[Tidender.] Billig Frokost.

 
Det er vel mange, som endaa kann minnast, at Fabrikeigar Heyerdahl for ei Tid sidan rødde um, at det inkje var bra aa arbeida for, at Arbeidararne fekk Røysterett elder vart politisk mynduge. Ein skulde sjaa til aa skjikka dei billeg Frukost, det var det einaste ein skulde gjera for dei, meinte han. No hev han sett ned Arbeidsløni aat Folki sine med 10 Prosent, so no er det greidt, at dei lyt nøgja seg baade med billegare Frukost og billegare Middag, enn dei fyrr hev voret vande med. Han Heyerdahl ber seg ille for, at Innkomurne hans er so smaae, at han inkje hev Raad med aa gjeva so stor Løn no som fyrr; men andre segjer, at han hev gjort det for, at Arbeidararne hans inkje skal faa so store Innkomur, at dei fær Røysterett. Um det er sannt elder inkje dette siste, det skal me lata vera usagt; men dersom Heyerdahl hev sleget ned Arbeidsløni utan sjølv aa stande ferdug til aa lida Naud, so hev han inkje boret seg aat som ein bra Mann. Sume segjer, at han hev voret ikring til andre Fabrikkar for aa faa dei og til aa slaa Lønerne ned, og at alt dette er gjort for, at Arbeidararne inkje skal faa 800 Kruner Aaret, so dei fær Røysterett; men me vil i det lengste tru, at Mannen inkje er so raa, at han hev sovorne Grunnar for Framferdi si. Arbeidararne hev no havt Møte og samraadt seg um, korleids dei skulde taka Saki, og dei vart samstelte um aa gjera Streik.