[Tidender.]

Der maa arbeides. Fædrelandet for Torsdagen er ute med ei Uppmaning til Høgre. Det er mykjet ugjort, difor lyt det no arbeidast av all Kraft like fraa Lindesnes til Nordkap, skal den gode Saki sigra meinar Bladet.

Me tykkjer, at Høgre hev arbeidt nokk desse siste Aari. Det er vist Synd aa segja annat enn at dei hev gjort sitt beste. Ludvig L. Daae hev arbeidt. Han sagde, at Politikken var nokot vondt og at dette Vondet laut drivast med vondt. Han meinte daa, at det var berre Kristendomen, som kunna driva denne vonde Politikken vekk. Gulbrandsen hev arbeidt. Han sagde, at det var unaturlegt, at dei som vart styrde valde dei som skulde styra. Rustad hev arbeidt med Svenskeskræma. Aubert hev arbeidt med den juridiske Sopelimen sin for aa sopa Faakunna ut av Folk. Luthersk Ugeskrift og Fædrelandet og Uppropararne hev arbeidt med aa faa Gud til aa vera naadig berre mot Høgre. Morgenbl. og Budstikken og Aftenposten hev havt det annvinnt med, kvat Svensken og Tysken vil segja um Striden vaar. Kann det so gjerast stort meir?

Løni, som alle desse Arbeidsmennhev fenget for Slitet sitt, er 9 tome Sessar i Tinget, og skal dei no arbeida meir, so kann det vel henda, at dei er so heppne aa missa dei Plassarne, dei hev att og.

Aa ja! Folk er so litet upplyste.


StatsministerLøvenskjold hev sett ned Leiga for Tufterne sine med 4 Krunur for dette Aaret, fordi den nye Skattelov, som Stortinget mod Regjeringens Ønske har skjænket os, har lagt Byrder over paa den arbeidende Klasse, der tjener sit Brød i sit Ansigts Sved, medens Rigmanden, der sidder med en større Eiendom i Forhold kun yder lidet .

Me hev no lengje vist, at Løvenskjold inkje hev havt stor Greida paa Skatteloven elder korleids den vart til; men me trudde inkje, at dei 4 Krunurne var den beste Rettarboti. Me trudde det vilde vera best aa lata Arbeidaranne faa Stemmeret, so dei sjølve kunna faa vera med aa faa Skatteloven slik, at han var til alles Bate.

Konstitusjonsnemndihev gjort Framlegg til Tinget um at det Stemmeretsforslaget av Sverdrup, som Tinget vedtok i 1881 skal vedtakast i Aar og.

Ein dømd Statsraad. O. A. Bachke hev fenget Lov til aa gjera Prøva, som trengst til aa verta Høgsterettsassessor. Korleids skal det ganga an, um dei tek ein dømd Mann til Domar, og allvist ein dømd Statsraad, setja han i Høgsterett? Det var daa iallfall vist, at i Tilfelle Riksrett vilde ein slik ein verta kjend ugild. Og kor som er, vilde ei Utnemning av honom verka mykje til aa minka Vyrdnaden for Høgsterett, som inkje hev Raad til aa missa nokot i so Maate. Loven krev uplettet Rygte i Embættesferd av den som skal verta Domar. Det er ein til, som det er gjevet Lov til aa taka Prøva, Landsdomar Andersen, so det stend daa fritt for Regjeringi endaa aa sleppa nokot, som kann vera til Æremink og Skade i mange Maatar.

Vetoforeiningi i Trondheim hev sent eit Telegram til Morgenbladet, og i det vert det klagat mykjet yver, at der er Tale om Underkastelse og Eftergivenhed. Telegrammet hev og ei Lekse til Tingmennerne fraa Trondheim. Dei skal vera so gode aa stydja Styringi, so ho slepp aa gjeva etter.

Det er nok Tanken aa faa Høgremennerne andre Stader og til aa koma med slike vitlause Uttalur, og Meiningi er vel den aa faa Kongen endaa ein Gong til aa taka eit Raad, som Folket inkje hev Tiltru til. Me fær snart sjaa, korleids det gjeng med det.

