Brev til Fedrah..


Hr. Bladstyrar. Endaa minnest De vel Eberg, han som skreiv Anna Rogløy, ei Segn fraa Nordland i Songar. Eg var hans næraste Ven paa Trums Seminar og hadde soleids godt Høve til aa læra aa kjenna den merkjelege Guten. Han kom mest alltid til meg med sine Smaadikt og Smaaforteljingar og las deim upp for meg for aa høyra mi Meining. Dette litle Diktet, som stend nedanfyr her, skreiv han inn i Minneboki mi, daa me skulde skiljast; men han hadde leset det upp for meg fyrr. Det er nokk um honom sjølv; han var just i den sjuande Himel, daa han skreiv det, for han trudde vist, han hadde fenget Tak i Idunn; men det var nokk berre ei fager Jotunmøy.

Endaa der er mangt aa klandra paa DIktet hans, trur eg daa, at det syner oss, at det var ei Diktaraader i honom, som nokk kunna verta driveverdig, for aa bruka eit Bergmannsord. Skade at han sloknad so snart!

Lofoten Juli 1884.

J. Riksheim.