Tidender. [Eit nytt Stig...]

 
Kristiania, den 9de Mai.


Eit nytt Stig. Dei hev brukat Grunnloven § 75, h. Statsraad Lars Dahll hev voret fram for Odelstinget .


Innstellingi fraa Protokolkomiteen var slegjet upp til Umhandling i Odelstinget um Maandagen. Det vart utsett, dei gjekk beint paaFramlegget hans Konow um aa faa Lars Dahll inn og svara for seg um det som det hev gjenget so mykjet Snakk og som Bladi hev meldt um alt som tidast, at Byrsurne til Heren var gjorde ubrukelege, og at dei hadde ført so mykje Krut inn paa Akershus. Høgre sette seg hardt imot, at dei skulde bruka § 75 her. Det var nokot som aldri hadde voret brukat, det var berre ein Gong det var paa Tale, i 1814, men dei slo det fraa seg att. Og kvat skulde det daa vera verdt for aa gjera nokot framifraa no, det kunde einast vera naar det var nokot vigtigt, men dette her, det var daa berre eitkvart som Bladi for med, og skulde ein bry seg med alt det som Bladi for med, fekk ein sanneleg nokk aa gjera meinte Motzfeldt ¹). Var det nokot sannt i desse Ordi, meinte Cappelen, so var det væl berre Utføringi av nokot som Felttymeistaren alt i fleire Aar hadde havt fram, at dei finare Delar av Byrselaasi burde førast i betre og turrare Hus enn Tyhusi paa Eksismoarne no var. _ Det var daa ei underleg Tid til aa gjera detta paa i Vettertidi, totte Jacobsen; og var det so ille stelt med Tyhusi, som det var paakosta so mykjet for aa faa gode og sikre, so var det ingen annan enn Regjeringi, som hadde Skuldi. Han slo paa det og Cappelen, at slik Uro som det sat i Folk, so var det inkje undrandes, um dei kunde hava Otte for, at nokon kunde vilja taka Vaapni, anten det so var av Høgre hell Vinstre. _ Og Oberstløytnant Dahl sagde det _ ja han viste no ingen Ting han daa, men um so var, trudde han daa ingen kunde lastast fordi han vilde sikra seg mot Eldebrand hell slikt. _ Imot det Snakket fauk Liestøl upp. Fyrst han fekk slengja av seg Lensmanns-hamen og taka til Sæbyggen og tala norsk, daa var han retteleg god, daa var det hugheil Kar, som det var Gaman aa høyra i Tinget. Han kallad slik Tenkjemaate for ei grov Fornærming mot det norske Folket . Regjeringi skulde daa gjort Vaapni uføre, fordi ho trudde Folket kunde taka dei og gjera Lovløysur. Ho burde sanneleg kjenna Folket so pas, at ho viste det, at so lenge ho sto paa Lovens Grunn, vilde aldri det norske Folket gjera nokot lovlaust. Var slikt Smaating so _ Var det eit sjeldsynt Tiltak, Odelstinget her laut gjera, so var ogso sjeldsynt ei slik Gjerd av ei norsk Regjering.

Stang trengde inkje nokre Upplysningar um denne Saki han, sagde han. Men Sverdrup heldt fram, at Odelstinget hadde inkje berre Rett men Pligt ogso, til aa faa ei Greide paa dette, som endaa reint var som ei Bisn for Folk. Det maatte alle vera samde um, at det var ille um slike Ord fekk ganga og øsa upp Folk umotsagde, dersom dei var tome; og var det nokot i dei, so var det bra, at Odelstinget fekk Tak i det. _ Og han meinte det, at det dugde inkje nokot berre aa sende Spurningi i Brev til Departementet og faa att Svar paa same Maaten, for daa viste alle, at det vart berre Vridur og Ordsveipar. Nei ein laut hava Karen fyre seg.

Motzfeldtvilde fyrst, at Saki skulde sendast til Protokolkomiteen for aa granskast betre. Men det gjekk inkje. So sagde han, at han vilde røysta for Framlegget hans Konow lel. Men ingen veit kor Motzfeldt kjem av, for naar det bar til, so vart han hengjande med paa eit Framelgg av Bonnevie um aa senda det til Regjeringi, for at ho daa skulde afgive sin Betænkning um det var verdt for Odelstinget aa spyrja ut Statsraad Dahll, og daa veit ein væl, kvat ho hadde svarat.

Det var berre Høgre som var imot Framlegget hans Konow kann ein vita.

Tysdagenkom Odelstinget samman att for aa vedtaka Spursmaali, som Konow hadde stelt upp. Dei vart vedtekne samrøystes.

