Nyaarshelsing til Arne Garborg.

Eg ynskjer deg eit godt Nyaar, og i dette Ynskje er innvovet ein Hjartans Takk fyr det gamle.
           
Millom alt godt, som er gjevet vaart Fedraland i det no avlidne Aar, er etter mi Meining Bondestudentar av Arne Garborg noko av det beste og største. Eg tek vel ikkje Munnen for full, naar eg segjer det. For den Boki kann verkeleg, naar ein les henne med Ettertankje skapa Karakter og Sjølvstøda der, som dei Eigenskapar ikkje heve voret fyrr. Ho kann læra Folk aa tenkja sjølve og ikkje vera nøgde med aa laana Tankar hjaa andre, ein Leting kann ho læra aa arbeida, medi ho klaart syner, korleides det plent maa verta med den, som stødt ventar paa annan Manns Tankar, annan Manns Ord og Arbeid. Eg synest aa vita, at mange alt no heve gjenget i seg sjølve og teket til med eit annat Liv, naar dei hev leset Bondestudentar.
           
Lat oss somange, som heve funnet den dyre Perla i dette sanne og store Diktarverk, takka Arne Garborg.
           
Aa for ei Lyst det er aa faa bruka sitt eiget, det kann berre den skyna, som heve voret nøydd til aa laana seg fram, og so etter mange Aars Slit og Stræv heve fengjet somykjet, at han kann bruka sit eiget. Han kjenner seg knapt att; han tykkjer det er so lett og so godt. So var det med meg, naar eg fekk lesa mit Modermaal. Eg kjende daa, at eg stod i eigne Klæde, eg var stolt av, at det var mitt. For eg totte, at eg var rik, naar eg hadde dette herlege Maalet paa Prent. Men eg hadde eit Ynskje, og det var, at eg maatte hava aatt mange Pengar; daa skulde eg hava kaupt Bondestudentar fyr kvar ei Øyra og givet til høgre og vinstre, so alle, som heve mist sin største Skatt, kunde fenget honom att. For eg veit med full Yvertydning, at mange, som kannhenda ikkje heve vist, at dei var trælbundne, vilde, naar dei las dette væne Maalet, kjenna, at dei var ikkje frie, at dei stod ikkje paa sine eigne Bein, og dei vilde faa ei Kjenning av, at det, som dei hadde mist, det var dette forunderlege Maalet, og dei vilde faa ei Lengt etter aa vinna det igjen.
           
Kom alle Maalstrævarar, Menn og Kvende, og vere med aa takka vaar store Digtar og Maalmann Arne Garborg. Takk, takk, for, at du so utrøytande arbeidde paa aa grava fram vaar tappte Skatt, og i Takken ligg Bøn fraa os alle innvovi:
           
Vert ikkje trøytt! Du skal vita det, at mange, mange fylgjer dig med Kjærleik og Truskap. Og Namnet ditt skal minnast med Takk i lange Tider. Gjeve du maa liva lengje og liva alltid væl.
                                  
Ei Gjenta.