Me vil hava det,


som det hev voret fyrr. _ Det hender ofte, at spør du ein Høgremann, kvifyr han held med Høgre, so fær du til Svar: Eg vil, det skal vera slik, som det hev voret fyrr eg held paa det Gamle. No er det slett ikkje sagt, at Høgre held paa det Gamle. Det absolutte Veto høyrer sovist ikkje til dei gamle Ting her i Landet, um enn Høgre vil hava det slik; det er uppfunnet av Dunker og Professor Aschehoug. So det er greidt, at desse Folk narrar seg sjølv, naar dei dreg med Høgre. Men um det var sannt, at Høgre i alle Maatar studde det Gamle, det som hev voret, var no det so reint godt daa? Vist er det so, at det er sume Ting, som held seg lange Tidar utan aa skiplast, og vist er det so, at den gode Grunnen i ein Ting kann vera den same; men Formi skiftar og lyt skifta etter dei Tarv, som Folk paa ei viss Tid hev; Maaten, som ein Ting syner seg paa i Livet er ikkje altid den same. Dette gjeld no i serleg Meining dei riksborgarlege Ting, som Politikken hev med aa gjera. (Um dei trudomslege Ting er ikkje Tale her). Folket idag er ikkje som Folket for 100 Aar sidan; det hev andre Hugmaal og andre Krav no; og Folket um 100 Aar vil hava andre Hugmaal og Krav enn me. Folkeaandi er no slik lagat, at ho altid vil fram. Og det er berre dei Gamalkjære elder dei litet upplyste, som vil meinka Framgongen og tru, at alt er godt, som hev voret fyrr. Fyr dei aandelege Krav hev slike Folk ingen Sans; dei ser berre paa det næmaste, elder rettare, paa det som gjev i Pungen elder i Gryta. Men daa det no mest altid heng slik ihop, at Framsteg kostar Pengar, so er dei litet Upplyste paa Timen ferduge til aa tru, at det er Paafunn av Folk, som vil vekkja Røre, elder som vil kliva upp i Høgdi; kanskje dei endaa trur, at det er eit Verk av den Vonde sjølv. Dei tenkjer ikkje paa aa undersøkja, um det er til Bate for Folket; ikkje helder hugsar dei paa, at um enn Framsteget kostar Pengar, so vil det daa gjeva mange Gongar meir, enn det kostar. Som t.d. den nye Skulelogi av 1860. Det kostad mykje aa setja henne i Verk; men tru nokon no er so stuttsynt, at han tykkjer, det var unyttige Utgiftar? Soleids ogso med dei Saker, som no stridast um: Riksraadsaki, Jury, Herordningi, Røysteretten o.s.fr. _ Kina maa vera eit Mynsterland fyr desse Gamalkjære; der er ikkje mykje av Framsteg elder Paafunn. Men tru desse Folk vilde lika seg, um det var her som i Kina? Aanei eg tenkjer det, dei med oss vilde beda Vaarherre fri oss for slikt Stell. Altso: Framgong maa her vera, for Stilstand er død; og skal det ein valda litet Uro imillom aat, so veit me, at Fred er ei det beste; men at man noget vil. So bør me og hugsa, at Framsteget lyt ganga jamnt. Aa stengja for det er liten Mun i, aa setja absolutte Vetoar for det er verre enn ikkje. For Framsteget er som Elvi, som lyt hava sitt rolege Laup. Demmer du upp for henne, so anten stig ho yver alle Stengslur, elder bryter ho deim ned. Lat oss so vera einige um aa sverja Framsteget Truskapseid og ikkje halda paa det: at me vil hava det med det Gamle.


n