Fraa Skulesoga.

 
(Ved Matias Skard.)
 
(Del 1 av 7 1884. Framhald frå 1883
 
VIII.
             
Kjære Ven.
           
Enno er der eit, som maa nemnast, naar Talen er um Utviklingi av Folkeskulen. Det er Utdaningi av Lærarar, Seminarstellet. For djupare set so kviler heile Skulen i sin inste Grunn paa Læraren. Ein kann ved Lov og Reglar byggja ein Skule, som ruver stort. Men utan ein Lærar, som elskar og skynar seg paa si Gjerning, vert det lika fullt aldri ein god Skule. Difyre er Lærarutdaningi ei stor Sak i Utviklingi av Skulen.
           
Amos Komenius lagde, som eg fyrr heve nemnt, Vinn paa Undervisnings maaten. Difyre galdt det aa setja seg inn i den, og _ det ber mot Tanken paa Lærarutdaning, Upplæring i Lærekunst. Visst vart det fyrst Pietismen, som sette Tanken i Gjerning inn i Livet; men det er tvillaust, at Pietismen i so Maate stend i Samanheng med Komenius.
           
Daa Franke bygde sin Fatigskule o. s. v., kjende han snart Bresten paa Lærarar. Og so sette han i Gang eit Seminar, der han lærde upp Lærarar til sitt eiget Bruk. Fraa Franke gjekk so ut millom andre Johan Julius Heker 1) , den sanne Berar av Frankes inste Tankar fyre Kyrkja og Skule. Han grunnlegg so 1747 i Berlin den fyrste Realskule (atter ein Tanke, som i Grunnen botnar i Komenius Krav paa Sakkjenskap) og legg Aaret etter eit Seminar 2) attaat. 1738 vart Heker utnemnd til Prest i Berlin; under si Prestegjerning vende han Augat serleg paa Skulen; og med den stod det laakt i hans Sokn. Skulelærararne var gamle Handverkarar, som ikkje dugde; eldre og yngre Born vart underviste saman og det radt 100 av deim, og so ein daarleg Lære- Maate. Ut av dette sprang so Hekers Tanke paa eit Seminar. Kongen samtykte heilt i Tanken; men det var paa eigi Hand Heker grunnlagde det. Kongen studde det so ved aa krevja, at til Lærarar paa dei 9 _10 Mil næmast Berlin skulde dei ikkje taka andre enn Folk fraa Hekers Skule. _ Læreemne i Seminaret er: I. Kristeleg Religion: Luters vesle Katekisma og Bibel-lesnad _ med Uttyding; Uppattaking av Sundagspreika, Forklaring av Salmar. II. Lesnad, baade til aa læra aa lesa og til aa læra aa undervisa i Lesnad. III. Modersmaal med Stil. IV. Skriving og Rettskriving. V. Rekning og litet Kjennskap til Mynt og Maal. VI. Geografi og Statistik, Samfundslæra. VII. Historie. VIII. Naturkunna og Helselæra. IV. Praktisk Rettleiding: aa læra Born aa lesa, aa tala ved deim og aa yverhøyra. X. Pædagogik og Metodik. XI. Song. XII. Kristeleg og fornuftig Aatferd. Tilmed kunde dei mest dugelege faa Rettleiding i Landmæling, Hagestell, Teikning, Silkeavl o. s. v.
           
Dette er Tidi fyre ei sterk Livsrørsla paa Skuleumkvervet. Og Seminartanken er livande hjaa Folk. Basedov hevdar honom; Rokov kallar det det einaste naudturvelege, og Herder legg seg sterkt i fyre det same. Millom Seminarvenom er aa nemna Greiven Schlabre ndorf. Han studde Seminarsaki stort med Pengar, og hans Brev syna, kvat han i so Maate vilde grunnlagt, um han hadde livt: Eit av desse Brevom lyd so: Folkeskulelærarseminar. Kven tvilar paa, kor myket det vil hava aa gjera, kor storlegt det trengst. Det kjæraste fyre mitt Hjarta millom alt. Laglegast Rom paa Landet. Naturleg daude, tunge, kalde Munnkristne utan Barmkjærleik reint ulaglege til aa upptakast. Tal: umkring tolv. Ikkje yver sekstan, so det ikkje skal koma inn Slurv, og Menneskjor verta uppdregne som Star. Landsskule sambunden med Seminaret. Læraren tillika hava Uppsyn yver Semianaristarne. Born betala ikkje. Koma med Hug. Forelderne senda deim gjerna. Ulaglege til Leseøving er Katekisma og Bibel. Ærverdig Bok, kjem som Velgjerning i Henderna. Midpunkten i all Skuleundervisning: aa gjera Hjarta og Liv betre ved Jesu Læra. Skal verka paa heile Livet, Tankelaget, Aatferdi. Ikkje Byrda fyre Hugset. Helder ikkje Koming (Erkjendelse) utan Kjærleik og Liv. Bibelen einaste, fyrste og visse Kjelda. Maa difyre verta kjend og skynad, so vida den inneheld Religion.
           
Ut av det sterke Skuleliv spring so Seminar etter Seminar, i Fyrstningi som Tillegg til andre Skular. Til vidare er det vanlege, at det er fraa kyrkjeleg Sida Tiltaket vert gjort, og fyrst naar det heve lukkast, tred Styremagti til hjelpande og styrande. Den drivande Ande er enno altid den, som gjeng ut fraa Pietismen, um der ogso alt her og der viser seg Tilsprang fraa Filantropismen. Staten heve soleides ogso i den Sak komet baketter.
 
 
Fyre deg og andre Lærarar kunde det vel ikkje voret av Vegen aa fortelja um Utviklingi i Seminarlivet og endaa meire i sjølve Folkeskulen, korleides dei ymse Fag kom inn, og korleides Undervisningi i deim heve utviklat seg. Men det ser eg meg ingen Utveg til aa gjera stutt og soleides, at det ikkje kjeider det Fleirtal av Lesarar, som ikkje er Lærarar. Difyre maa eg lata det vera. Eg skal berre peika paa eit og annat meir aalment.
           
Folkeskulelæraren hadde ein eldre Broder i Latinskulelæraren. Og det var aa vænta, at denne vilde verta Mynsteret i det, som laag laglegast til. Nokot av det ein ulærd Skulelærar soleides allra lettast kunde læra av sin lærde Broder, var Tukti; for han hadde no vel vanleg jamgode Nevar med honom; og Neven var i den Tid Fyrstemannen i den Sak _ berre Neven elder med ei elder onnor Handverja, ja og so ein grov Munn tillika. Hogg og Slag, Trugsmaal og Forbanning, Skamskjenning og Neising fyre kropslege Lyte _ slikt var det latinske Disiplinarmidel. Me vita, at Luter fekk Ris 15 Gonger paa ein Fyremiddag, og me kunna vel tru, at han var ikkje den, som fekk mest. Me vita ogso, at fyre hans Samtid stod det aa leida og uppdraga Born so reint som eit Tuktararbeide, at daa han skulde yversetja Ordet Pædagog (&dvs; Barneførar) i Galatarbrevet (K. 3 V. 24), so yverset han det berre Tuktemeister. Ein sterk Smak av dette fekk daa ogso Folkeskulen. Riset var i det heile Stormagti, det stod fyre Bornom som Skulemerket. Jamt vart det brukat, og tilmed skulde ofta Barnet kyssa det, fyrr det tok til aa dansa. Det vert fraa gamalt fortalt, at naar ein risar eit Barn, so maa det kyssa Riset og segja:
           
Var ei du, kjære Ris,
vart ei eg god og vis.
 
Dei kyssa Riset og springa yver det og hoppa yver det. Den svabiske Skulelæraren, Häüberle (so vidt eg veit i 17de Aarh.) fortel utførleg um sitt eiget Tuktararbeide; han heve bokført det, so Verdi kunde faa sjaa, kor samvitsfullt han heve teket det. Her er hans eigi Lista yver gode Gjerningar i dei 51 Aar han var Lærar; han heve daa gjevet:
 
911,527 Slag med Stokken,
124,010 Riset,
20,939 Støytar (Pføtchen) og Slag med Linealen,
136,715 Hand-Daskar,
10,235 Munn-Daskar,
7,905 Øyredaskar,
1,158,800 Hovud-Knertar,
22,763 Daskar (Notabene) med Bibel, Katekisma, Salmebok og Grammatik.
 
Tils. 2,392,894 Slag.
 
