Bokmelding.

 
Peters fyrste Brev , umsett fraa Gresken av A. M. St. Arctander. Dette Verket hans Arctander hadde eg ventat det hadde vortet skrivet nokot um i Fedraheimen. Eg totte der burde skrivast nokot um dette Arbeidet, iser daa Arctander hev søkt um Staatshjelp for aa halda fram med si Bibel-umsetjing; og daa ingen likare hev gjort det, vil eg freista so godt eg evler.

Den fyrste Tokken, du fær, naar du les Arctanders Umsetjing, er, at der er lagt mykjet Arbeid paa henne. Arctander segjer dette i Forordi sine, og du kann ogso tydeleg sjaa det, naar du les igjenom Brevet med Umhug. Dernæst er det greidt aa sjaa, at Arctander ikkje hev lagt det minste Lag paa, korleids Ord og Ordfelling er i den Bibelumsetjingi me hev (den danske). Han hev umsett beint fram etter Grunnskrifti, og det ser ut til, at han hev lagt serleg Vinn paa aa faa Ordleidingi so lik den Grekiske som moglegt, og likeins aa faa maalgreidt det med eit Ord i Norsk, som er maalgreidt med eit Ord i Grunnskrifti. Han talar ogso um dette i Forordi sine: Det steig fram for meg, ikkje berre samstelte orð men jamvaksne orð-leiðingar og tankegreiðingar paa greske og norske målet. Utor denne reint språklege kjelda er so å segja kvar vending i umsetjingi aust.

Her trur eg, Arctander hev fallet i ei Snara. Han hev lagt so stor Vigt paa aa attergjeva det sermerkte i Grunnskrifti, at han hev forsømt aa faa Stilen og Ordleidingi si retteleg norsk, og aa faa Umsetjingi lettlesi og god aa skyna. Av den Grunn er han ogso vorten freistad til aa laga somange samansette og tildels nye Ord; han hev nemleg inkje funnet nokk av sjølvgrodde Ord, som kunde maalgreida nettupp det Innhaldet, som laag i det tilsvarande grekiske Ordet. Slike Ord som livstein, andheim, inkjelyd, blodrosa o. fl. er vonde aa skyna, um ein endaa les dei i Samanheng. Og endaa verre vert det aa skyna eit nylagat Ord, naar Stilen er tung og mangslungen. Naar det t.d. heiter: Te dyk som lydings-born utan samhøve med lystom fyreåt i vankunna dykkar, men etter heilagmannen som hev kallat dyk, so de er heilage sjølve og i al ferð , so kann ingen annat segja, enn at dette er ein tung og unorsk Stil, og egiallfall laut tenkja vel etter og lesa det uppatter fleire Gonger, fyrr eg skynad det. Og dette er helder ikkje norsk Ordleiding: ... at meðdi dei (heiðenfolki) baktala dyk som illgjerdsame, må dei með sjølvsyn utor dei fine verkjom gjeva Guð heiðer paa vitjardagen. Slik Ordleiding finn du gjenom heile Brevet. Eg totte Moro i aa samanlikna Høyems og Arctanders Umsetjing av ymse Bibelord, og daa kannhenda andre ogso kunde finna det forvitnelegt aa sjaa ei slik Samanlikning, skal eg taka med nokre Prøver her:

Arctander: (Daupen frelser os no) _ ikkje som kjøts fråskilnað frå ureinska, men som godt samvits tilspurnad, som gjeld Gud _ gjenom Jesus Kristo si upstanding.

Høyem¹): Dåpen frelser os. Han er ikkje ei bortvasking av ureinska på kjøttet; men (han er) eit godt samvits avtale med Gud, grunnad på Jesu Kristi opattreising.
Arctander: Stelle dyk daa under al mannaskapnad for herren skuld.
Høyem: Di må stelle dok under al slags folkeleg lagning for herren si skjyld.
Arctander: Krist hev lidet åt os, so han leivde dyk fyreloga.
Høyem: Kristus leid for os og let etter seg eit mønster åt os.

