Svar aat Ingjald Kj. og Jonas N¹).


Eg ser, at det er ein Ingjald Kj. og ein Jonas N., som er ute i No. 15 av Fedraheimen og skreiv imot det Stykkje, som eg skriv om Maalsakja i No. 14 av dette Blae. Eg skjønte, at det var some, som inkje likte dei Tankom, som eg kom fram med der. I. Kj. segjer, at det var berre noko Tull, eg for me, og at ein sann Maalmann inkje kann vera me paa noko som de, eg skriv om. Eg synes, at det er drygt sagt dette. Ette som I. Kj. segje, so kann vel inkje daa ein Mann som O. J. Høyem vera nokon sann Maalmann. Men um I. Kj. kjem fram aa segjer det, so finn de inkje Gjenklang lel. Eg kjenner inkje I. Kj., men eg hev ei Von um, at det vil gaa mang ein Dag, fyrr I. Kj. hev tala og skrive so mange varme Or um Maalsakja og arbeit so trutt for henne som O. J. Høyem. Berner kann vel helder inkje vera nokon sann Maalmann, _ for han brukte, sovitt eg hugsa daa, mykje sterkare Or enn eg, um at Ivar Aasen si Maalform var unaturleg for det norske Folk. I. Kj. segjer, at eg hev sagt, at Maalforma aat I. Høyem er norskare enn Aasens. Dette hev eg inkje sagt, sovitt eg hugse daa. Eg hev inkje liggande for meg no det Stykkje, eg skriv. Men eg trur, at eg skriv paa Lag so: Naar ein daa skal laga til ei Maalform som er høveleg for det norske Folkje, so er det ette mi Meining tvo Ting, ein lyt sjaa etter, og det er aa freiste aa faa til ei Maalform, som er so norsk som mogleg og so lik Uttalen aat Fleirtale som mogleg. Eg trur, at I. Aasen hev sett paa de første, men inkje paa de siste (Um Ora fall plent so elder inkje, veit eg inkje, men Meiningja var so.) Likaleids sagde eg, at eg trudde, at Maalforma aat Ivar Høyem var meire lik Uttalen aat Fleirtale enn Aasen si og endaa bra norsk au. Men at eg ved dette skulde have sagt, at Maalforma aat Aasen inkje var norsk nog elder at Høyem si var norskare, kann eg inkje skjøne. I Kj. segjer, at det er inkje rett aa kalle den vanlege Landsmaalsforma for Ivar Aasen si, for dei, som no skriv Landsmaale, skriv det inkje som Aasen staka det upp i Maalformen sin for ein 30 Aar sidan. No, dette veit eg au. Men ein hev no gjerne kalla den Landsmaalsform, som no er den vanlege, for Aasen si, og difor gjore eg det au. I. Kj. segjer, at den Maalforma, som no er brukeleg, er Folkje uppøvt i. Me mykje Stræv, segjer han, har de vorte uppbygd ei Maalform, som Folk heile Lande runnt skriv og kjennes ved og elske som si eigje. Ein skulde ette dette tru, at det var berre Velstand her i Lande. At Maalsakja var noko, som alle var glad i. Men dessverre vi kann inkje rose oss av ein sovoren Velstand enno. Iallfall har inkje Maalsakja vunne aa vakse seg so sterk her hjaa oss Trønderne enno og vandt nokon annan Stad au. Ja kanskje inkje i sjølve Telemarkjen helder, der det segjes, Maalsakja skal hava kome lengst fram. Det er vist sume der au, som ein kann segja um, at det inkje er sanne Maalmenn. Nei, Maalsakja hev inkje kome langt fram enno. Hugs berre t.d. paa kor overlag mange Bla, det kjem ut her i Lande, men berre eit einaste lite eit paa norskt Maal, eg tarv inkje taka fleire Døme for aa syne, at Maalsakja inkje hev vorte noko Folkjesak enno, som Folk Lande rundt elske. Nei, vi fær vel stræve mang ein Dag enno, fyrr vi vinn so langt fram, at Folk Lande runnt elske Landsmaale og kjennes ve det, som sitt eigje Maal, og eg vone, at Ingjald Kj. trur det au, naar han tenkje seg um. At inkje Maalsakja hev kunna vakse seg lenger fram, enn ho hev gjort, trur eg kjem mest av di, at det finns so mykje unorsk hjaa oss enno, so mykje Vesaldom og Skrap, men og av di, at den Maalforma, som hev vore og er, er noko framande for