Frikaranne.


Det var mykjet morosamar, naar ein fekk ganga Frikar og spela seg som ein vilde. Den Majoriteten, som ein maa slengja ihop med jamt, er eg so leid; det knakar i Bein og Bunur paa meg kvar Gong eg skal inn i den Gjordi. Men ein maa til lel, for ein maa hugsa paa, at det er inkje for sin eigen Del berre at ein driv med Politikk so berre for Moro likesom, men det er likeso mykje for aa hjelpa andre, og fyrst og fremst er det det som det gjeldst um, at nokot maa verta gjort, for det er sams Sak, og daa maa ein slaa av nokot kvar paa sine Krav, so det vert Kompromis, for det er det som vinn. Men skal ein ganga som ein Eintrøding, so fær ein aldri nokon Ting fram. So hev det voret til dessa daa.

Det er sagt for vist um Loppurne, naar dei vert etterliggjande i Sætrom um Hausten, at naar det lid til Vetres og det vert kaldt, so krullar dei seg ihop til eit Nøste, og ligg der i Halmen som ein svart Ball, som ein kann trilla burtetter Golvet. Slik hev ogso Folket vaart no i dei sste Aari mugat og klemt seg ihop til ei tett god Kule. Ho hev rullat og naatt sitt Maal.

Det hev gjenget ille med dei som hev frestat paa nokot for seg sjølv paa det siste; sjaa no denne Motzfeldten, som hev faret som ein Rekar flokkemillom; no fær han Last og Skamm fraa alle Kantar og vert inkje vyrdd meir av nokon.

Aldri so eg held slike Tider for gode; men det hev inkje voret Raad med det fyrr, alt hadde samlat seg um Storsaki, og den laut me vera samstelte um aa faa vedgjort. Naar det er komet so langt, at alt gjeng upp i nokre faae Spursmaal, daa er Programmet strengt, og daa krevst det Einskap, men naar so Floken er løyst, maa Livet og Vokstren faa greina seg ut att og taka nye Tilsprang, og daa vert det meir romsamt og Plass aat Frikarom med, daa er dei til Nytte. Og slik lagar det seg til no. Inkje for det, det trengst nok Samstelling no ogso, men Leiti er so vide og breide no, at det vert meir aa tenkja paa og fleire Ting til aa driva fram.

Aa no skal det vera godt aa faa friska seg og faa god sunn Luft i Lungom, det er aldri godt aa anda, der Mannamugen er for tjukk. No skal Bukkarne faa sleppa til Fjells.

Men aldri so at Motzfeldten vert nokon Storbuk meir. Han er Utestangar han og det fær han bli og.


7.