Vinstremenn ved alle Val. Innstellingi gjeng ut paa aa reinska ut alle Høgremenn ved Bankembætti no. Stortingsmann A. Quam er sett fram som Bankstyrar i Trondheim, O. Arvesen paa Hamar, Adjunkt Schjøtt i Halden, Stortingsmann Berner i Hypotekbanken o. s. v.


Lønstilleggaat Lærarar ved høgre Skular vart vedteket av Tinget.


Dervar gjort Framlegg til Tinget um, aa gjeva Dr. Bang Løn som Extraprofessor; men det vart inkje godkjent 54 imot.

Dei som røysta for Bang var: Roll, J. Sverdurp, Kirkhorn, Haugland, H. Bentsen, Smitt, Birkeland, F. W. Bugge, Moe, Rolfsen, O. R. Rynning, Flor, C. Rynning, Didrichsen, J. J. Dahl, Bech, Saxe, Blackstad, Hansen, Motzfeldt, HansenFosnæs, Wisbech, P. P. Nielsen, N. Arctander, Thorne, Havig, S. Arctander, S. Nielsen, Melhus, Andersen, Knudsen, O. Nilsen, Vik, Schiørn, Cappelen, Hjorth, Steen, Oftedal, Fosse, Wennberg, Drevland, Schøyen, Lorck, Bonnevie, K. Bugge, Wexelsen, Harbitz, Hille.

Burte var: Stang, Ihlen, Hvamstad, Mustad, Horgen, Lange, Reitan.


Presten Ebbesen, som i 10 Aar hev voret Varaprest paa Baklandet i Nidaros, og som fordi han var Vinstremann inkje kunde verta fast ansett, endaa Folket mest alle hadde søkt um aa faa honom, hev søkt Tinget um Vart-pengar. Der var eit hart Tak um det i Tinget idag. Wexelsen, H. Bentsen og L. Bentzen tok hart fat i Regjeringi. Heile Vinstre med Undantak av Tonning og Kirkhorn fraa Nordre Bergenhus røystad for, at han skulde faa Vart-pengar, for dei meinte, at det er Tinget si Plikt aa hjelpa Folk som paa den Maaten maa lida for dei er Vinstremenn. Nordrebergenhusingar, det er aa leggja Merkje til, kor dei tvo Kararne stelte seg. Skulde det inkje vera aa tenkja paa aa faa Folk med heitare Vinstresyn derburtefraa? Vil de sjaa etter, so vil de finna, at det er inkje berre den Gongen dei Kararne inkje er aa lita paa.

A.


Ein Lærar i Fædrelandet er ute og fortel, at han inkje kann halda med Vinstre. Han les upp det 4de Bud, og so finn han ut, at Vinstre inkje er lyduge Born. Skal dei tura slik fram, meinar han at Guds Straffedom maa koma. Og Straffedomen er: Splid, Ufred, Krig og Dyrtid . Mannen hev lært so mykjet, at han veit, at Myndigheder er av Gud; men det ser ut for, at han inkje kjenne sopas til Noregs Grunnlov, at han veit, at Tinget og er Myndighed.


Hallingluren indbyder herved Valders og Hallingdal til Deltagelse i en Kapblæsning paa Lur og Prillarhorn og Kapspil paa Langleik, der tænkes afholdt i førstk. Juli Maaned, enten i selve Hallingdalen eller paa Fjeldet mellem denne og Valdres, forsaavidt en antagelig Plads kan findes der. Som 1ste Præmie for Lur er opstillet et af Turistforeningens Formand, Hr. Konsul Heftye, skjænket Sølvbæger, antagelig værd 40 Kr., og som 1ste Præmie for Langleik ogsaa et Sølvbæger, skjænket af Turistforeningen og antagelig værd 30 Kr. (begge opstillede ved forrige Kapblæsning her, men ikke uddelte). De øvrige Præmiers Antal og Størrelse vil først senere blive bestemt, ligesom Tiden og Stedet for Mødet nøiagtigt angivet. For dem der som forannævnte maatte have den Interesse for Hallinglurens Formaal, som er at gjenoplive den omhandlede nationale Musik, at de ønskede at støtte Bestræbelserne derfor ved at yde Bidrag til Præmier ved Anledningen, bemærkes, at saadanne modtages med Taknemmelighed.

Gol den 7de Mai 1884.

