Ei kraftfull Regjering


er det nettupp som me treng.

Me gjeng no yver til Sjølvstyre etter at me i so lang Tid hev voret styrde av framande hell av eit Faatal i Landet.

Skal det vera til nokon stor Bate, skal alle kunna fylgja med, og ingen lida nokot paa nokor Vis, so gjeldst det um aa gjera alle Svingar og Krokar paa Vegjen so vide og runde som me kann. Eit Folk er aldri tent med braae Framstig; um det er aldri so store Goder det fører med seg, so vil det likevæl setja so mangt i Ulag, at det vil ganga vonom lenger Tid fyrr alt kann semja seg med dei nye Former og nytta dei fullt ut. Det løner seg mykje betre aa stiga tidt med smaae Fet enn aa gjera eit langt Braakast og so verta standande still i ei heil Æve etterpaa for aa kvila seg ut.

Fyr hev det styrt eit Faatal, som var imot det rette Framstig, og som Folket inkje vilde hava til aa styra; no er det ogso eit Faatal framskotet, men som er eit Utval av dei bedste og klokaste og duglegaste som finst i Landet. Fær no desse nokot Raaderom, so vil det for det fyrste verta minst tenkjeleg Forandring i Arbeidsmaaten, ein vil kunna bruka dei same Midlar, som det er arbeidt med fyrr. For um ogso Stortinget hev havt eit godt Tak i Arbeidet paa det siste, so hev likevæl Departementi magtat aa setja Svipen sin paa all Ting, og der er det at Arbeidssmidja skulde liggja etter som Riksbygnaden vaar er stelt.

Det er paa 4 Stader at Magti og Arbeidet kann tenkjast aa liggja: hjaa Konge, hjaa Raadar, hjaa Storting, hjaa Folk.

Det er tenkjelegt at Magti kunde vera nokoleids likt sundbytt millom desse, men det er vel det vanlegste, at Tyngdi samlar seg paa ein Stad. For sjølve Fridomen og Framgongen kann det kvitta eit anten dette er hjaa Konge hell Folk, det er Riksens heile Tilstand, Upplysning, Velstand, Moral o.s.v. det kjem an paa, kven det er som Fridom og Framgang er best tent med.

Det er som no maatar minst etter vaare Høve det er ei sjølvstendig sterk Kongemagt, men ho hev likevel si serskilde Stelling, anten ein vil kalla det for Konge hell erveleg President, det kann vera so det same. Det einaste er at me maa arbeida nokot for at Kongemagti ogso i det utvortes kann jamna seg meir etter i Riksskipnaden vaar hellest(ved aa gjera Lønerne meir rimelege, ved aa gjeva Kongen same personlege Andsvaret som andre Menneskje o.s.v.). Hjaa oss er det Stortinget, som i dei siste Aar hev aukat mest sitt Velde. Regjeringi gjorde so litet, og det meste av det ho gjorde, var til Skade for Landet, so var Tinget det som var nærmast til aa taka ei Haand i med. No er det Slutt paa dei Grunnarne til aa leggja seg frammi Smaa-arbeidet paa alle Leider.

Inkje er Mangstyring god, ein skal styra, segjer gamle Homer. I gamal Tid var Rikslivet meir einfengt, so at um ein tok Maaten etter Riksstellet vaart med alle sine Arbeidsgreiner hell Departement, so vilde det gamle Ordet høva, um ein sette 10 i Staden for 1. Vist er det daa, at skulde ein velja millom det, so var Landet betre tent med aa hava 10 Menn av beste og duglegaste Slag til aa styra enn 114 av alle Slag.

Me skulde tru, at me var best tente med at Høvet millom Regjering og Storting kunde verta paalag som millom Fyrimenn og Repræsentantar i Bygdastyret. Læra um Folkesuveræniteten hell Husbondsretten aat Folket hev voret mykjet paa Tale i det siste, ja ho er ogso hevda av Stortinget.

Men Folkeviljen som Statsmagt hell det reine Demokrati(Sjølvstyring) er endaa fælt lite komen til Magt.

Det er aldri beintfram den fær raada, men berre umvegjes, ved Repræsentantar, som Framtidi vist vil finna er tungvinte Greiur.

Naar me endaa kunde naa til det, at Folket sjølv valde Statsraadarne beintfram; det vilde vera ei høveleg Form til aa byrja ei rein Folkestyring med.

Men det er langt fram til nokot slikt endaa, me er baate for umogne til det, og det er ymse Mein, som lyt gro ned fyrst.

Likevæl skulde me daa freista aa stræva imot det smaat um Senn: at me eitid kunde faa ei rein Folkestyring.

Men for det fyrste er me best tente med ei meir aristokratisk Forfatning (Stormansstyring), med Storting og Regjering som Berarar av Rikslivet, men soleids at Tyngdi fell paa Regjeringi. For det er under Stormansstyring, at Norig hev havt sine beste Dagar , og daa kann me nokk finna oss i den endaa ei Stund. Det me hev naatt gjenom Striden i dei siste Aar, som no hev fenget Utslaget sitt, det er inkje meir enn aa faa stadfest Retten vaar paa, at Nordmenn skal raada i Norig. Me hev berre den Beingrindi, som Livet sjølv fær klæda med Kjøt og Blod. Dei segjer, at hev ein Klave, so fær ein nok Ku, men det er aldri aa lita paa. Det maa umaatelegt Arbeid til berre for at me skal verta fullføre til aa nytta og njota dei Retter som me no hev fenget, og so mykje meir trengst det no fordi dei siste politiske Strider og Staggingi av alt Aandsliv fraa Styret hev sett ein Stur paa all Ting sonær som dei storpolitiske Spursmaal. Striden hev varat altfor lenge, og no gjeldst det um baate aa avbøta Fylgjurne og taka igjen det som er forsømt og derattaat muna fram til det som Tidi krev.

Det trengst kraftfulle Hender for aa rydja upp i det gamle Slurvestellet og for aa setja Kveik i nye Tiltak paa alle Leider. Pengestellet vaart, Næringsvegjerne, Skularne og Kyrkjestellet, heile Embættesverket vaart, stutt sagt all Stad er det mykje aa gjera.

Me tvilar inkje um det, annat Vandskarne er overlag store for desse nye Menn, og det finst væl dei, som vil auka dei endaa meir.

Difor bør baate Storting og Folk standa trugjet ved Sida av dei. Sjølv um det vart sumt, som einkvar inkje likad, fær me lievæl hugsaa paa aa standa samstelte og inkje kløyva oss sund, so me sprengde dei ifraa kvarandre.

Statsministar Richter sagde det i Stortinget, at det skulde fylgja Maatehaldmed det nye Styret.

Maatehald i Styringi kunde no vera godt av mange Grunnar. Men det er det faarlege ved det, at det so snart kan verta det same som Veikskap. Men naar me hev Johan Sverdrup til Fyrimann, hev det ingi Naud med di. For han er som skapad til aa vera Yverstyrar no, Meisterskapen hans ligg nettupp i: aa vera frilynd og maatehalden, aa sona og semja dei mange Flokkar og likevæl faa eit Utslag, som er sterkt og inkje bikkar hit og dit, men peikar ende fram.

Daa er me sikre paa, at nokot verkeleg vert gjort, og at det vert gjort slik, at det fær Folks Samtykkje og vert til Landsens Gagn.

v.