Gunnar og Far hans.

 

(Av S.)

 

Far hans Gunnar het Torgeir og var ein gjæv Bonde. Han braut upp Nylende og dyrkad Jordi, so Garden gav fleire Gonger so mykjet av seg som fyrr. Han hadde bygt nye Hus, ljose og godt innreidde. Han hogg i Skogen til alle Pengeutlegg, men tok berre det, som ikkje grodde, og det, han med sitt gløgge Syn fann, stod i Vegen. Han vilde bøta paa alt, han hadde med Hender. Han var berre ein liten Stubb denne Torgeiren og ingen rivande Arbeidskar, so Grannarne spaadde honom berre Armod av Umbøterne hans; men han heldt so trottugt ved og hadde slikt makalaust Skyn til aa taka det paa greidaste Maaten, at det fekk Framgang mest alt, han tok seg til. Trøyt og sliten kom han heim um Kveldom eit godt Bil etter andre Folk med det same blide Andlit, som han allstødt, bar. Stillferdeleg og nøgd var han, men gjekk aldri ifraa Retten sin.

 

Torgeir livde i den Tidi daa Fritenkjarskapen raadde millom Storfolket og sume upplyste Bønder. Han var eit Bil i Tvil um Trui; men daa han fekk rett Tak i Fritenkjargrunnarne, stygdest han burt fraa desse og heldt fast ved si Fedratru. Paa Skaapet hans Torgeir laag tvo store Bøker, den eine var ein Bilætbibel, den andre Heimskringla, og det kom aldri Duft paa deim; dei vart brukade for mykjet til det. Paa Veggen hekk Grunnloven i Glas og Rame, og i Hylla stod Bøker av Holberg, Brun og Wergeland. Millom desse stakk det fram ei tykk Lovsamling, og det sagde Folk, at Torgeir var ein heil Lovkrok. Daa Formannskapsloven kom ut, fekk han mangt aa gjera med Heradsstyring og Komissjonar, og han laut tidt greida ut fyre Folk, som kom i ymse Flokar.

 

Kona hans var meir braalynd, tolde mindre Motgang, reiv kvassare til i ei Snøggvenda, men var ellest hugfast, snild og strævsam. Ho styrde so godt Hushaldet som han Gardsbruket, og dei livde eit fredsamt Liv med jamn Framgang baade i Sut og Gaman.

 

I denne Heimen livde Gunnar Barna-aari sine. Han var den yngste av Torgeirs tri Søner.

 

Daa Torgeir hadde sett Odelsgarden sin i gjild Stand med alt, selde han honom til eldste Sonen og flutte med dei tvo yngste til ein vanstellt Gard, han hadde kaupt utmed Sjøkanten. Denne Gubben, som alt var 64 Aar, hadde Hug til aa dyrka og byggja ein Gard til.

 

Gunnar gjekk fyre Presten dette Aaret. ”Eg kann aldri tru, du lærer Leksa di, du les aldri”, sagde Mor hans. ”Spyr Presten!” svarad Gunnar. Daa Hausten kom, stod han øvst paa Kyrkjegolvet, og Mori gledde seg yver sin snilde Gut.

 

Vaaren etter laut Gunnar vera med Far sin og dyrka paa Jordi. Det var tunge Tak fyre den unge Guten. Sveiten draup av honom. Skulde det verta slikt allstødt, var det ikkje Raad aa halda ut. Magti tok so smaatt til aa muna, som Tidi leid, men slitsamt var det, allvist naar dei braut upp Røter, grov Veitur elder gjorde ferdugt Nylende. Sundagen var hans kjæraste Dag, daa var han fri.

 

Det var eit litet Berg attmed Husi. Der kleiv Gunnar ein Sundag upp ei Skortom, det var bratt. ”Agta deg der!” ropad Mori. Gunnar saag ned. Husi var stakarslege. Han skynad ikkje, kor dei kunde faa sovidt Rom i deim. Uthusi var endaa laakare. Jordet hallad jamnt utyver fraa Husi eit Stykkje, men so vart det slett som paa Stovegolvet. Garden laag fager i Solskinet med dei grøne Vollar og dei bryddande Aakrar, som dei no hadde fenget dyrkat upp. Men han kom med det same ihug, kor mange Sveitedropar desse Aakrar hadde soget og vilde suga. Han kleiv upp aa Berget. Han totte, han lengtad. Hugen drog. Der saag han ut yver Sjøen. Baatarne vippad paa dei blanke baaror, Eimbaaten kløyvde Vatnet med svarte Røyken etter seg, og Skip med kvite Segl stemnde ut paa det villande Havet _ til framande Land _ til Amerika kannhenda, der det gror Kveite, berre du pløgjer og saar. Der hadde han ogso Farbror og Faster. ”Det skulde vera rart aa koma til Amerika,” tenkte han, men saag i det same ned. Moderi gjekk just inn, Røyken steig upp fraa Pipa. Han var svolten og kleiv ned att.

