Lydrike-Tanken i Lærebøkerne.

 
(Del 1 av 4) 
 
No iaar er det tjuge Aar, sidan Preussen og Austrike reiv Slesvik og Holstein fraa Danmark. Daa vart mange uppskræmde og tenkte, at snart vilde Tysken taka Resten av Danmark og sidan Norig og Sverige, soframt ikkje Russland var fyrst ute um seg. So tok mangein til aa tvila fyr, at Norig var for litet, og at det laut gaa upp i det større Fædreland, Norden. Tvo Aar etter samlad Bismark Tyskland, og heile Europa skvatt upp, daa hans Blut-und Eisen-Politikk hadde slik makelaus Framgang. No gjekk Gravklokka fyre alle Smaafolk, og det skandinaviske Sellskap arbeidde fyr aa binda Norig og Sverige ihop til eit Rike (det vil segja, det mindre Landet skulde gaa upp i det større), so skulde Danmark sidan koma med i det nye Kalmar- Samlaget.
           
Detta var Sjølvuppgjeving-Tanken; det var i Grunnen naturlegt, at den kom.
           
Men det kom nokot annat og, og det var endaa ufagrare.
           
Vil ein gjeva upp sitt eiget, so lyt ein tyna alt det i sitt eiget Land, som skal bera Utviklingi, alt det som Livsvon er i og som Framtidi skal byggja paa.
           
So rauk dei paa Maalsaki og dundrad paa det meste dei vann, dei sannførde, at Saki var reint umogeleg og laut døy med detfyrste, men dei var so arge, lik som dei kjende paa seg, at den Saki aldri kunne døy.
           
Skandinavarne forstod, at detta var Norigs beste Sak.
           
Det var i den Tidi dei merkelege Ordi kom fraa Statsminister Stang og tvo andre Statsraadar, at det var nokon Ting i detta Landet, som ikkje turvte hjelpast fram, var det Trui paa, Kjærleiken til og Interessen fyr det nationale.
           
Fraa den Tid hev Smaarevarne arbeidt trutt og lenge i Vinhagen og gneget paa mang ei av dei beste Livsrøterne; sume hev gjort det med full og klaar Umtanke, men dei fleste fær ein tru hev litet visst, kvat dei gjorde.
           
Folk hev gjevet altfor litet Gaum etter detta, og dei fleste hev aldri viljat tru paa at slikt hev gjenget fyr seg hjaa oss, me som allstødt hev gildat oss av aa vera so gode Fedralands-Vener. Og so hev detta Arbeidet kunnat gaa fyr seg i Skugg og Skjol, til dess me no stend der me stend, og dei største av Smaarevarne alt hev teket til aa gnaga paa sjøvle Eidsvollsverket og vil hava vaar politiske Framtid botnad paa Kieler-Freden.
 
           
Lat oss sjaa etter i nokre av Lærebøkerne.
           
Dansk og norsk Literaturhistorie til Skolebrug af A. E. Eriksen. Kvifyr kunne ikkje Eriksen setja Norsk og dansk? Skal det fyrste Gutarne lærer av Literaturhistoria vera det, at Norig hev voret og endaa er eit Lydrike under Danmark? Eriksen, som me veit er ein god Mann, hev ikkje viljat prenta denne Tanken inn i Hovudet paa Gutarne, men det hjelper ikkje, kvat Forfattaren hev viljat; Lydrike-Tanken kjem inn paa den Maaten og vert sitjande til alle Tider. Det er liksom med ein Sildedunk; du kann slaa baade Mjød og Sirup paa Dunken, Sildesmaken kjem uppatt og uppatt. Eriksen vil svara det, at Norig til det siste hev voret eit literært Underbruk under Danmark, og at difyr dansk lyt staa framfyr norsk. Til det vil eg segja, at ingen dansk elder svensk Mann vilde setja Lydrike-Tanken paa Titelbladet, endaa um dei kunne havt so pass Grunn til det som ein Nordmann. Den som kjem med Sadel paa Ryggen, honom vil alle rida paa. Hartvig Lassen, som ingen skal segja er ein norsk Nordmann, hev kallat si Lærebok: Indledning i Norges og Danmarks Literatur. Og eg trur, at Læregutarne i det heile og store fær eit, baade nationalt og literært, sannare Inntrykk av detta Titelbladet.
           
Ludvig Kristensen Daa hev utgjevet ei Lærebog i den Nyere Historie. Der hev han bland annat; De skandinaviske Lande, og i Yverskrifterne stend det: De skandinaviske Lande. Sverige, og De skandinaviske Lande. Danmark. Men Norigs Namn vert aldri nemnt i Yverskrifterne 1) . I Illustreret Verdenshistorie ved L. Ludvigsen Daae og Drolsum stend ei Yverskrift: Danmark under Frederik III og Kristian V (Lenger ute stend Danmark-
Norge under Frederik IV, Kristian VI og Frederik V.)
           
Kvi kjem no ikkje Norigs Namn med i Yverskrifti? Ein skulde etter detta tru, at Norig ikkje hadde ei Soga under Oldenborgarne. Men so gamaldagsleg i Tanken var ikkje L. Kr. Daa, at han trudde det, og det trur ingen annan Historikar i vaare Dagar helder. Eit Land elder eit Folk kann hava ei merkeleg Soga, fyr di um det ikkje hev Konge fyr seg sjølv. Um eit Folk vert lagt under eit annat, vert trælkat, spottat, trakkat paa og utpint, so er no væl det ei Soga, um ho just ikkje er so lysteleg; men ei Soga er det. Og kjem det ei slik Ustund fyr eit Folk, at det ikkje hev ei Soga lenger, endaa um ein kunne tenkja seg det berre var fyr ei Tid, so er det ute med Folket, det hev sluttat aa liva og er heilt ute av Soga. Slik er det med ein Mann og. Hev han sluttat aa liva, um det so berre er i 5 Minuttar, so er han daud og vert verande daud.
           
Norigs Soga under Oldenborgarne er ikkje litet merkeleg. Paa det gamle Grunnlaget veks Folket og utviklar seg, og paa sin eigen Maate. Kongarne styrer og steller det norske og det danske Folket, slik som det høver fyr Kongarne, hjelper upp det danske, skuvar til Sida det norske; men Folki gjeng sin eigen Veg. Dei historiske Vilkaar, elder um ein helder vil kalla det Forsynet, gjer, at Konge-Politikken vert magtlaus tilslutt. Det norske Folket gjeng i lange Tider fram, medan det danske sig under Byrdi. Difyr kunne gjerne Norigs Namn vera med i Yverskrifti.
           
Og det forstend L. Kr. Daa betre enn dei fleste; for han hev betre historisk Syn enn dei fleste hadde fyrr.
           
Han hev visst, kvat han gjorde.
           
I Daae og Drolsums Verdenshistorie stend eit Bilæte av Kristian IV. Under stend: Kristian IV af Danmark.
           
Det ligg mykje i dei faa Ordi.
           
Paa Stortorget i Kristiania stend det ei Stytta av Kristian IV, som Bykassa hev kostat. Er det den danske Kongen, dei hev sett upp Stytta fyr, so er det ikkje Lydrike-Tanken, men den skire Trældoms-Tanken, som hev reist seg eit Minne.                                       
 
 
1)