Vidare maatte            
 
777 Gutar standa paa Kne paa Erter,
613 Gutar standa paa Kne paa eit trikantat Vedtre,
50,001 Gutar bera Eslet,
1,107 heidra Riset.
 
Tils. 52,498.
 
Det vert daa alt tilsaman minnst 2 ½ Million Avstraffingar, naar ein tek med nokre ikkje so vanlege Straffar. Set ein so, at han heve havt Skule 6 Timar dagleg i dei 51 Aar,so maa han hava gjevet ei slik Prøva paa si Lærarflit fyre kvar 2 Minut og 17 Sekund. Det vert fortalt, korleides Storbanking fyre Synder fraa fyrre Dagen lika etter Morgonsongen var den Vigsla, som opnade den nye Skuledagen, og den gjengse Avslutning paa Dagen til Straff fyre dei nye Synder, som var komne til i Skuletimom. I mange Skular høyrde det reint til Dagen, at dei unge altid ræddadest og skalv, naar Amen ved Morgonbøni kom. For daa saag dei alt Læraren rusta seg med Stokk og Ris og sjaa burtyver mot ein av dei fremste Benkjom, som var utvald til Bruk, naar fyrst dei større Synder skulde avstraffast med Yverlegging, som det heitte. Det er enno so det grys i oss, naar me tenkja paa, korleides mangein Gong ein Gut var dømd til Vika lang kvar Morgon aa opna kannhenda tillika aa enda Rekkja av dei smaa Syndarar med aa faa den Straff (og det kannhenda paa berre Kroppen). Og naar ein og annan Læraren hadde for myket Hjarta til aa bera seg soleides aat, so skortade det so tidt paa Vit til aa gjera nokot betre. Soleides fortel Felbiger (midt uppe i det 18de Aarhundrad) um ein Lærar, som gjorde ein reint eigen Bruk av det aa standa paa Kne. Han leet det aldri verta gjort berre til Straff. Naar Born hadde forbrotet seg, og Ord ikkje beit paa, so sagde han til deim: Eg ser vel, at Guds gode Ande fortæl dykker, at de hava so stor Hug til det vonde og so stor Uhug til det gode. De trenga aa beda Gud um Naade til aa verta betre; falle ne paa Kne og gjere det. Fekk dei so ikkje Bøni til, so hjelpte han deim med ei stutt Bøn som t. D. Forlat oss Skuldi vaar; frels oss fraa det vonde; og han bad deim so lata Hjartat fylgja Munnen.
           
Aa byta Fana er ikkje lett. Det synte seg ogso med Skulen yverfyre det kjære Ris. Skuleordningarne tok alt tidla i det 16de Aarhundradet til aa arbeida imot denne hardhende Skuletukt. Men smaatt munade det. Og det er ikkje fritt fyre at slike Forbod meire vitna um, kvat som vart brukat i Skulen enn um, at dei fekk Ende paa det. Soleides heiter deti ei Skuleordning fraa 1548: Læraren skal ikkje slaa sine Lærlingar i Hovudet, og ikkje straffa deim korki med Neven, Dask ved Øyrat (? Schlappen), Dask paa Munnen, Lugging, elder med Øyrevriding, Nasekliping og Støyt i Hovudet (Hirnbatzen), ikkje bruka Stav elder Klubba aa tukta med, men . . . berre strjuka Bakdeilen deira med Riset. I Basel tok Lærararne dei unge ikkje annat enn med Skruving (Schrauen), Puffing, Balgen (?), med Slag, Kliping, Rykkjing i Haaret. Difyre vart det ogso fyreskrivet, at dei skulde styra seg, so dei ikkje for aat med Gutom paa Villmanns- og Avrettarmaate og ikkje, som det av og til hender, slaa Hol i Hovudet paa deim, fara soleides med Fingerendom deira, so Blodet renn undan Neglom, elder lugga Haardottar av deim elder til og med trampa paa deim med Føterne.                          
 
 
1) Det er same Mannen, som utarbeidde det preussiste Generallandskule-Reglement, som Fredrik den store gav 1763.
2) Alt fyrr hadde Skinmeyer, ein annan Mann fraa Frankes Seminar grunnlagt det lastadiske Vaisenhus (Stettin) og knytt eit Seminar til.