Høgres Program.

 
Inkje fyrr hadde Semja komet istand millom Folket og Kongemagti, fyrr Høgre sette upp sit Program for komande Val. Programmet er stutt og greidt og lyder slik:

Ned med Sverdrup.

Og korfor Sverdrup skal ned av Ministarstolen, det er inkje vandt aa vita for den, som kjenner litet Grand til Noregs Soga i denne siste Mannsalderen. Han skal vekk, fordi han hev havt Evne til aa sjaa eit vaknande Folks rettferduge Krav, og fordi han hev havt Hjartelag og Mot nokk til aa liva heilt for dei. Han skal vekk, fordi han hev skynat baade Fortidi og Notidi og ut ifraa dette sit Skyn hev arbeidt for Noregs Framtid meir enn nokon annan, som liver no. Han skal vekk baade for det han hev gjort og for det, han hev tenkt seg til aa gjera. Og det segjer seg sjølv, at med honom skal heile hans Yrke, alt det han hev arbeidt for, eit heilt Folks Utvikling i 30 Aar, alt det skal burt av Soga vaar. Ja, naar ein les Høgrebladi, so ser det ut til, at dei verkeleg meinar, at slikt kann ganga an, dei Uvitingarne.

Og det er inkje Sverdrup aaleine, som skal vekk. Nei heile Ministeriet og serleg Jakob Sverdrup.

Daa Broch skulde dana Ministeriet, vilde han hava ein Høgremann til Kyrkjeministar. Men inkje fyrr rødde han med ein Prestemann, fyrr alle Prestarne gjorde sitt Beste for aa faa det upp i inkje. Ved dette vann dei det, dei vilde. Dei fekk gjera Broch trøytt, og so tenkte dei, at alt skulde verta ved det gamle. Men der tok dei, som me alle veit imist. Blix vart Kyrkjeministar, og Jakob Sverdrup kom og inn i Kongsraadet. Og det er Jakob Sverdrup Prestarne er mest rædde.

Kyrkjelovarne vaare er gamle. Dei er heilt fraa Dansketidi flestalle av dei, so dei er som alt fraa den Tidi litet høvande for det 19de Aarhundradet. No er det ei kjend Sak, at Jakob Sverdrup trur, det er mykje aa retta paa her. Han vil soleids, at Folk skal hava nokot og segja ved Prestevali, han vil hava Sjølvstyre paa det kyrkjelege Umraade, paa Lag som Johan Sverdrup vil hava det paa det borgarlege. Og dei gode Prestarne gjeng mest ut or sit gode gamaldagse Skjinn berre ved Tanken um, at nokot slikt er ventande. Dei hev set surt til vaar borgarlege Utvikling heile Tidi; men so surøygde, som dei er vortne ved Tanken um kyrkjelege Umvølingar, det er reint grøtelegt.

Nokor Slags Umbot paa det kyrkjelege Umraade, det gjeng inkje paa nokon Maate an; det er syrgjelegt nokk, at me etter mange Aars Stræv hev fenget nokre Umbøter i det reint verdslege, tykkjer dei. Nei, nokre Slag Umbøter vil dei inkje hava, difor set dei no upp sit Herskjold og skrik: Ned med Sverdrup, ned med alle Framsteg, baade dei me alt hev vunnet, og dei, som Tidi krev. Ned! Ned! skrik dei, med alt, som minner um det 19de Aarhundradet. I det 19de Aarhundradet øygner dei ingi Redning for Ætti; nei, dei vil sjaa til aa faa oss tilbake til det 18de helst til 17de elder 16de. Det er uppe i Millomalderen desse Kararne hev sine Minne. Han stend for dei, som det fagraste og beste, honom gjeld det um aa naa, elder iminsto koma honom so nære som mogelegt. At dei so tenkjer og trur, det kann ein sjaa av det, som Høgrebladi hev skrivet um snart sagt alle dei Umbøter, som me hev fenget istand sidan 1814 til den Dag idag og um dei Umbøter, som Tidi no krev. Alt nytt vil dei skubba til Sidi. Det gamle skal i Høgsetet, sjølv um dette gamle er aldeles upprotet.

Det Ideal, som Høgre er nøydde til aa hava, naar dei vil hava beggje Sverdruparne og ellest alt frilyndt ut or Kongsraadet, vert daa slik:

Ei Kongemagt, som er so sterk, som mogelegt. Og at Kongemagti er sterk, det vil for dei Kararne segja det sama som, at ho hev absolut Veto baade i Grunnlovs og Bevilgningssaker, helst i vanlege Lovsaker og, berre ein kunna faa det. Dei av Høgre, som er mest konsekvente vil og hava Yverhus og meire slikt, og var dei endaa meir klaarsynte, enn dei er, so dei kunna fylgja si eigi politiske Læra til Endes, so vilde dei og krevja eit absolut Einevaldsstyre, paa Lag som i Rusland.

