[Tidender.] Sverdrups-festen i Danmark.
Mange frilynde
Danskar heldt Fest for Johan Sverdrup no um Onsdags Kvelden. Festen
vart halden ved Skodsborg Bad utanfor Byen, og ein Eimbaat førde
dei, som var med, baade fram og tilbakes. 600 Menneskje var med, av
dei var 330 Utsendingar fraa Valkrinsar Landet runnt og 250 fraa
Kjøbenhavn. Umframt dei var og nokre Svenskar og Nordmenn med.
Bland Svenskarne var soleids den velkjende Bladstyrar Hedlund fraa
Gøteborg. 70 Riksdagsmenn var og med.
Daa flestalle av dei, som
skulde vera med, var komne umbord, kom Sverdrup køyrandes saman med
Folketingmann Berg og Statsrevisor Høgsbro. Daa Sverdrup gjekk
umbord, vart han helsad med Leve- og Hurrarop baade av dei, som var
med i Festen og mange andre, som var komne for aa sjaa honom.
Festen vart halden i eit
stort Telt, som var prydat med norske, svenske og danske Vaapen og
Flag.
Fyrste Skaali var
for Kongen av Danmark; men sovidt me kann sjaa av Telegrammi, so hev
inkje Talaren havt nokot godt aa segja um honom. So talad
Høgsterettsassessor Nyholm for Kong Oskar. Han rosad honom for, at
hanm hev havt Aandsfridom nokk til aa retta seg etter Folket. Etter
Talen fylgde sterke Hurrarop og
Ja vi
elsker dette Landet
vart sungen. So
talad Folketingmann Berg for Sverdrup. Han sagde, at Bodskapet um
Vinstres Siger i Noreg vart motteken med Gleda og Samhug i Danmark,
difor hadde dei no samlat seg baade fraa Kjøbenhavn og Utsendingar
fraa kvar einaste Valkrins i Landet for aa fagna den Mannen, som
hadde gjenomført Parlamentarismen i Noreg. Etter Talen fylgde
dundrande Hurrarop. Sverdrup svarad med ein Tale for Danmark. Kunna
hans Arbeid i Noreg vera Danmark til Gagn, so hadde han inkje nokot
mot det. Etterpaa talad Grev Holstein-Ledreborg for Norge, Høgsbro
for Sverige og Jedlund for dei danske Fridomskjempur i Tinget,
Avisurne og Bokheimen.
Daa dei kom i Land att,
fylgde alle, som hadde voret med i Festen, Sverdrup til Bustaden
hans.
Publisert