[Tidender.]

 
Kongen sigler no kring Britania. Han hev vitjat fleire Byar der i Landet. Frisk og nøgd skal han hava voret, like sidan han drog fraa Sverige.


Statsministar Sverdrup og Dotter hans er paa Reis i Danmark. No for Tidi bur dei i Kjøbenhavn.

Vinstre i Riksdagen hev bodet Sverdrup til Festmiddag den 6te August, og han hev lovat aa koma. Mange Vinstremenn i Kjøbenhavn og Utsendingar fraa Valkrinsarne Landet runnt vil vera med.


Statsministar Sverdrup var 68 Aar no um Onsdagen.


Reimers, Statsraaden var, er vorten ekstraordinær Assessor i Høgsterett.


322 Soldatar fraa Trøndelagen hev skrivet til Johan Sverdrup og takkat honom for, at han i so lang Tid hev vigt Krefterne sine til Landsens Framgang. Morgenbladet tykkjer, at Tiderne er vonde.


Ishavsfararne hev gjort det godt i Aar. Dei hev fangat mykje Kobb; men Tranprisarne er laage.


Lista og Mandals Amt naar inkje eit Middelsaar i Kornvegen i Aar, vert det sagt.


I Egnerne kring Trumsøy ser det inkje rart ut med Aarsvokstren. Ifjor var det for mykje Lemen, som grov upp Grasroti der, og i Vaar var Isbranden sleim. Turk hev det og voret alt for mykje av, so det stend ille til med Aakren.


I Vestreaalen er Aarsvokstren god, helst paa vaatlend Jord.


Ein Mannhadde høyrt, at alle dei Jenterne, som fekk Tak i Firklyver skulde verta gjifte. Han reiste daa fortaste han vann til Byen for aa faa Tak i Firklyverfrø, som han vilde saa i Hagen sin. Mannen hadde 7 ugjifte Døtrar.


I Sverige skal det vera Riksdagsval no til Hausten. Det hev voret haldet mange store Folkemøte og Folket fyl med i Politikken no, meir enn dei hev gjort paa lange Tider. Flestalle av dei frilynde er for eit billegt Herstell, Jury og Vidking av Røysteretten til alle, som hev 500 Kruner Aaret i Innkomur.


Marcellus er komen med ei ny Bok at. Ho handlar um den norske Politik. Det heile er eit Uppkok av det som Høgrebladi baade i Noreg og Sverige hev faret med.


Danmark. Ministeriet Estrup hev snart heile Landet mot seg no. Dei av Høgre, som hev so mykjet Vit, at dei ser, kor litet Høgre si Sak vinn ved eit Faatalsstyre, hev sleget seg fraa det, og fleire av dei beste Høgremenn i Tinget vart inkje uppattvalde. Danmarks Utsending i Washington, Bille skal koma attende til Danmark. Han er Høgremann; men vil likvel arbeida mot Estrup.

Dei velkjende Vinstremennerne Hørup og Brandes skal no byrja eit nytt Blad. Fyrste No. kjem ut 1ste Oktober.


Fraa Islander komet Melding um, at Sildi er komi inn i Fjordarne. Fleire Notlag hev gjort Steng; men Sorten er mindre god.


Folkehøgskule paa Island . Gaunar Hjaltason driv med ein Folkehøgskule paa Lauaas. Iaarhev han havt 12 Læregutar. Ifjor hadde han 8, og fyrre Aare berre 2 Læregutar, men han gav seg inkje yver for det. Han kjem nokk til aa halda paa lenger og. Paa Lauaas tend berre Skulestova, og Læregutarne syr for Mat og Husrom baade aat seg sjølve og Læraren. Paa den Maaten vert det alt billegare for dei.

Av Soga vert mest rødt um Aandskokstren i dei ymse Tider, Krig og sovoret vert litet nemnt. Av dansk og norsk Bokavl vert uppleset mest av Bjørnson, Holberg og Grundtvig.
Rekning, Rettskriving, Naturkunna, og nokot Engelsk er og Læregreiner ved Skulen.


Frankrike. Dei kjem vist snart til aa byrja med Grunnlovsendringi. Um det kjem istand Forlik med Kina elder inkje er endaa uvist.