Paa Bestyrelsens Vegne

H. A. Berg.


PrestenMeyer i Ly er ute i Morgenbladet og kalgar paa Lars Oftedal. Han ber seg svært ille yver, at Oftedal trengjer seg inn og preikar andre Stadar enn i Stavanger, Oftedals Indtrængen er en Søndersplittelsens Gjerning og en Hindring for et planmæssigt, ordnet og samlende Arbeide, segjer Presten.

Me skulde ellest hava Hug til aa vita, kvat for Slags Plan baade Meyer og andre Prestar fylgjer og kvat Slags Maal dei tenkjer aa kunna naa, naar dei inkje vart hindrad av Oftedal, men fekk fylgja Planen sin. Er Maalet det aa vinna Sjæler for Guds Rike, so kann vel inkje det planmæssige Arbeid kvaklast ved det, at Lars Oftedal talar Guds Ord til Folk; men er Planen den, som kom fraa Danskekongen Kristian den 5te og stend i Ritualboki, og Maalet det aa faa so og so mange hundrad Krunur um Aaret og ellest hava det godt i Ruggestolen, so kann me nok skyna, at Oftedal er til Mein.


Ei trottug Gjente . Ei Gardmannsdotter paa ein av dei store Gardarne paa øvre Romerike hadde forlova seg med Sonen aat Husmannen av Far sin. Og dei hadde lova kvarandre aa halda saman, koss so Framtidi vart for dei. Men Foreldri aat Gjenta likad ikkje denne Forlovingi og dei var fælt leide med Dotter si. Og endaa verre vart dei, daa det kom ein rik Gardmannsgut og fridde til henne.

Husmannsguten vart daa liksom av seg komen av Sut og stellte seg til aa fara aat Amerika. Gjenta tok det med Ro, daa dei laut skiljast, og alt var som vanlegt. Men ein Torsdag kom Gjenta burt, plent liksom ho skulde vera i Berget teki.

Foreldri hennar tok Tankar av dette og vart sutfulle. Og Mannen reiste til Byen andre Dagen for aa leita etter henna. Men ho var kje til aa finna nokon Stad.

So fekk han høyra, at det skulde gaa eit Amerikaskjip denne same Dagen. Daa vart han fælen og gjekk ned paa Bryggja. Dampbaaten seig daa nettupp fraa Landet og utigjenom Fjorden. Paa Dekket saag Mannen Dotter si, og ved Sida hennar stod Husmannsguten.

Det vore snart aa vera Husmannsgut og, naar det fann mange slike Gjentur, høyrde eg ein sagde, daa han fekk høyra denne Soga.

_ m _


Statsministar Stang er hardt sjuk.


Professor Monradhev stemt Styraren av Dagbladet for eit Stykkje um ein Moralfilosof.

For frisinddet Christendom No. 11 inneheld: Bibelens Urimeligheder. _ Christendomen og Mængden.


Norske Kjæmpevise-Melodier harmoniserede for blandede Stemmer af Ludv. M. Lindemann er utkomet. 1ste Hefte inneheld: Dalebu Jonson, Aasmund Frægdegjæva, Roland og Magnus Kongen, Haugebonden, Beiarblakken. Ialt 4 Hefte. Kr. 0. 75 for kvart Hefte.


Ein Høgretale. Paa ein 17de Maifest, daa Skaali for Kongen skulde berast fram, viste inkje Talaren, som var høgre, aa segja annat um Kongen enn at han efter Forlydende var ein kunnskapsrik Mann.


Aasta Hansten, som for ei Tid sidan reiste til Amerika, hev no fenget istand ein Basar i Boston. Det, ho kann tena med den, vil ho sende til Folkevæpningssamlagi i Norge.

Basaren tok til den 1ste Mai.


Med Greidingi av Sakerne i Ægyptia ser det ymist ut. Det er inkje alle som er hugad til aa koma saman til eit fredeleg Møte for aa dryfta det, naar England framleids vil halda si Magtstelling dernede. Det er Franskmennerne, som krev paa det, og det skal vera Gladstone, som skal vera imot aa sleppa Magti dernede.


Eit Møte av frelste Drikkarar vart haldet i London. Det var Frelsesheren som fekk det istand.


Til Amerika kom inkje mindre enn 66,100 Emigrantar i April d. A.


