Rispur.


Lars Fiskar fraa Aurskog fortel: Eg saag ein Dag nokre Endar i eit Vatn. So gjekk eg til Grannen min og spurde, um han inkje hadde eit Gjevær aa selja meg. Jau han hadde ei gamal Soldatbyrsa, han gjerne kunde selja meg, sa han. Kvat vil du hava, spurde eg att. Aa, du kan gjeva med det du lystar, sa han. Nei, sa eg, eg veit ikkje Prisen paa anns Manns Varor. So sa han: Vil du gjeva meg 3 Mark. Nei, sa eg; men eg vil gjeva deg 4. So var den Handel gjort og eg drog ned til Vatnet. Der saag eg 7 Endar paa ei Laag. No hadde eg høyrt um ein, som bruka Lastokken sin istadenfyr Hagel, og so tenkte eg aa gjera sameleis. Eg la i eit godt Lad Krudt og stakk so Lastokken inn. So heldt eg frampaa og skaut; men du kann tru dei rauk i Vatnet alle dei, som paa Laagi sat. Best som eg stod og tenkte paa kor eg skulde faa Endarne tillands, høyrde eg ei Flagsing og eit Skrik. Daa eg skulde sjaa til, hadde Lastokken skotet seg upp i eit Tre, som stod like ved og raakad ein Tiur, som sat i Treet. Med det same Tiuren hadde fallet ned, var ein Rev komen framum: Tiuren hadde trefft han og sleget av Ryggen paa han. Eg skulde stad og fata Reven og Tiuren, men gleid med det same ut i Vatnet. Eg prøvde aa kravla meg upp att, men daa eg skulde faa Byrsa med meg, kjende eg, det var so tungt. Eg til aa sjaa etter, og so var det ei Gjedda, som hekk fast ved Hanen paa Byrsa. Eg fekk sendt Bod etter 3 Hestar, som eg spende fyre Gjedda. Dei drog henne upp; men ho var so stor, at daa Hestarne hadde naatt Garden og gjenget 3 Gonger ikring Laaven, var endaa Sporen i Vatnet. _ So fekk eg like fyr dei 4 Markene mine.

n.