Haakon Gamle.


(John Lie.)


Paa Øyreting din Fedra-Arv
Dei dømde ratt ifraa deg,
So det med deg vert bare Slarv,
Gakk burt! eg vil kje sjaa deg. _
_ Aa aldri bry deg, kot dei finn paa!
Tru dei tok Sanning og Gudpaa Raad?
Dei hev mi Sak,
Og hell nokk Tak,
So Retten min eg vinner.

Og Retten sin han gljobart vann,
Kos vraangt dei Store dømde _
Og Haakon vart ein fagna mann,
Og Norig stod og blømde.
Han vann, di hans og Folksens Sak
Voks saman unde same Flak,
Og Bisp og Bok
Med Reva-Krok
Dei maatte skamleg ryma.

Ein Konge sann er Folksens Rett,
Vil falskt han annat vera,
So hev me jamt av Soga set
Han aldri godt kann gjera ;
Fraa Folksens Sak han skiler si,
Det vraangt seg vringlar fram ei Tid,
Men Sanning vinn,
Og Folket finn
Slik Konge det kje trenger.