Eg synest, at naar me gjeng ut fraa, at Bibelen skal vera ei Folkebok, so er Høyems Umsetjing betre enn Arctanders i desse Hermurne her.

Ei Umsetjing av Bibelen, som skal gjera Bibelen til det han skal vera: ei folkeleg Uppbyggjelses- og Upplysnings-Bok, maa bruka nettupp dei Ord og Ordlag og den Ordleiding, som Folk brukar, naar dei talar um høge og aalvorlege Ting. Naar Bibelen skal tala norsk Maal, so skal han tala nettupp som det norske Folk talar. Eg hev altid tott, at Maalet i Umsetjingi av Markusevangeliet og Romarbrevet var vel gamaldags; men der er daa greid norsk Syntaks. Men det Maalet, Arctander hev brukt i si Umsetjing av Peters Brev, kann ikkje det norske Folket vera tent med i Bibelen sin. Eg hev ikkje høyrt meir enn ei Meining um dette av alle, som eg hev talt med um det. Og derfor totte eg, at det ikkje var rettugt gjort mot Arctander helder, at han ikkje fær vita Folkemeiningi um dette; for han er ein so vitug og gaaverik og norsklynd Mann, at eg er stød um, han kanngjeva oss gode Umsetjingar av Bibelen, naar han berre vil lata Apostlarne tala norsk Maal i norske Former , og inkje stræva etter aa faa dei til aa tala norsk i grekiske Former, der det paa nokon Maate kann lata seg gjera.

Helder ikkje bør den, som umsett Bibelen paa norsk, vera so likesæl um, korleids den Bibelen lyder, som me til dessa hev havt. Eg trur, at Umsetjaren bør taka somykjet Hensyn til den dansk-norske Bibelumsetjingi, som det er Raad; for det er mange i dette Land, som er vel kjende i Bibelen sin, og dei elskar dei gamle Vendingarne, som dei kjenner so vel, og liksom hev livt paa solengje.

Det vilde gjera meg vondt, um nokon for Skuld dette Stykkjet mitt skulde lata vera aa lesa Arctanders Umsetjing elder lata vera aa kaupa henne, fyrst ho kjem i Handelen. For det vilde dei berra tapa paa sjølve. Der er ikkje litet aa læra av denne Boki hans Arctander. Eg veit ikkje um Lesararne av Fedraheimen hev lagt Merkje til, at Arctander i nokre Fyredrag, han nyleg hev haldet inne i Bergen um Apostlarne, hev framsett den helder nye Meining, at Peter som Apostel serskilt held fram Trui, og Paulus Voni. (Hellest hev me lært, at Paulus er Troens og Peter Haabets Apostel.) Arctander gjev framme i Boki si eit Umgrip av B revet, ei Utgreiding um Tankegangen i det; og denne Utgreidingi er framifraa god, so den er vel verd aa lesa for alle, som hev Hug til aa koma inn i Guds Ord. Serskilt maa ho vera nyttig for Lærarar og dei, som forkynner Guds Ord. Etter denne Utgreidingi hans Arctander synest det verkeleg aa vera so, at Peter er Tru-Apostelen, og at dette Peters fyrste Brev liksom er bygt paa og er ei Forklaaring av Led i den kristne Trui. Eg vil beda so mange, som kann faa fat i Boki, um aa lesa dette Umgripet.

Dessutan kann det vera forvitnelegt for den, som ikkje kann Grekisk, aa lesa Arctanders Verk; for her kann han faa ei Meining um, korleids Peters Brev klinger i Grunnskrifti. Du kann trygt taka paa aa lesa det igjenom; for naar du kjem til nokot, som du ikkje forstend, so kann du berre sjaa etter i den danske Bibelen.

Agdesida, Juni 1884.

A. H.


¹) Den litle Katekjesen 1874.