Den unge Diktar.


(Av Eberg).


Ja denne djupe Elsken lyt han gøyma
og vera blyg og fara fram i Mak;
no kunde han i Paradis seg drøyma
med henne under Himlens blaae Tak.

Ein speglklaar Innsjø var hans unge Hjarta,
der Kjenslorne som kvite Svanor svam,
og dreiv det yver Himlen Skyar svarte,
var Gjenta Sol, som skein or Myrkret fram.

Og høyrde tidt han Verdens Stormar tjota,
so tenkte han: eg skal ved Andens Staal
igjenom Sjø og Bylgjeskvett meg brjota
ein Heidersveg fram til mitt store Maal.

Han lengtad etter til med Magt aa fara
paa sterke Vengjer kring den heile Jord,
endaa hans Kjenslor ei seg vilde klara,
og Hjartats heite Tanker vantad Ord.

Men no var det, som Elsken honom fylde
og løyste radt hans bundne Tungeband;
hans Framtidsveger laag i Draumar gylde, _
no vaknar fyrst hans store Diktarand.