Det segjer seg no sjølv, at i det kyrkjelege maa det vera lika eins paa Lag som i det borgarlege. Der maa det vera eit sterkt Presteskap. Og kvat eit sterkt Presteskap er for nokot, det hev alle fenget Greida paa, som hev leset Luthersk Ugeskrift. Det vil segja, at Prestarne skal bu som Pavar, kvar paa sin Prestegard. Dei skal hava Rett til aa autorisera elder banlysa alle Tankar og Meiningar, som melder seg, og alt det, som dei set i Ban det er av den Vonde, elder det burde iminsto vera det. Dei skal hava Uppsyn med Skular og Kyrkjur, sjølv um dei er aldri so dumme og utlivde. Stutt og greidt: dei skal hava Sensur, dei, og dei aaleine. Yver alle desse Smaapavarne skal daa Kongen staa som Yverpave; men med det er det no inkje so faarlegt. Det er berre aa tuta inn i Øyrurne hans seint og tidlegt, alt fraa han er Smaagutt, at han hev Magti si fraa Gud, og at han inkje treng um aa bry seg um kvat Folket vil, berre han vil det sama som Prestarne. Men det maa til, det er no sjølvsagt. Naar dei driv slik seint og komande tidleg, so er det ingen Faare; dei hev Røynsla for det fraa gamalt av dei Kararne. Dei hev meir enn ein Gong set, at han kann vera god til aa dema med.

Ja, det som Høgre vil, dersom dei skynar det, som dei sjølve hev skrivet daa, det er
Deming og Stengjing paa alle Leider. Ingi klaare, friske Elvar, ingen friskande Vind, naar Lufti vert for tung, og langt mindre ein Toresmell til aa reinska upp med, ingen klaar Himel, inkje Regn, inkje friske Engjar og blømande Vollar. Nei, men Toka og Durmever, Myrar og Sumpar med Rotvatn og Rovetroll i, vekktrenade Grasstraad og slikt nokot, det vil dei hava; det er det dei likar. Det kann ingen annan Ting vera dei vil, etter som dei talar og skriv. Og upp i Toka yver Sumparne og Myrarne, der skal daa Heuch og Færden og slike Karar sviva og tala um Synd og um Domedag og den ævelege Elden. Ja, for dei Kararne hev iminsto Syn for nokot av det, som er Synd, og dei hev lært Barnelærdomen sin, so dei veit, at paa Syndi fyl det Straff baade i dette og i eit komande Liv. Eg tvilar helder inkje paa, at meste Parten av Prestarne vaare gjerne vil, at Syndi skal minka og det gode veksa fram Dag fraa Dag. Eg er og stød paa, at mange av dei aldri gjeng i Seng nokon Kveld elder stend upp nokon Morgon utan aa beda Gud um det; men naar dei skal til aa arbeida for dette sjølve, daa er det nett som Vanviddets Dage var komne yver dei; daa legg dei Arbeidsplanen sin slik, at kvar vitug Menneskja maatte tru, at dei nettupp arbeidde for aa auka Syndi og Gudløysa og kjøva det gode. For aa faa fram det, som dei ynskjer, so tyr dei til laake Midlar, Midlar, som hev voret brukte i mange og lange Tider og allstøtt synt seg duglause, synt, at dei verkar nett det motsette av det, som var meint.

Naar berre dei Kararne vilde sjaa seg um i det Liv, som ligg oss alle næraste, det jordiske, so vilde dei kunna sjaa nokot so nær, kvat dei hev aa gjera i det aandelege. Dei vilde daa sjaa, at ein Mann, som ferdast mykjet i frisk og fri Luft gjerne fær kropsleg Styrkje og kropsleg Helsa, dei vilde og sjaa, at naar kvar Lim hev høvelegt Arbeid, so vert heile Kroppen sunn og sterk. Og saag dei seg um i Naturi, so vilde dei sjaa, at der Vatnet inkje fær Avlaup; der rotnar det, der Lufti vert tung og kvelande, der gjer eit Vindpust og ein Toresmell godt. Ja, dei ser vel dette; men at det er likedan med Aandslivet vaart, det er gjøymt for Augo deira, endaa Soga preikar um det paa kvart einaste Blad, og Livet hev Eksemplar utan Tal paa det sama. Men Livet og Soga hev dei inkje Evne til aa skyna. Dei hev ein Gong gjort seg upp ei Meining, som inkje hev nokot med Livet elder Soga aa gjera, og dei er aldri Kar for aa sjaa det vrange iden. Evnad dei det, so vilde dei inkje skrika paa Stengsle paa alle Leider, og daa vilde dei helder inkje ropa: ned med Jakob Sverdrup! ned med kyrkjelege Umvølingar! For det Jakob Sverdrup vil i det kyrkjelege er verkeleg inkje nokot værre, enn at kvar Medlim skal hava nokot aa segja, nokot aa arbeida for, nokot aa kjenna Andsvar for. Han trur ved dette aa faa eit friskare og sterkare og gudelegare Liv inn i Kyrkjefolket, og det trengst vel, skulde eg tru.

Eg trur og, det skal visa seg, at det, som Jakob Sverdrup og nokre andre frilynde Prestar arbeidar for, skal verta baade nyttugt og gagnlegt, og eg vil beda alle baade Karar og Kvende, at dei av all Magt vil stydja dei i dette Yrkje.

Me hev no set, at Høgres Program er: Veto og Stengsel paa alle Leider. Inkje nokot frist, sjølvarbeidande Liv korkje i det borgarlege elder kyrkjelege. Og det er eit slikt Program dei set upp for komande Val. Men inkje Ende til helder. Der er ein heil Del Krokar og Umsveipingar. Serleg tyr dei til Skjilingspolitikken, som dei fyrr hev vanvyrdat so mykje.
Kann dei berre faa fram Menn som L. L. Daae, Y. Nielsen, Hans Bakkeskoug og fleire slike, so syr nokk dei for Resten.

Og no snart spyrst det, um Folket vil stydja dei elder inkje.


_ r _.