Ville Draumar.

Høgre ser seg ingen lovleg Utveg no lenger. Dei skynar, at dei inkje fær innbilla Folk, at det, som dei forsvarar Vetopolitikken sin med, er Grunnar, som hev nokot med Grunnloven og det norske Folks Tarv aa gjera, difor tek dei so smaatt til aa tenkja paa Statskupet att. Ein Kristianiabrevskrivar til Göteb. Handelstid. fortel, at han hev rødt med ein framifraa Vinstremann, som let Ord falla um, at ein Høgreklikk her i Landet endaa tenkjer paa aa faa fram sitt. Men Vegen dei er tenkt aa ganga, er mindre fager. Dei vil, at Kongen etter Samraad med Stormagterne og med Løyve av Riksdagen i Sverige i næste Trontalen sin skal beda Tinget gjera eit av tvo. Anten skal det gjeva etter, elder skal det ganga inn paa, at her vert skjipa ei ny lovgjevande Forsamling til aa skjippla um Grunnloven 1) . Vil inkje Tinget ganga inn paa anten det eine elder det andre av desse Vilkori, so skal Kongen truga med aa leggja ned Kruna.
           
Ein Høgremann, som skal vera betre kjend paa visse Stadar enn Folk flest, sagde til Brevskrivaren, at han tykte, det var best aa greida Saki paa den Maaten. Daa Brevskrivaren sagde, at baade Norge og Sverige heldt paa Foreiningi, og at Svenskarne inkje vilde gjeva seg av med slike Æventyr, svarad Høgremannen, at det inkje var naudturvelegt aa koma med det paa ein sovoren Maate, at alle skynad det. Ellest trudde han og, so vert det ingenting av.
           
Det høyrest utrulegt; men likevel er der Folk, som trur, at some Høgremenn tenkjer paa ein slik Utveg. Høgre trur vel, at det norske Folk skal elska meir Unionen enn Fridomen; men me vonar, at Tidi vil visa, at Høgre i dette, som i so mangt annat hev forreknat seg. Norge hev valt i Fridomen i verre Tider, enn me no liver i. Ellest hev me inkje nokot imot, at Kongen legg ned Kruna. Det norske Folk er er so vidt myndugt no, at det kann velja Embetsmennerne sine like til øvste Toppen.
           
Naar ingen vil vera Konge for oss lenger, so tek me Republikken.
           
Ellest so hev me no høgare Tankar um Kongen, enn det ser ut til, at mange Høgremenn hev. Me trur inkje, han er slik ein Furtepose, at han vil leggja ned Kruna si for det, at Folket inkje vil gjeva honom eit Veto, som han inkje hev nokon Rett til. Det vilde minna um Ungen, som trugad med aa svelta seg, dersom han inkje fekk raada seg som han vilde.
 
 
1)