Kolerasjuken. Sotti er no komi til Paris og ho hev nokk voret der ei Tid, fast Folk her inkje hev fenget nokor Melding um det. Men ho ser inkje ut til aa trivast der. Det skal vera faa, som hev døyt av henne, og Folket liver som vanlegt. Dei rymer inkje so mykje der, som dei gjer i Marseille og Toulon. Ein liten By, som heiter Arles hev og vortet gjestat av Sotti. Ho er sleim der, og det kjem vist mykje av det, at Folket er litet reinsame av seg, men kanskje mest av, at Folk er so rædde. Dei er reint, som dei hadde mistet Vitet. Sume hev no rymt paa Landet, so fort dei hev kunnat og sume hev i Ørska sprunget ut av Vindaugo og sleget seg ihel, nett liksom dei kunna ryma fraa Dauden, naar dei drap seg sjølve. Mange hev og vortet reint galne. Ellest ser det ut til, at Sotti no hev gjort fraa seg det verste. Det er inkje mange, som døyr av henne no i Marseille og Toulon.

Tvo Sjømenn, som hev komet fraa Syd- frankrike til Hamner i England, hev vortet liggjande av Sotti; men det er inkje fleire, som hev fenget ho der.


Bønderne i Tyskland tek til aa vakna no. Dei hev haldet mange Folkemøte og sett upp eit frisinnat Program. Godseigararne hev freistat paa aa faa Bønderne med seg, men det gjekk inkje.


Fisket ved New-Foundland hev sleget bra til i Aar; men Prisarne er laage.


Keisaren av Rusland hev i lang Tid voret meint paa aa vitja Polen, serleg Warschau. Nihilistarne hadde nokk og fenget Greida paa det, og dei budde seg av all Magt til aa taka mot honom. Dei hadde arbeidt upp ei Mengd av Sprengjingsgreidur og lagt Miner under Gaterne. Politiet hev no fenget Greida paa dette og mange er sette fast. Keisaren skal reisa til Polen no med det fyrste; men han vaagar seg inkje inn i Warschau; han skal bu 66 Kilometer fraa Byen. _ Soleids ser det ut, der dei hev eit sterkt Kongedøme.


Eit Skjip fraa La Plata hadde voret i Marseille. Paa Heimvegen vilde det inn um Gibraltar for aa faa seg Kol; men Engelskmennerne der vilde inkje sleppa Skjipet inn, daa dei var rædde for Kolera. Dei trugad endaa med aa skjota paa det, dersom det kom. Skjipet gjekk daa til ei Hamn i Portugal og tok til aa taka inn Kol der. Men inkje fyrr fekk Kommunestyret vita det, fyr dei forbaud det aa liggja paa Hamni der, korleids Skjipet skal koma attende til La Plata, naar det inkje hev Kol, er inkje so godt aa skyna.


I Massowah hev voret sterk Jordskjelte. Husi er øydelagde, og Folket hev rymt over til Fastlandet.


Keisaren av Rusland skal vilja vitja Danmark i Aar og. Prinsen av Wales og Hertugen af Cumberland vil og koma dit ved samme Leitet.


Fleire av Stormagterne hev Utsendingar i London no. Dei skulde koma yvereins, um korleids det skal verta med Ægypten, var Meiningen, men det ser inkje ut for, at Utsengingarne vert samde um det.


Sheik Mohamed Abdul , Føraren for Nasjonalpartiet i Ægypten er i London no.


Avhaldssaki vinn meir og meir Fotfeste i England.


Styringi i Belgia driv hardt paa med aa tyna det, som den fyrre frilynde Styringi hev gjort. Serleg er det no Skularne, som skal umskjipast. Dei hev alt lagt ned fleire Skular og fleire Lesesalar. Dei katholske Prestarne er nokk inkje glade i Lærdomen dei.


England. Dei frilynde held framleides mange og store Folkemøte. Ned med Yverhuset høyrest mest alle Stader, og det er snaudt Tvilsmaal um, at Lordarne kjem til aa ganga ut av Striden med langt mindre Magt enn dei hadde fyrr.