarne, dei høgste Embættsherrarne, kvar Dag og Stund maatte staa Folkerepræsentasjonen til Andsvar for sitt Styr og Stell; det vilde læra dei paa ein praktisk Maate, kven det er, som er Herre i Landet. Og so vilde Embættsmennerne meir og meir verta som andre Folk.
           
Du veit, dette vilde ikkje gaa for seg paa ein Dag. Men det vilde draga etter nokot med kvart, jamna seg til Aar for Aar, tildess me hadde eit nytt Embættsstand, som ikkje stod Folket imot, men sette si Ære i aa høyra Folket til og hjelpa det fram.
           
- Og so snakkar Veto-Kararne um, at Statsraadssaki ikkje vedkjem Folket! -
           
Tingen er væl den, at dei forstend, at den Saki vil drepa Embættsveldet i Landet, - og diforstend dei den so hardt imot. Dei vil ikkje hava slikt eit nytt Embættsstand; dei vil hava det gamle, dei vilvera Herrar. Difor vil Riksraadarne ikkje inn i Thinget og svara der for sine Gjerningar og sitt Styre, - iallfall ikkje utan dei fær Garantier, som paa andre Maatar kann hjelpa dei til aa halda Byraakratiet uppe. Dei strider for Livet.
           
Men det gamle og utslitne, det som ikkje lenger høver, og som altso gjer Livet sjukt, - det maa døy; der er ikkje Raad med det.