 

Etter denne Dagen tenkte han tidt paa Amerika. Men det gjildaste, han viste, var den gamle Heimen, der han var Barn. Aa koma upp millom Fjellom var so friskande etter det tunge Arbeidet. Naar han vitjad Bror sin der, kom det eine Barnaminne etter det andre stingande fram og talad med Løgje og Skuldløysa paa Tunga. Eit Minne var der, som vilde stinga seg framum alle hine. Det var ei liti Gjenta, han hadde gjenget ilag med paa Skulen. ”Den, som kunde raaka henne!” tenkte han og han fekk sjaa henne. ”Nei kor ho hadde vakset! kor væn! Den, som kunde faa sjaa henne tidare!”

 

Daa han kom heim, var det eit Bil, han mest gløymde aa arbeida. Tankarne samnad seg so kring den unge Gjenta, som hadde hugstolet honom. Men daa det leid paa, arbeidde han meir enn fyrr; for Tanken um aa faa Gunnhild _ so het ho _ gav honom Mot og Merg. Han vilde verta hæv Kar. ”Gunnar er strakst full Slaattemann”, sagde Torgeir til Kona si. Han var trottug, godlynd og spak og liktest mest Far sin av alle Borni. Han var kvikk i Hugen og uppsett paa ymse Tiltak. Han drøymde mykjet um seg og Gunnhild og maalad seg ein hyggjeleg Heim med Sol og fagre Engjer og med kvitmaalade Hus millom grøne Lauvtre. Der skulde han og Gunnhild stella med Kyr og Sauder og Grisar og Hestar, med Hagetre og fagre Blomar. Garden hans laag smilande i Solskin, Svalur flaug runnt ikring, Erlur vippad her og der og Sysvorti song burt i Lidi _ og Gunnhild _ ja ho var Dronning i hans Ungdoms rike Draumeland!” Aa! han var vel sæl, maa tru. _ Men ein slik Heim var det væl vondt aa byggja her, det laut vera i Amerika, der han trudde, alle Stengslur skulde brotna, der han skulde liva Livet sitt paa beste Maaten.

 

Desse Draumer bar han paa lenge, og dei kveikte honom. Bar det so nokot leidt til heime, fekk dei endaa snøggare Vengjer.

 

Men no vektest han til Hugverk fyre Syndi og fekk nog med aa søkja Bot fyre Saali si. Daa han hadde funnet Fred og komet til ein meir gudeleg Livnad, lengtad han atter ut yver den blaae Sjøen som aldri fyrr. Det var ikkje lenger Draum. Han var no ein vaksen Gut og vilde stræva seg fram i Livet. I Amerika var betre Livskor, og hans fulle Meining var aa freista ei Ferd. Ein Dag vaagad han difyr spyrja Far sin, um han maatte fara. ”Er det Aalvor av deg?” spurde Faren. ”Ja, eg heve slik Hug.” ”Vil du ikkje helder vera heime hjaa Far og Mor?” ”Eg vil helst fara.” ”Ja plent Samtykkje fær du aldri; men vil du fara, so fær du bera Andsvaret sjølv.”

 

Gunnar tenkte paa dette Svaret. Skulde han vaaga Ferdi utan Fars og Mors Godvilje, og paa si eigi Reikning? Han var tvihugad; men di lenger han tenkte paa dette, di verre vart det aa fara, so gav han seg heime. Han kom vel fram her og. Men det var ikkje so hugsamt fyrr honom lenger.

 

Eit Aar leid. Eg, som enno var ein liten Pjokk, høyrde daa, at Far min spurde gamle Torgeir med Kyrkja, der dei raakadest: ”Kor er det med Gunnar?” ”Aa, han vert nog aldri frisk atter han meir,” svarad Torgeir med ein Sukk. Det lagde seg so tungt paa meg.

 

Eg lyddest til honom ein Gong, med’ han var sjuk. ”Kor tykkjer du um meg no?” sagde han. Eg kunde ikkje svara, Taarur stod i Augom.”Aa, ein fær freista mangt!” sagde han tungt, so tungt. Det var vondt fyre honom aa sleppa Livsvoni. ”Stakars Gunnar!” sagde Mor hans; ”han fliktar so fyre Livet sitt; naar me gamle kunde faa døy i Staden hans!” ”Aanei, du vilde vist ikkje det,” svarad han. ” Aajau, jau det vilde eg!” og ho saag ho hjarteblidt, so kjærleg paa Guten sin.

 

”Aa Mor!” sagde han sistpaa, ”kor glad eg er, at eg ikkje kom til Amerika!”

 

Frå Fedraheimen 26.07.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum