Tidender. [Leiglendingskomissionen]

 
Kristiania, den 1ste August.


Leiglendingskomissionen vart ferdug med Arbeidet sit i Januar d.a. No er Arbeidet sendt ikring til nokre Amtmenn, nokre Heradsstyre og nokre Godseigarar, for at dei skal segja si Meining um det. Naar det er gjort, skal det sendast attende til Styringi, so ho kann faa leggja det fram for Tinget næste Aar.
Styringi kjem nokk til aa setja igang mange Komissionar no. Folk ser kanskje helder surt til dette, daa dei inkje er vande med, at det kjem nokot godt ut av slike Komissionar. Dei kann vel tenkja som so, at Styringi no set nokot flott i Veg. Mange tykkjer vel soleids, at Militærkomissjonen inkje var naudturveleg, at Folket og Tinget ein Gong hev sagt si Meining um, korleids dei vil hava det med Militerstellet o.s.v.

Men me trur, at naar Ministeriet Sverdrup set ned Komisjonar, so er det fordi dei trengst. Me lyt alle minnast, at under Vetostriden laag mykje Arbeid nede, og at mangt ligg ugjort no, som burde voret gjort for mange Aar sidan. Det gjeld aa taka alt det, som er forsømt, og kann dei kongelege Komissjonarne vera til ei nyttelause. Hjelp her, so skal ingen kunna segja, at dei er.