Tidender. [Semja.]

 
Kristiania, den 6te Juni.

Semja. No stend det i same Skora med Politikken som det hev stadet so mangein Gong. Det er Ynskje um Soning hjaa baate Høgre og Vinstre; det finnst ein Mann, som Folk held for aa vera Kar til aa greida det, og som hev Tillit og Vyrdskap med seg til aa standa i dei høgste Stillingar; Ministeriet hev set, at det ingenting magtar og vil gjeva seg, og Kongen segjest aa hava ei aalvorleg Meining paa aa faa Fred og er komen til Byen.

Slik hev Stellingi voret mange Gong; før ogso hev Vinstre bodet Høgre Fredsvilkor, som vart ærefulle, og mange vituge Høgremenn var hugad paa det, og Kongen kom til Byen med ei god Meining um aa greida det.

Men korleids gjekk det?

Inkje Fleirtalet av Folket, inkje den upplyste Del av Nasjonen, men den vesle Kristianiaflokken som lyder Maalet hans Kristian Friele og Markus Monrad var det tilslutt som fekk truga sitt igjenom.

For kvar Gong ei Utgangsdør vart sett paa Gløtt, fekk dei smellt ho att og gjort Bendingi hardare og hardare.

Tru den vesle Flokken nokotsinn vil taka til Vitet?

Ja daa lyt dei gjera det no. For kannhenda det hellest vart siste Gongen, at dei fekk sjaa Vinstre naadugt.

Og gjer dei det inkje no, so fær dei einast bera Skuldi for Strid og ulukka framgjenom Tiderne, daa fær dei einast bera Skuldi, um det skulde verta til det, at Kongemagti vart forspilt i dette Landet.

No kjenner dei Vinstre, no veit dei at det er Aalvor med oss, me vil setja vaar Sak igjenom og me magtar det nok, um det og skulde verta ved Seigpining.

No ser dei ein ny Riksrett sviva yver Hovudet sitt og det ein som ikkje vil verta so mild som den fyrste.

No ser dei, at dei maa rjuka, korleids det so gjeng.

Vil dei endaa ikkje gjeva seg og taka mot ein ærefull Fred?

Ja me fær snart sjaa det, kor stor Magti deira er, og um det enno finnst den same Traassugheiti og Blindska baate for si eigi og Landsens Framtid hjaa dei.

Enno er ingen Ting greidt.

Men O. J. Broch er Mannen som no alle Augo ser imot.