Bokmelding. Einar Thambarskelver

 
 
W. S. Dahl: ”Einar Thambarskelver”. Forlagt av Huseby & Olsen. 236 Sidor. Pris Kr. 2.50 ubundi.
Kven hev ikkje høyrt Namnet hans ”Aktor” Dahl no i dei seiste sjau-aatte Maanader? Som De veit, so var det W. S. Dahl , som vart vald til aa føra Riksrettssakerne mot dei 11 Kongsraadarne no i Vetr og ifjor Haust. Daa hadde han godt Tilhøve til aa syna, at han var overlag vel heime i Retskunna og Riksstell i det heile, og det kom vel med daa, at han var ein gløgg Kar, som kunde hamla upp med ”Defensorarne” paa alle Leider. Han vart daa aalkjend som ei heiltupp frihuga og varmhjarta Fridomskjempa, og med Eldhug og Mannskap varde han Grunnloven vaar mot dei styggelege Aagripi aat Kongsraadarne og heile Høgretyet.
No skal Folk læra ”Aktor” aa kjenna fraa ei ny Sida _: som Sogeskrivar.
I denne Boki si skildrar Meistaren Tilstandet i Norge kring Olav den heilages Tid og dei Menn, som daa var dei fremste. Avdi Einar Thambarskelver um dei Tider stod som ein av dei fyrste, so er Boki nemnt etter honom, og han er no au Hovudmannen i henne.
Me veit fraa Skulebøkerne vaare, at Einar var ein druste Kar. Daa han var berre 18 Aar, kunde han skjota ein butt Kolv igjenom ei raa Ukshud, som hekk laust, og der fannst ’kje den Mann, som spende Bogjen hans.
Men Einar var ’kje berre ei gjøle Kjempa og ein gjild Skjotar. Han var Mannattaat. Og slik fær me au sjaa honom i denna Boki. Han vert skildrat som ein av dei fyrste, som greip den store Tanken um eit heilt og samla Norge , _ som den fyrste ”bevidste Nordmand”.
I den Tidebolken, som Boki melder um, var der mange store Hendingar og mykje Uro i Landet. Slag og Strid og Basketak mest allstøtt. Og altsaman vert det teiknat paa ein greid og klaar Maate.
Meistaren er aalkjend som ein svært maalfør Kar. Men sume Stader i Boki tykkjest eg no han er vel ordrik. Han sveiper Tanken inn i for mange Ordvendingar og Likningar og difor vert Skildringi hosta breid ender og Gong.
Men hellest er Boki framifraa god, _reint forvitneleg aa lesa. Ho er ikkje liksom dei Sogebøker, som me kjenner fraa Skularne _ med berre Aarstal og Namn. Nei der er Skildringar av Folk og Stader og av Aandslivet i det heile paa dei Tider. Alt som tidast hev ho smaa Merknader um vaar Tid au, og dei høver jamt utifraa godt.
Boki er klaart og greit prentad, og dei tvo nye Bokhandlarar Huseby & Olsen, som er Forleggjarar av henne¹), hev Heider av Utstyret.
Gjurd.
¹) Eg vil nytta Tilhøvet til aa segja til alle ”Fedrah.”s Lesarar og alle andre frisinna Menn og
Kvinnur Landet runnt, at naar dei skal hava seg ei Bok her fraa Hovudstaden, so skal dei
kaupa henne hjaa Huseby & Olsen, Karl Johans Gata Nr. 39. Det er tvo frisinna og varmhuga
Karar, som nyst hev teket til med Bokhandel og som alle Vinstrefolk skulde stydja alt, som
dei kunde. Bøkerne er likso billige der, som hjaa dei andre Bokhandlarar, og so er ein sikker
paa ikkje aa verta gjeipt aat, um ein spyr etter ei ”radikal” Bok, _ so som det hende meg
eingong, eg spurde etter Jaabæks ”Kongers og Keiseres Levevis”. Bokhandlaren flirde aat
meg og vrengde ut or seg: ”Nei, jeg handler ikke med den Slags Bøger!” _ Slikt hender aldri
hjaa Huseby & Olsen. Alle Vinstrefolk og alle Boksamlag skulde kaupa Bøker hjaa deim!