Eit Ord i Kvendesaki.


(Av Hermod Hejmdal.)
 
(Del 4 av 4. Fyrste delen.

(Slutten.)


Eg hev nemnt, at Kvendi fyrst maa krevja Skular: Skular med Pengetilskot av Staten. Dette hev dei full Rett til. Landet gjev no i Hundretusundtal av Kronur til Guteskular, men til Gjenteskular so lite, at det høver best Sanningi aa segja ingjenting. Naar Kvendi no vil utdana seg paa ein elder annan Maaten, so maa dei kosta det sjølve.

Det er kje so lite rare Greidur dette. Stortinget hev no lovsett full Likheit millom Kar og Kvendi i ymse Arbeid; men naar det so spyrst um Utdaningi til desse Arbeid, so er det ute med Likheiti, ja med heile Skjyldskapen. Guten fær fri Utdaning, men Gjenta maa kosta seg fram sjølv.

Kvendi vert no mykje bruka til Lærarar; det er lengi sidan dei fekk Lov til aa vera det. Her er full Likheit. Men koss er det med Utdaningi? Det er seks Seminar med fri Undervisning for Gutar, men for Kvendi ikkje eit einaste eit. Kor tru daa dei Folk hev fenget Brillurne sine ifraa, som ser Likheit her. Eg hev aldri kunna fenget fatt paa slike Brillur, endaa eg hev spurt mange.

Den same Likheit med eit stort Ufyre seg er det ogso for dei, som studerar. Paa Universitetet er det fritt baade for Karar og Kvendi, altso full Likheit. Men Fyreskularne til Universitetet kjenner kje det minnste til nokon Likheit. Landet gjev mange Pengar til lærde Skular for Gutar, men til slike Skular for Kvendi betaler det kje eit Øyra. Gutarne fær Reisepengar med paa Vegen til Universitetet, Kvendi maa kosta Reisa sjølve. Slik hev det voret og slik er det. Men no er det Von um at det snart skal verta betre ogso i dette Stykke. Tiltaket til det vart gjort no nyss av Stortinget, daa det let til Pengar aat middelskular i Breivik og Flekkefjord med sams Undervisning for Gutar og Gjentur. Det var andre Gongi, at dette Spursmaalet var framme i Stortinget. Fyrre Gongi _ i 1880 _ skreik Skulenemndi ende yver seg, berre ho høyrde Tanken um ein slik Samskule nemnt. Og Fleirtalet i den same Nemndi vilde ogso no vride seg unda med Avsveipur. Men det gjekk ikkje for dei, som vel var. Men det var mange Betænkeligheder kann ein vita. Dei er kje til aa reikna upp. Det raraste ved desse Betænkeligheder, sagde Sveinson i Ordskiftet, var, at dei Menn, som minnst hadde prøva, var mest betenkjelege.

Men det var ogso ein rar Ting til med desse Menn. Dei hadde alt gløymt, at dei hadde gjevet Gutar og Gjentur Lov til aa sitja jamsids kvarandre paa same Benken ved same Bordet paa Universitetet. Dette var kje betenkjelegt; men at det same skulde gaa for seg paa Fyreskularne til Universitetet, det var betenkjelegt. Elder kannhende dei ser desse Kvendestudentarne so heilt gjevne paa Baaten, at det ikkje er meir aa bry seg um dei. Ein Ting til. Paa Landet gjeng Gutar og Gjentur saman til dei slepp for Presten, til dei er 15 Aar. Og til dessa hev det gjenget godt og vil vist ogso gjera det framleids. Det gjeng ann for Søner og Døtter av raabarkad Bønder aa sitja paa same Skulebenkjen; men for Søner og Døtter av den oplyste Del af Nasjonen gjeng det ikkje ann. Skulehuset kunne snart verta for fullt daa. Kva Slag Tankar hev desse Folk um Daningi og Kultur, som Landet gjev so mange Pengar til?

Desse Skularne i Breivik og Flekkefjord skal vera liksom Prøveskular. Visar det seg, at Samskule gjeng ann, so vil det sjølvsagt enda med, at alle slike Skular vert Samskular. Og daa hev Kvendi ikkje nokot aa segja i so Maate og kann kje krevja nokot meir i denne Vegen.

Men so er det so mykje annat. Eg hev nemnt Lærarutdaningi. Kvendi hev endefram Rett til aa krevja fri Utdaning liksom Gutarne. Og det maa upprettast Kvendeseminarar av Landsens Pengar, fyrr vil kje Kvendi og deires Talsmenn tigja. So hev me Landbrukskular, der Gutarne fær Utdaning i Gardstell og Jordbruk. Slike Skular maa ogso Kvendi faa, der dei kann faa læra Hus- og Kreturstell. Det eine er likso naudturvelegt for Landet som det andre.