Dei tronge Tider.


(Eit Æventyr. Av A. Sveinungson.)
 

Det var ein Gut som heitte Olav; han tok seg te ein Dag aa leite etter nokot av Orsakji te dei tronge Tier.

Ja so rangla han iveg, og det fyrste han vart var, det var Sumarsoli. Gudag! helsad Olav. Gudsigne deg helsad Sumarsoli, og saag smilande blidt paa honom. Gjøymer du nokot av Orsakje te dei tronge Tider, spurde Olav. Nei snilde Guten min, heve du inkje baate kjent og set at eg heve skjinet varmt og blidt; eg heve skjinet for dykk som eg heve gjort all Verdens Tid.

Ja so gjekk han te Regnhimlen, Gudag, helsad Olav. Gudsigne deg helsad den, og nevetok han med duftande varm Dogg. Gjøymer du nokot av Orsakji te dei tronge Tider, spurde Olav. Nei kjære deg heve du inkje set, eg heve druslat Jordi te aalment Beste; men gaa te Jordi og spør, kanskje ho gjøymer nokot av Orsakji te dei tronge Tier, og kann gjeva deg ei god Raad, sae Regnhimlen.

Ja so gjekk han te Jordi; ho laag fager, Gras og Blom, Frugtir og Tre grodde yver heile Dalen. Gudag, helsad Olav. Gudsigne deg, helsad Jordi. Gjøymer du nokot av Orsakji te dei tronge Tider, spurde Olav. Eg veit inkje, de fær det som Hjartat mitt unner dykk, sae Jordi. Ja men du er tronghjarta, sae Olav. Du er ein streng Domar, sae Jordi, eg gjev dykk som de elskar og steller mæ meg, sae ho. Ja du vil hava slik Krus au, meinte Olav. Ja med godt skal godt lønas, sae Jordi; men gaa no te ditt eiget Styr og Stell, so tenkjer eg du finn nokot av Orsakji te dei tronge Tider, sae Jordi.

Ja so gjekk Olav langt um lengje; paa Vegen kom han etter ein Mann, som gjekk stava seg framyver, han saag ut te aa vera gamal som alle Haugar. Kor er den Mann ifraa, um eg maa spyrja, spurde Olav. Og heiter Bonderøynsla, sae han. So fær eg Fylgje au daa, sae Olav.

Ja so fylgdest dei framyver og talad um Veer og Vind, snart kom dei te ein Gard, som laag so i ein Hall nedunder Aasen, der var fint Lende; men store og smaae Graasteinar glytte upp or Jordskorpa like te Husveggjen, hellest var Garden fælande gildt bygd. Kvat er det for Folk som bur her tru, spurde Bonderøynsla. Aa det er ta mine Folk; mitt Styr og mitt Stell bur her, sae Olav, og no skal eg nettupp inn og leite etter nokot av Orsakji te dei tronge Tider; vil du inkje fylgja meg inn og sjaa hossi her er lagad? spurde Olav, jau det vilde daa Bonderøynsla svert gjønne; so stampad han inn gjenom Døri etter Olav.

Daa dei kom inn tok Mann og Kjering imot dei fælt gjildt; dei vart bonde av alleslag Rettir som tenkjast kunne, Huset var utstyrt med Maaling og Kroting og glimande Bunad, so at Bonderøynsla snaut vaaga setja seg ne paa den huskande Sofaen. Olav sat berre glytte burt te Bonderøynsla, um han inkje daa tyktes hava komet inn te gjilde Folk. Mannen sat pusta ut Røyk, som han drog utor ei stor lang Pipe, medan han talad som dei finaste bydannade. Kjeringi talad det finaste Frugemaal ein skulde høyrt, medan ho svinga litt paa det maala Golvet mæ sine blanke Toffeltar paa Føterne, uti eit anna Kammers sat nokre Born uppkrusad som Dokkur og stelte med dei mange Leikur, som heve komet ifraa Byen, medan Bonderøynsla sat stava og les paa dei mange Ting, som var skrivet utanpaa.

I det sama kjem Lensmannen inn for aa halda Gjesterett der; men daa kom det annat Ljo i Bjølla, Kjeringi te aa storgraate, Borni gret med, for dei saag Mori gret; i dæ sama reis Bonderøynsla upp og sae. Huff her vil eg inkje vera, kom og fylg meg, sae han te Olav, no heve du vist funne nokk av nokot te Orsakji te dei tronge Tider, sae han og dermed stampad han utigjenom Døri.

