[Tidender.] Faarlege Friarar.

 
I ein liten Landsby, inkje langt fraa Hot Springs Ark i Amerika vart det Leven i Baptistkyrkja ein Sundag. Tvo unge Bondegutar, L. Deshowan og Peter Lewis, hadde baade tvo belat til ei og sama Jenta. Ho var Dotter aat Presten, og Folk sagde, at ho likad Lewis best. Ein Sundag brautad baade Kararne av, at dei skulde fylgja Jenta heim. Dei var baade i Kyrkja, og medan Presten stod paa Stolen, gjekk Lewis av og sette seg ved Sida av Jenta. Dette likte inkje Deshowan, difor tok han Pistolen sin og skaut etter Lewis. Men slikt likad inkje Lewis, difor skaut han etter Deshowan, og so vart det Dundring og Skjoting i eit millom dei Kararne. Kyrkjefolket vart so rædde, at dei rymde ut fortaste dei vann. Ingen av dei stridande hadde fenget Mein, og til Slutten vart daa Folk sopas motuge, at dei gjekk av og tok Vaapni fraa dei. Friararne vart daa samstelte um, at dei neste Dagen skulde ganga ut i Skogen og bruka Nevarne paa kvarandre, so godt dei kunnad. Den som daa fekk so mykje Juling, at han anten laag att paa Plassen elder laut beda um Fred, han skulde inkje hava nokot meir med Jenta aa gjera. Næste Dagen møttest dei daa, og Venerne deira saag etter, at dei inkje fekk hava Vaapen med. Med det sama dei skulde ryka ihop, kom Prestedotri og bad um aa faa snakka med Lewis under 4 Augo og det fekk ho. Daa dei tvo hadde rødt fraa seg, tok Slaastingi til. Lewis vart snart ille medfaren, og Folk trudde, at han snart skulde beda um Fred. Men so med eit bøygde han seg ned og tok ein Pistol upp or Styvleskaftet sit og skaut Motmannen sin i Bringa. Folk trur, at Prestedottri hadde gjevet honom Vaapenet.

Folk er svert uppøste for, at Lewis sveik Lovnaden sin.