Tidender.

Kristiania, den 5te Januar.

 

Bjørnstjerne Bjørnson emnar no paa tre nye Bøker. Han bur framleides i Paris.
 
John Paulsenkjem snart med en ny Bok: Falkenstrom og Sønner.
 
Tolv Rikingarfraa Amerika hev sleget seg saman um aa byggja uppatt Templet i Jerusalem. Tvo av dei er alt reiste til Palæstina for Skuld Fyrebuingar.
 
Der er skipat Vinstresamlag paa mange Kanter av Landet. 28de Januar skal Utsendingar fraa dei ymse Samlagi møta i Oslo for aa skjipa eit Vinstresamlag for heile Landet.
 
Hertugen av Kalvina(Italia) vart for ei Tid sidan fangad av nokre Røvarar og slapp inkje laus, før dei fekk 50,000 Franks.
 
No er Illgjerningsmennerne fakkad, og dei slapp trulegt inkje laus.
           
Ruslandbrukar 150 Mill. um Aaret til Heren.
           
I Paris fann ein Arbeidar eit avskoret Barnebein. Politiet leitar etter den, som hev gjort Ugjerningi.
           
FædrelandetNo. 1 hev eit Stykkje Prosa, som gjeng paa Rim. Tonen er: Hvo ved, hvo nær mig er min Ende.
           
Dei hev sagt, at Kongen vilde koma til Kristiania den 28de Januar. No melder Bladi, at det inkje vert nokot av.
 
Sokneprest Kjær til Fiskum gav Studentarheimen 1000 Krunor paa Syldbrudlupdagen sin.
 
Høgrehev voret fegne av Adressurne til Selmer; men Gledelaaten deira kom nokk for tidleg. Lars A. Havstad hev skrivet eit Stykkje i Nyt Tidsskrift, og der syner han klaart og greidt, at Selmerflokken er inkje so litet mindre no, enn han var ved siste Valet.
 
Amerikafolketbitalad ikring 100 Mill. Doll. av Statsskuldi si ifjor.
 
Den 28de November var det 100 Aar sidan dei engelske Krigsfolki laut røma fraa New York. I Byen var stor Stas paa Minnedagen.
 
Paven vil utnemne ein Sendemann (Nuntius) i Amerika, dersom han fær Løyve av Kongressen.
 
Riksrettspræsident Langehev voret sjuk, men er no i Bettring. Havig hev voret Præsident i Staden hans.
 
 
Me ynskjer alle Lesararne vaare eit godt Nyaar og takkar dei for det gamle.
 
Me vonar og, at dei framleides vil vera med oss og arbeida for alt godt og mot alt vesalt i Noreg.