[Tidender.] Kongen


kom til Byen um Torsdagen. Det var svært litet Mannfolk, som var ute og tok imot honom, det minste me noko Tid hev set. Morgenbladsklikken var burte denne Gongen, og Vinstre kjem vel inkje til aa ropa Hurra for Kongen før han tek til aa retta seg meir etter Folks Ynskje. Av Kvinnfolk var det ute store Ting denne Gongen og; men so stend no inkje Kvinnfolki under Komandoen hans Friele; i minsto ropad dei inkje Hurra.

Morgenbladet hev Hurrabassar aa taka imot honom med, naar han hev komet hit til Hovudstaden. Men me kann aldri minnast aa hava set Klikken so onnug, som sist daa Kongen kom. Sekretæren i Morgenbl., Son aat Statsraad Vogt hadde med seg ein heil Flokk, som burad og skreik alt det dei evnad og vel so det. Dei song Kongesongen og fekk Kvinnfolki til aa vitta med Lumdukar, og so gjekk Sekretæren ned i Morgenbl. og skreiv um, at Kongen vart motteken med stor Ovasjon .

Sidan ein Gong skal og Folk hava set Sekretæren; det var daa Tinget vart opnat. Det er sagt, at han daa sette Huva si paa Staven sin, naar Vinstre-tingmennerne kom ut og bad kameratarne hjelpa seg med aa lægja dei ut.

Det var i den Tidi, Morgenbladet stridde for Statskup.

Men Kongen gjorde inkje Statskup, kor gjerne Friele og Sekretæren hans vilde det, og no i det seinare hev det voret rødt so smaatt um, at han vilde gjeva etter nokot. Folk segjer og, at det er for den Skuld Kongen kom hit no um Torsdagen.

Men no um Torsdagen saag me inkje det minste til Sekretærenelder Flokken hans. Det var difor smaatt med Hurraropingi, og ved Slottet vart det ingen Kongesong.

Kvat kann slikt koma av tru? Hev dei Kararne det paa den Maaten, at dei ærar Kongen, naar dei vil, at han skal gjera Statskup; men inkje naar han vil gjera Folket til Viljes?

Morgenbl. hev preikat so lenge um, at me skal lyda den Styringi, som er av Gud. Lat oss no sjaa, korleids det ber seg aat, um Kongen tek frilynde Statsraadar.


_ r. _