At Kristendomen vert for gamall


er det no Folk, som verkeleg segjer og trur. Dei segjer, at Tidi skrid og skrid og jamt søkjer seg fram mot noko betre; naar ho hev bruka ein Hams og sleti den ut, so maa ho kasta den og faa seg ein betre. Ja det er sannt, det vøre laakt hellest.

Kristendomen er bygd paa Kristus, det er den Læra og den Religionen, som han hev fengi i Stand. Med honom stend og fell heile Kristendomen.

Det hev vori gjæve Menn fyrr, segjer dei,og Folk hev haldi dei i Ære og sogi Visdom og Kraft av dei, solenge, dei hev kunna; men so hev det komi andre Menn att, som meir høvde for si Tid, og so hev dei sett dei fyrre liksom av fraa Høgsetet og sett andre i Staden. Og soleids er det naturleg det gjeng til yver det heile, meiner dei. Difor er det daa bakvendt, nar dei vil dragast med Kristus endaa i fyste Rang solenge, no me hev komi i so nye Tider paa alle Vis, og no me hev fengi so mange gjæve Menn paa alle Leider, som stend oss mykje nærmare i Liv og Vilkor enn han. Det viser Soga, segjer dei, at skal ein liva for lengi paa ein og den sama Mannen, so storknar Livet, og ein kjem til aa liva seg sjølv um att(repraducera seg sjølv). Tak no Vitenskapen, korleids skulde det koma Framgong og Fart i den, um dei skulde berre halda seg til ein Mann, um han var aldri so stor. Nei slike Menn langt att i Tidi, som stengjer Vegen, dei maa støytast ned fyst, meiner dei, skal Vegen vera greid til verkeleg Framgang.

Det er noko sant til Grunn i slike Ord um at ein skal inkje halda seg til dei gamle store Menn all Tid, so ein misser baate Hug og Dug til aa koma lenger sjølv, ein skal spenna Fyremaalet for seg og si Tid so høgt ein kann, og ikkje vera rædd, um det yverstig det som var Maalet for jamvæl dei største Menn fyrr.

Kor lenge skal ein daa liva paa ein Mann og hans Tankar? So lenge til ein hev sogi ut honom, og til det kjem ein ny til aa avløysa honom, hell um nokon slik ikkje kjem, so lenge daa imindsto, til Tankar og Fyrimaal og Krav vert sett so høgt, at den fyrre vert Undermaalsmann. Men kven skal so avgjera det? Det kann Livsens Krav aaleine sjølv gjera. So lenge ein finn Næring og Liv i honom, so fær ein suga, sia vil han falla burt av seg sjølv. Det einast maa ein krevja, at ein ikkje legg Mein i Vegen hell freistar aa avliva nokon fyrr Tidi. Men kann det daa vera nokon Faare for det?

Jau det hender so ymist, at dei største Menn fær mindste Heidren. Ein midels Storing kann heller faa Agt og Vyrding, som han tilkjem, slike likar Folk aa hava, naar han inkje er større, enn at dei kann faa Rom attmed sjølve. Men kjem det ein Ovstoring, daa vert Folk snart ovundsjuke og vonde, dei vanheidrar og stundom drep honom. Folk tykkjest verta so smaae attmed ein slik ein, at dei kjem som reint burt, dei maa yvergjeva alt sitt og berre taka av den andre. Det er so stort eit Sprang millom dei, at skal Folk kunna hevda sin eigen Vyrdnad og Æra, so maa dei anten taka i hardt og fylgja honom, hell so maa dei freista aa avheidra honom. No hev Jesus av Nasaret havt denne fyste Rangen i Heimen mest 2000 Aar, so det tottest kannhenda ikkje vera urimelegt, um Mannaætti snart hadde livt ut det, som paa nokon Maate kunde livast paa honom, allvist i so upplyste og framstigne Tider, som vaare?

Men eg trur likevæl, at for den som freistarvert det ein god Mun att, fyrr du hev naatt so langt, at Kristus vert Undermaalsmann anten mot deg sjølv hell berre for dine Krav, og til du naar so langt, tenkte eg det var best aa venta med aa avsetja honom.

Stræve berre etter aa koma so langt, at De naar upp yver honom, til den Tid kann De venta med aa røda um, at han vert for gamall. Ein maatte daa tenkja, at dette var snart gjort for den, som trur paa den endelause Framgang, og som set si Lit til ei slik Tru.

Men no held dei paa so ymist og vil hava nye Religionar og nytt paa alle Gjerder. Den er ikkje brukbar den gamle. Ja kvi er den ikkje det?

Jau den er umogeleg, kva hjelper det aa hava honom standande i ei Bok, naar han so inkje vert aalment bruka i Livet likevæl; han er for gamall og upraktisk.

Kvi er han det daa?

Jau han skruvar alt for høgt upp, segjest det; han ser ikkje paa dei verkelege Tilstand, han set Krav og Fyrilogur so unaturlege og strenge, at ikkje noko vitugt Menneskje kann fara etter det, det kjem berre Ulag paa all Ting. Difor maa dei hava ny Religion og ny Moral, som Folk verkeleg kann yverkoma og som kann gjera Nytte.

Men so tykkjest dei segja paa ein annan Maate og, um at vaar Tid er for langt framkomi til aa kunna halda paa Kristendomen, ho hev høgre og større Krav no, so ho bryr seg ikkje um noko so smaalegt som Kristendom.

Kristendomen skal vera for høg og stor for slik naturleg og praktisk Tid som vaar, me maa hava noko mindre og laagare, som me alle kann naa, so lydest det ein Gong, men ein annan Gong lydest det so, at han er for liten, me maa hava noko større. Dette tykkjest inkje hengja godt ihop.

Saki er væl den: Dei tykkjer dei kristne er gamalsvipne Folk, og so meiner dei, at naar dei er det, so maa Kristendomen sjølv vera det. Paa sama Vis, som naar me ser ein Mann gjeng klædd som den Tid Godfar og Godmor var unge, so trur me, det maa vera ein Attegangar i Tankar og i alt, som ikkje kann klæda seg etter vaar Tid ein Gong.

Men dei ser ikkje Skogen for berre Tre. Kristendomen ber Klæde som Lauvet paa Tre, dei kann kasta Klædi, naar dei vert for gamle og kveikjest og grønest paa nytt um Vaaren.
For han hev Vetter og Sumar som alt anna. Han er som Maane, tykkjest han tverra og myrkna for oss, so berre tendrar han seg att paa andre Sida og kjem snart fram igjen med ny og full Glans.


X.