Folkje, er for mykje ulik Uttalen aat Fleirtale aat Landsfolkje; so eg trur, Maalsakja kunne vinna fortare fram, vist det vart brukt ei Maalform, som likna meire Uttalen aat Fleirtale av Landsfolkje. For det er, som eg nemnte vist au, so undarlegt med det. Folkje og Maale er eit. Maale er vokse saman me de finaste, som finns paa Hjartebotten hjaa oss, og de gjeld difor om aa faa Bokmaale so likt Talemaale som mogelegt, faa de so naturlegt som moglegt, so heimlegt som moglegt. De var de, eg vilde peike paa i de Stykkje, eg skreiv i No. 14. Eg vilde inkje søkje aa tyne Maalsakja, som de ser ut til, at I. Kj. trudde, at eg vilde. At de gjeld om, at vi Maalmenn oppmanne kvarandre til aa halde ihop og prøve aa vekkje einannan til meire Arbei, totte eg er rett au. De trengs inkje minst no, daa de er sannt, som I. Kj. segje, at Politikken stend ofta i Vegen no for Tia, men de blir inkje Oppmanning ve di, at ein segje, at den kann ikkje vera nokon sann Maalmann, som trur, at vi var betre tente me aa faa ei anna Form paa Landsmaale enn den, vi hev no, og vil gjera sitt til, at vi kann faa ei sovora. I. Kj. spør meg, om ho inkje er bra nokk den Maalforma, me har no. Til det kann eg svara, at Forma er vist bra. Eg skreiv ei Stund sjølv den vanlege Landsmaalsforma og var gla i henne. Men so tok eg til aa tenkje paa, at I. Høyem si Maalform var meire lik Bygdemaale mitt, og var vist, ette som eg høyrde meire lik Uttalen aat Maale aat Fleirtale av Landsfolkje enn Aasen si, og de har eg inkje sett nokon retteleg sagt imot enno. De var difor, eg tok til aa skrive Forma aat Høyem. De ser mest ut til, at baade I. Kj. og J. N. trur, at den Landsmaalsforma, som no er, er so go, som nokon kann bli. Ja, J. Kj. segje, at de Maale, som vi no kalle de norske Bokmaale, er so likt Talemaale, som noko Maal kann vera. Eg trur, at den, som me Vissa kann segje sovore, maa vera ein stor Maalmann (Sprokmann,) og de kann kanskje hende, at I. Kj. er ein so stor Maalmann. Men likavel fær han finne seg i, om de er nokon, som tvile paa om Landsmaalsforma er so heimleg, som han segje. At den Maalforma, som me no hev, og som har vorte brukt i 30 Aar, er so go, som de er mogleg no for Tia aa faa noko norsk Maalform, tykkje eg er Tøv, aa segje. De ser ut til, at I. Kj. blir reint upp igap, naar han fær sjaa, at eg trur Fleirtale av Landsfolkje var betre tente me Forma aat Høyem enn den, som no er den vanlege. Aa jau, de var aa vone, at han var de. Høyem si Form kann vera bra nokk for ein Trønder kanskje, men som Normalform for heile Lande, trur han inkje, ho duge. Aa nei, de kann hende, at ho vart noko framande, serleg i Fyrststonne, t.d. for ein Telemorking elder ein Vestlending, men de er sannt, som J. N. segje, at den, som vil have noko for seg sjølve, lyt ofre litevetta. I. Kj. spør om kormange de er, som skriv paa den Forma, eg har peikt paa, og om kormange, som har Kjennskap til de. Eg veit inkje eg, kormange de er, som skriv henne. De er vel inkje mange enno. Men fordi hev eg vel Rett til aa peike paa den Forma som paa ei Form, som eg trur er meire skjikka til Normalform, enn ho vi hev. At de kann vera some Ting, som vante ve Høyem si, har eg inkje negta for, tvertimot. Om de er inkje mange enno, som har Kjennskap til Høyem si Maalform, kann vel vera. Men de er ei smal Sak aa faa de. Norsk Maallære av Ivar Høyem koste berre omkring ein 40 Øyra, og hev ein daa lese noko Landsmaal og har eit nokoleids Bygdemaal, er de snart gjort aa lære den Forma. Vi skal hugse paa, at om de vart so, at de vart tekje til aa skrive paa den Maalform, eg no hev peikt paa, elder paa ei anna, som var paa Lag