Ein Raring.


(Fraa Øyfjord, Haranger, ved Johs. Tvedt).
 
I Kvammen budde da ein Mann som var ein Raring. Da er inkje faa, som enno live, som minnes han. Han va før og breidleit og hadde Bakdel, som da inkje vaar godt aa sjaa Makje te. Han var sterk som ein Bjønn; men so rotin, at han knapt idest ga utom Husnaavæ, naar han skje tena seg. Han var bli og godsleg, men so motlaus og rædd, at ein halvvaksin Gut kunde gove han Strjuk. Ein Gong han stod og høgde Ve, tok ein Kvist i Øksaskafte, og han hogde te Hanskjin, so Tomlongen fauk langt bort i Snjorin. Han greip yver Haanda, dar Fingjen hadde sete, for han tenkte, at ette Fingjen var inkje meir og sjaa, han laag vel at i Tomlongen borti Snjoren; so sprang han inn te Kjeringjæ og jamra seg for Fingjen var borte. Han torde lengje inkje sleppa Takje, for han sa, at daa sprang Bloe laust, men naar Kjeringjæ kom med Feitt og han løyste paa Takje, so ho fekk sjaa, va Fingjen lika heil.

Um Vetrin, naar han sto paa Lauen og trekste, slo han nokre Slag, og so kasta han Tuslæ, tok Dryfttrogje og gjekk neri Fjose. Naar Kjeringjæ so kom ne og gav Gjeitna, sat Mannen dar og spelte seg mæ Kjiæ og lo so Taarona rann. Han hadde sett Dryfttrogje op mæ Murin og kvar Gong Kjiæ glei paa Trogje storlo han, so dei haura han bortpaa dan andre Garin. Eigong han var paa ei Byreis, vart han so sjuk, at dei trudde, han haddedøyt. Styrmannen sporte ka so feilte, og daa sa han, at da var so leitt med Vatne paa Sjøen. Da va mange breie Fjorar, dei reiste yver so da ofta vart drjugt aat honom. Da va ei Syneskona i Bergen, som raadde han te ta mæ seg ei grøn Torva paa Heimvegjen, og naar han sto paa Torvo greide han seg godt heima. Han va Spelare og den Mannen og hadde eit indaleg fint Feleljo, so Folk sa, han hadde lært taa dei underjordiske.

Dar æ ein Hamre i Kvammen som dei kalla Huldahamen; dar budde før ei Hulder, som va flink te aa spela. Taa henne lære han, og derfør spilte han som ein Raring og inkje som andre Folk. So rædd og motlaus som han var, so ill var han mot da stakkars meinlausa Krype. Han sleit Bakenden taa Mauren, Føtne taa Flugo og Vengjena taa Myhankjen. Ei Gong, han sat og saag paa ei Maurtuva, sveiv da han inn, at han vidle sjaa kor Mauren bar seg, naar han kom i Varmen og tente so i Tuvo. Da hadde inkje rigna paa lengje, so alt va turt. Varmen tok Tak i Skogjen og brann i tri Dagar. Naar Branden tok slut, va da og slut med Furuskogjen i Kvammen.