Ja so fylgdest dei paa Veg atte. No skal du fylgja meg heim, og sjaa hossi eg heve det, sae Bonderøynsla, Olav takkad og let vel for Tilbodet. Som dei hadde gjenget eit Stykkje, so kom dei te ein velstelt Fjellgard. Her heve eg heime sae Bonderøynsla. Det fyrste Olav lae Merkje til var Steingjerdet, som var sett upp umkring Jordet, han kjende seg trygg, som innafor ein Festningsmur daa han steig innafor Gjerdet, som var brote upp or dei slette Ækrur; burtpaa Ækrun gjekk Buskapen lugga i langt Gras, medan Bjøllur og Tingel klang ifraa kvar ei Ku, ei lita raudleit fin Gjente sat innmed Vegkanten og gjætte, ho batt paa ein Hosesokk, og ei Fløyte laag paa Fange, og daa dei var komne framum henne, so bles ho ein liten Visestubb, so det ljomad burti Bjørkelunden. Olav var so forbinad, han gjekk berre gloste. Bonderøynsla bad han fylgja inn, og Olav slugga etter. Inne tok imot dei ei livleg Bondekjering, som rullad fram ein stor sterk Kubbestol og bad Olav setja seg, snart trampad ho nedi Kjellaren paa Treskon sine og kom atte med ein Trebolle full av godt heimebryggja Øl, ho baud fyrst Mann sin og so Olav. Olav drakk djupt og takkad for godt Øl, og so sat han og gloste umkring Huse, Benkjer og Bord var kvitskura, so dei skjein som kvitt bein, uppunder Takje var slegjet Hjeller, der det laag uppspikka Tyriflisar feruge te aa nøre upp Varmen med um Morgon, og i ei Glugge yver Sperra vart han var Pølsepinnar, som var gjøymde sidan ifjor. So kom det inn ein liten frisk Gut, han gjekk med ein Spikkekniv i den eine Haandi og eit Veatre i den andre. Olav tok Guten og sette han paa Kne sitt. _ Kvat vil du gjera ta detta Tre daa, spurde Olav. _ Eg vil gjera eit Økseskaft for Far, sae Gutungen og tok eit Spik, og so saag han Olav uppi Augo, so synte han Olav ein Skjilling, som han hadde fengje av Gomor si sae han. _ Du vil vel kaupe Drops fyr den spurde Olav. _ Nei eg fær Mat av Mor, og so vil eg spara Skjillingen, sae han og stappa den i Lumma, og so maatte han sleppe ne aa rusle for seg sjølv att. Borti ei Kro stod ei gamal sterkgjord Seng og paa Krona var det skrivet med gamaldags Skrift: Gud vere med oss. Aa det maa vera Hyggje kvile i denna Sengi tenkte Olav, ho som altid stend og bed so fagert, han blei varm um Hjartat.

I det sama høyrde han Gjætargjenta spilad uti Garden, ho lokkad heim Kjyrne te Mjeltirs. No kjem vesle Anne med Kjyn, sae tvo Gjentur te kvarandre, som sat innmed Langbenken og karda, dei heve rivet upp ein heil Mengde med Ull, som laag i ein Kost paa Benken mest te Takje, dei sprang burt, treiv kvar si kvitskurad Mjølkekolle, som laag paa ein Hjell burti Vaskeroi og med Kollun paa Armen svinga Gjentun seg ut. Utanfor Døri stod alt tvo vene hundropplutte Kjyr, som drunde mot Gjentun, daa dei kom med Mjølkekollun.

Anelin vilde gjønne mjølke seg no, sae vesle Anne, og stod klappa Kannekui si. Olav var komen seg ut for aa sjaa paa Kjyn, og høyre Anne blaase i Fløyta; ho blei bljug yver heile Andlite, og slo Augun nedi Marki, daa ho no saag Olav; men um lite blikte ho dei upp og sende Olav nokre straalande blie Augneblik. Endeleg spurde han henne um ho var Dotteri te Bonderøynsla. Ja, sae ho mæ eit laagt lognt Mæle. Kom lat oss setja oss burti Bakken, so skal eg blaasa i Fløyta for deg, sae ho. Ja det vilde daa Olav svert gjønne, og so sette dei seg burti Bakken. No skal eg blaase Bondelive for deg, sae ho, det vesle raulite fine glae Andlitet med dei klaare livande Augur smilte burt te Olav, Haaret laag stroket bakyver og hekk i lange Lokkur nedyver Ryggen, ho sette Fløyta paa den smilande Munnen og bles, medan Fingrarne leikad yver Ljoholi. Olav vart sitjande som i ein Draum.

Sidan den Stundi heve Olav huglagt Bonderøynsla si Dotter.