[Tidender.] No veit me det og!


Det var vist faae, som slo nokon Lit til desse ymse Ordi, som gjekk i Bladi her i Vetter, dei fleste log væl berre, og tenkte at det kunde daa umogeleg hava nokon Grunn for seg. At den norske Regjering skulde hava so daarlegt Samvit, at ho laut til aa ruska med Byrsur og Krut og Kanonar _ fannst det Lygn-reglur i Bladi, so laut det daa vera den Gongen. Slikt godt eit Samvit, som Selmer tottest hava, skulde han fæla for nokot _ nei det var umogelegt! Men kvifor vart det daa inkje avsanna av Høgrebladi, undrast væl sume paa. Det maatte einast vera berre til aa vanvyrda seg sjølv, um dei skulde motmæla slikt. Folk trudde so litet paa det, at dei so nær hadde gløymt det, daa Konow tok til aa ruska i det. Det kunde einast vera aa lata Regjeringi faa frigjera seg for Ting og Folk, um det endaa var nokon, som trudde so skammelege Ting. Dahll vilde naturlegvis upplysa, at det var berre laust Snakk, og inkje eit sannt Ord i det heile.

Men kvat er det me hev høyrt?

Han kunde inkje negta det!

So det var Grunnen til at Høgrebladi hev tagt seg um det: det var sannt alt saman. Alt saman, Riflurne til 6 Bataljonar, 20,000 Riflur paa Kongsvinger, 6 Millionar Patronar, Kanonar ferdugstelte med Kardetscher og Sprenggranatar _ ingen Ting er negtat _ alt er sannt.

Dei vilde fara stilt og dult, dei vilde løyna det for Augo vaare _ Notteverk var det _ men Hildringi hev brostet, Sanningi laut fram.

Aa du, aa du! Kvat er det for Regjering me hev havt, kvat er det for Ærekjensla hjaa norske Menn, kvat er det for ei Skjemsla paa det norske Folk, paa vaar Fridom, paa vaar Æra!

Me hev inkje kjennt vaare Menn før, me hev trutt dei for godt; no fær me kjenna dei altfor væl.

Det set væl Agg i oss slikt; men finnst det Aalvor i det norske Folket, so er det som vil fylla vaar Bringa heller Sorg. Sorg og Harme for sovorne Menn og Otte for Styringi i Framtidi, naar ho skal liggja i slike Hender.


20,000 Riflur ubrukelege paa Kongsvinger, og 6 Bataljonar hev inkje Vaapni sine istand!

Tru kvi tok dei inkje Trøndelagen med? Det er daa der det er sagt at Øsingi skulde vera størst, der Revolutionen i Overhalla er longo namnspurd, korleids bar det til, at dei inkje var mest ottefulle der?

Kvifor er det berre Bataljonar sunnanfjells, og helst Grenselina mot Sverik, som er gjort vaapen-ufør?

Tenkte dei daa inkje paa, at Folk, som no skal vera i so ophidset Stemning, kunde binda dette ihop med Snakket um svenske Troppar og Rødur i svenske Blad o. s. v. Bar dei daa ingen Otte for at dette kunde verta utlagt paa ein Maate, som kunde gjera Øsingi større?

_ Nei _ svarad Dahll.

Aa du store Under av Tankeløsya i vaar norske Styring! _ Me skal inkje segja meir.

Dei var rædde for at det kunde verta Uppstyr, naar Riksrettsdomen kom, difor var det at dei maatte finna paa nokot so uvanlegt.

_ Kven var dei rædde?

_ Dei var rædde Vinstreflokken _ segjer Morgenbladet _ den hadde inkje kunna styrt seg, hadde Selmer vortet frikjent, soleids som mange trudde at han skulde verta .

_ Mange trudde, at Selmer skulde verta frikjent? _ Aa du! Skal Morgenbladet laast hava trutt det og no! Inkje so me hev gaatt det nokot Sinn.

Me hev altid høyrt det baate av Vinstre og Høgre, at ingen heldt Frikjenning for mogeleg.

Ja Høgre hev drevet med det heile Tidi, at det var visst, korleids det gjekk, so ein kunde kalla det for avgjort alt før Riksretten byrjad.

Og no kjem Bladet og vil faa innbilla Folk, at desse Greidurne vart gjorde for aa fyrebu seg paa Ting, som Bladet so godt viste aldri vilde henda!

Det duger inkje slikt Morgenblad!

Det norske Folk det gjer inkje Uppreist og Lovløysur, det skulde nok baare Regjeringi og Morgenbl. vita. Treng det nokortid Vaapen, er det einast for aa verja Lov og Rett. Vil dei daa tvinga Folk til aa slutta, at det hev voret paatenkt aa setja Lov og Rett til Side?


Var daa verkeleg Regjeringi inkje det Slag rædd for, at Folk vilde binde dette her ihop med ymse andre Ting og draga Slutningar, som inkje var gode? Binda det ihop med at Statskuptankar og Uppmaning til aa sprengja Riksrett og vanvyrda Domen, at slikt fekk leika fritt, medan det vart Forhøyr og Fengsling og Sak mot ymse andre? Var ho inkje daa rædd for at dette her kunde verta utlagt paa sin Maate?

_ Nei _ svarad Dahll.

Viste han inkje heller, um det var nokot Slag Samanheng millom dette med Byrsurne og so dei tvo Kanonarne, som var ferdiggjorde?

Paa det vilde han inkje gjeva Svar.

Det kann nokk vera ymist att endaa, som Ting og Folk gjerne kunde ynskja Svar paa.

Saki er nokk inkje greidd med dette, no fyrst hev ho vortet gaatefull og flokutt.

Odelstinget maa inkje gjeva seg, dei maa halda fram paa den Vegen, som dei no hev gjort fyrste Stiget paa: dei maa kalla inn Folk, til dei fær full Greide paa alle Ting. Kongsraadarne skal nokk faa kjenna, at det er inkje so morosamt aa sitja som Skulegutar i Tinget: faa Lov til aa svara men inkje forsvaraseg. Men lat dei faa vera der som Skulegutar, til dei sjølve fær Hug til aa koma der som Menn.

Vaar Lit stend no til Protokolkomiteen, at den med Aalvor maa granska desse myrke og ottefulle Ting og faa Greide paa det.