so, so turvte ein inkje ve de, som de mest ser ut til, at I. Kj. og J. N. trur, vrake mest alt, som hev kome ut paa norskt Maal til dessa. Nei, de vart Samanheng imillom de. Same korleids Forma paa Landsmaale vert, so vert Ivar Aasen likevel den fyrste, som blir nemnt, naar de vert tala, om kven som hev gjort mest for aa gjera Maale kjennt. Ivar Høyem segje de i Førorom aat Maallæron sin: De segje seg sjølv, at I. Aasens norske Maallære og Orbok har vore Hovukjeldone for meg under Arbeie me ei slik Bok. Naar J. N. beintfram segje, at de aa gjera, som eg har peikt paa, er de same som aa segje til Aasen og Vinje o.s.b., at de Maale, vi har havt i 30 Aar, er inkje noko tess, vi maa gjera heile Greia oppatt, so synes eg, han tøve noko. Er de so daa J. N., at viss inkje de norske Bokmaale, vi no hev, er so godt som noko norskt Landsmaal no for Tia kann bli, so er de inkje noko tess? Naar J. N. segje, at den, som elske Diktarane vaare og de Maale, dei skriv, segje inkje som eg, so synes eg, at han er noko undarleg. De ser ut, som om han trur, at eg for Skuld de, at eg meire har huglagt ei anna Maalform, so kann eg inkje elske dei Mennerne, som hev skrive paa den andre Forma helder. De ser mest ut, som om J. N. elske Diktarane inkje for dei Tankane, som dei kjem fram me, og for de, som dei skjildre, men berre for Maale, dei skriv. J. N. kann vist daa inkje elske mange Diktare. Bjørnson kann han vist inkje synes om, for han like vist inkje de Maale som Bjørnson skriv. Eg like de inkje, langt mindre gjer vel J. N. de. At de kann gjera sitt til at ein elske ein Diktar meire, naar Diktaren skriv Maale soleids, som ein sjølv har huglagt de, er sannt, men de er vel likevel au sannt, at de inkje er sovorne utvortes Ting, som skape den største Kjærleikjen til ein. De er vel J. N. sams me meg om au, naar han tenkje seg litevetta om. Jau, eg kann segje J. N., at eg elske alle desse Mennerne, som han nemnte opp: Eg trur, at dei har gjort mykje for aa auke Norskdomen og Fridomen i Lande. Eg var so gla i Garborg i fyrste Takje, han tok til med Fedraheimen, de var mest ingjen, eg heldt so av, og endaa synes eg om han, fast om de inkje er somykje som daa. J. N. veit inkje, om eg vil skjipa ei ny Maalform elder inkje. Nei, de vil eg daa inkje. De kjenne eg meg inkje Kar til, og inkje trengs de vel helder, daa eg trur, vi har ei lel, som ligg nær Talemaale. J. N. segje, at I. Aasen er den største Vitenskapsmann, vi hev, og den Forma han hev sett opp, har han meire Tru om enn paa den Forma, som Per og Paal bryggje ihop. No, dette kann vera. Kva han meine me Per og Paal, veit eg inkje. At I. Aasen er ein stor Vitenskapsmann, er han vel. De kann hende, at han er den største, vi har au. Men om han er de, so er de derme inkje sagt, at han har raakt so godt, som de læt seg gjeras, naar han skulde stelle opp ei Normalform for de norske Folk, som var so samanvakse me de finaste og djupaste, som er hjaa Landsfolke, som de kann vera mogleg, at ei norsk Maalform kann gjera. Eg trur, at de var inkje noko lett og greidt Arbei for 30 Aar sian, aa laga til ei Maalform som var høveleg for oss, daa de norske Maale daa inkje hadde vorte skrive paa so mange mange Aar. Om ein daa inkje me ein Gong raakte paa, so fær ein vel inkje segje noko paa de. Baade I. Kj. og J. N. segje au, at de er ingjen, som skriv Maale no, som Aasen staka de opp. J. N. segje, at de synte seg snart, at Maale aat I. Aasen var noko vel stivt. Noko meire var de vel endaa aa svara paa kanskje, men de fær daa vera me dette lel.


Sparbu _28 _4 _84.

O. Aa.
 

¹)Me trur inkje det er bra aa hava formykje med slik Strid. Fedrah.