OnsdagKl. 10 var Statsraaden bodsend til aa koma. Og daa Mødet var sett, sende dei ein Tenar etter honom, han kom i blankaste Munderingi si og bukkad for Tinget og Præsidenten. Tingmennerne reiste seg, noko som dei hellest inkje hadde turvt gjera, daa det inkje var paa Regjeringi sine Vegner han her møtte fram, men berre for aa standa til Svars for sin eigen Del. Det hadde høvt væl so godt med Vyrdnaden deires um dei berre hadde setet. Det var stelt upp eit Bord med ein Stol fyri nokot til Høgre for Præsidentstolen, der sette han seg. Præsidenten las upp kvart Spursmaalet, so Dahll svarad paa eit for eit. Det var ialt 6. Fyrste Spursmaalet: um det var so, at det var burtteket Laasedelar av Byrsurne i Tidi fyri Riksrettsdomen, og naar, og korleids det var gjort, og kor Laasi var forsvara helst.

Jau det var sannt, svarad Dahll, det var ved Bataljonarne i Østerdalen og Heidemorki og Valdris og Hallingdal og Telemorki Laasi var tekne ut og pakkad i Kassur, ifraa 3 Bataljonar (Heidemorki og Numedal og Valdris) var Laasi sende til Hovuddepotet, og ved dei 3 andre var det Bataljonsjefen som tok dei i Forvaring. _ Paa Kongsvinger var det 20,000 Byrsur umlag, som hadde vortet sundtekne.

Svari til dei andre Spursmaali gjekk ut paa, at det hadde vortet ført 5 Millionar med Patronar ifraa Hovudøyi til Akershus. Og der var det Meiningi dei skulde vera heretter ogso, for det var ulaglegt aa hava dei paa Hovudøyi. Det var Statsraad Munthe _ daa var _ som hadde sett det igang, og det hadde inkje voret dryft i Statsraad.

Dette her var daa gjort, fordi der paa den Tid hos mange næredes Frygt for, at den ophidsede Tilstand, hvori Gemytterne da paa sine Steder antoges at befinde sig, kunde lede til, at Urostifterne kunde sætte sig i Besiddelse af Geværerne paa Bataljonens ubevog- tede Depoter, ligesom ogsaa af de Geværer, der opbevaredes paa Kongsvinger Fæstning, som er uden militær Bevogtning, hvorved, om Vaabene ikke itide var blevne gjorte midlertidigt uanvendbare, et overordentligt stort og tungt Ansvar vilde være paaført Armestyrelsen.

Difor var det ogso dei hadde ført Krutet fraa Hovudøyi. _ Naar dei hadde fragtat Krutet som var att paa Eksismoarne attende til Hovuddepotet, so var det Meiningi, at dette skulde verta ein fast Regel til sidan ogso.

Laasi trudde han var inkje iattsette endaa all Stad, men det skulde verta gjort ved det vanlege Gjenomsynet før Eksisen. Byrsurne paa Kongsvinger var inkje istand endaa, men naar dei pakkad Delarne ut, hadde dei stelt det so, at det inkje skulde verta for tungvinnt aa faa dei ihop att. _ Hellest hadde det alt i 1882 voret Framlegg um at Byrselaasi skulde takast ut og leggjast i gode og fullture Hus.

_ Daa det var avsvara paa dei 6 Spursmaali, sette Konowfram nokre nye, etterkvart som det vart svara; dei vart vedteket samrøystes, og so rette Præsidenten dei til Dahll.

Det var Meiningi, at det skulde ganga reint stillt for seg, upplyste so Dahll, for at dei inkjo skulde auka Øsingi millom Folk. Men det var greidt, at det gjekk inkje væl an aa hava det løynt likevæl, daa det var brukat mange Folk til det. _ Dei hadde haldet paa nære 3 Vikur paa Kongsvinger, sist i Januar og fyst i Februar. Men ein trengde inkje lenger Tid for aa setja ihop att Byrsurne enn det gjekk med for aa samla saman dei, som skulde bruka dei.

Paa Spursmaalet um det hadde voret nokon Tanke um at slike Fyregjerdslur kunde verta utlagde galet millom Folk, svarad han nei.

So spurde Konowum, kvat det var som gjorde, at dei kunde ottast for Uro og Uppstaak hjaa Folk. Men paa det vilde inkje Dahll svara. Og um det var visse Stader serskilt og for visse Saker Skuld dei tenkte det kunde verte Staak. Og so um det var nokot Samanheng millom dette her og dei tvo Kanonarne, som det var sagt stod ferduge med Kulur og Sprenggranatar. Nei han vilde inkje svara paa nokot av det. Um det siste sagde han hellest, at det var ei Komandosak.

Det var inkje fleire enn Konow, som hadde Spursmaal aa gjera. Dermed gjekk Statsraaden.

Det vart eit litet Ordskifte etterpaa. Motzfeldt var sær fordi Konow hadde spurt um annat, enn det som var trykt i Fyrevegen og som Statsraaden var bodsendt um, so han kunde laga seg paa det. Det saag ut, som det skulde gjerast Vandskar for Statsraaden hell setja honom i Beit, tykte han.

So vedtok dei, at Spursmaal og Svar skulde sendast aat Protokolkomiteen.


¹) Det er den same Mannen, som her i Vetter nok for med lausars Rødur enn det som Bladi
plar skriva um.