[Tidender.]


Dr. Yngvar Nielsen hev 4600 Kr. i Løn for Aaret. Og derattaat er han Hovmeistar for ein Prins. Men dette totte han var for liti Løn og søkte Universitetet, um dei inkje kunde gjeva honom ei betre Stelling. Men dei svarad nei den Gongen.


Til 10de Kongsraad er utnemnt Komandør Koren paa Horten, men han skal vera i Staden for Johansen, som kjem til aa gaa av, og so vert det ein tom Plass endaa.


Verdi er god; _ men berre for dei Gode
Young.

_ Baktale og Hæding avvæpnest med Svivyrdnad! Dei er lik Gneistar, som fer ut or ein stor Eld men sloknar, naar ein ikkje kveikjer dei uppatt
Lavater.

_ I Aandsheimen vert berre den narrat, som narrar seg sjølv.
I Loyala.

_ Store Hjarta er liksom Havet, dei frys aldri til.
Børne.

_ Ein Ven er meg dyr; likevæl kann eg au hava Gagn av min Uven. Venen min syner meg, kvat eg kann, Uvenen min, kvat eg skal.
Schiller.

_ Dei store Mennerne i Tidi er lik Tindarne; det er dei, som syner Landet langt undan, og gjev det Gjævleik; men sjølve hev dei det skrinnt og kaldt. Ein veit ikkje plent, kor høge dei er.
H. C. Andersen.

_ Dei laake, som ein hev i seg sjølv, refsar ein hardare hjaa andre.
Hippel.