Styringi i Rusland krir mot Nihilistarne og Nihilistarne krir mot Styringi no som før. No siste Vika vart mange Nihilistar fengsla og millom dei var endaa ein Marinekaptein. Me vil raada Hr. C. Gulbransen til aa reisa dit. Der treng han inkje vera rædd for, at dei, som skal styrast vel dei styrande.


Det er komet Tidender um, at Franskmennerne er tenkte paa aa halde ein stor Fest i 1889. Det er daa 100 Aar sidan den store Umstøyten, daa dei sette av Ludvig den 16de og fekk Fristaten. Sama Aaret skal der og haldast ei stor Utstelling i Paris, der alle Land kann møtast i fredeleg Kappstrid. At dei vil minnast Dagen paa ein so festleg og fredeleg Maate, tyder godt og vil finna Samhug kring heile Verdi. Dei, som driv Politikk vil av det faa ei Kjensla av, at i Frankrike er all den Ro, som trengst, for aa faa eit slikt drustelegt Tiltak til aa ganga godt, og at den fredelege Striden inkje hev nokot vondt aa ottast fraa den Kanten.


Tinget i Frankrike hev vedtekjet Forslaget um at Grunnloven skal brigdast.


Skilnadmillom Ægtefolk hev lenge voret ulovleg i Frankrike. No hev Tinget vedtekjet ein Lov, som tillet det.


Nasjonalboksamlingi i Paris hev inkje mindre enn 2,500,000 Band.


Ein Bladstyrar i England kann hava like so høg Løn som ein Konge. Mannen i Times hev i Aarsløn 450,000 Kr. og det er fleire som hev yver 200,000 Kr. Medhjelparar i Bladi kann jamvæl hava noko Hundra Tusund. Naar det berre var so god Tid for Bladmenn her i Norig, daa skulde det væl vera gjildt.


Regjeringskiftet. Kongen heldt Statsraad med det same han kom. So vart Broch kalla upp paa Slottet, Broch hev sidan havt ein lang Samtale med Sverdrup. Idag vart Sverdrup bodsend av Kongen og var uppe og talad med honom. Sidan hadde Præsidentskapet i Tinget Møte. Statsraad vart haldet idag att. Det segjest at alle Raadarne hev søkt Avskil.

Broch hev endaa inkje svarat vist anten ja hell nei paa Spursmaalet fraa Kongen um han vilde dana ei ny Regjering. Han vil nok fyrst hava det greidt korleids eit Forlik kan koma istand. Ikveld er Broch og Sverdrup isaman att.


Arbeidersamfundets comité
for børns ophold på landet i sommerferierne skal herved tillade sig i ærbødighed at anmode familier, som der er skeet henvendelse til om at modtage et eller flere børn isommer, forsåvidt svar ikke er afsendt, at tilbagesende anmodningen med påtekning, hvorvidt den kan efterkommes eller ikke, under adresse: Arbeidersamfundet. Børnekomiteen. Kristiania .


Noko rettleidande Or til Gudbrandsdølen I. K. i Fedraheimen No. 11.

Det var vondt koss ille du var ibeit med at binde inn Fedraheimen for Skuld dei Lauslapparne som du kallar deim. Men etter det, eg er so smaatt ein Bokbindar vil eg gjeva deg eit godt Raad um kosse du skal fara aat, naar du vil feste dei Lauslapparne. Du maa byrja med aa setja saman Tilleggi No. 1 og 2, 3 og 4 o. s. b. til du hev sett ihop allesaman, og det maa du gjera soleids, at du legg deim litevetta om einannan og klistrar deim til med eitslag Bokjit, daa bli dei laga som heile Blad og daa gjeng det som ein Røyk aa binda inn Fedraheimen berre du passar og legg deim ihop etter Nomri. Med detti kann det vera nok, men lat oss Fedraheimslesarar skaffa ein ny Tingar kver paa Fedraheimen, so vil han vist auka so me fær tvo heile Nommer i Vika . Ja lat oss no vera samstelte og gjera Aalvor av det og inkje lata det berre bli eit laust Prat lenger. Det skulde vera hugsamt sjaa Fedraheimen koma tvo, tri Vendur i Vika, daa skulde det bli gamasamt i Fjøllstogun dei lange Vetterkveldan daa.

G. Thorgeirson.