[Tidender.]


Fraa norde Bergenhus er det skrivet til Vestlandsposten um, at sume Folk der, er tenkte paa aa kasta Tonning ved komande Tingval. Vestlandsp. mislikar svert dette, og finn slik Framferd uforsvarleg. Men det kann no vera tvo Meiningar um det; Fedrah. hev soleids ingen Grunn for aa halda korkje paa Tonning elder Kirkhorn, daa dei, so vidt me veit, inkje er Maalmenn nokon av dei. Til det kjem og, at det er ingen, som veit, kvar dei Kararne kjem til aa staa i Politikken, naar Jakob Sverdrup kjem til Stockholm.

Me trur, at der er so mange dugande maalmenn i nordre Bergenhus, at Folk inkje hev vondt ved aa finna Tingmenn, som baade vil stydja Maalsaki og hev Syn for Landsens Framgang i det heile, og me ventar, at baade nordre Bergenhus og andre Landslutar vil senda berre slike til Tinget heretter.
 
 
Arbeidarrørsla ¹). Arbeidararne ved Akers mekaniske Verkstad hev endaa inkje tekjet upp att Arbeidet.

Her hev voret fleire store Arbeidarmøte no, og det set ut for, at dei Arbeidarar, som hev Arbeid, vil stydja dei, som hev nedlagt Arbeidet, til alt vert som fyrr. Korleids det kjem til aa ganga er endaa inkje godt aa segja; men so mykje er vist, at Verkstadseigararne inkje kjem til aa spinna Silkje av Framferdi si. Verkstaden hadde nett no mykje Arbeid, som skulde gjerast, so Verkstadseigararne kjem til aa svika mange Lovnadar. For Ettertidi kjem det vel til aa minna seg endaa meir, daa det snaudt vert mange, som vil hava nokot aa gjera med Folk, som ber seg so uvitugt aat, at dei slær ned Arbeidsløni paa ei Tid, daa alt skulde ganga fort fraa Haandi.


Raa Framferd. Henri Heyerdahl hev jagat fraa seg tvo av dei beste Arbeidararne sine, fordi han tykkte, dei synte for mykje Samhug med dei, som hev gjort Streik.


Kongen er framleides burte i England. Han hev vitjat baade Dronningi og Krunprinsen og mange andre av dei store der burte. Han liver vel.


Paa Sunnmøre hev dei gjort nokre Sildesteng. Sorten skal vera mindre god.


Eit engelsk Blad kallar Sverdrup Noregs Gladstone.


Den Samraadingi um Ægypten, som dei hev havt for seg i London, kom det ingen Ting ut av. Franskmennerne og Engelskmennerne kunna inkje verta forlikte um, korleids det skal stellast der nede. No skyt dei tvo Landi Skuldi paa kvarandre for, at det ingi Semja vart; men Sanningi er vel nokot so nær den, at dei hev like stor Skuld i det baade England og Frankrike.


Frankrike. Dei hev tekje til med Grunnlovsendringi. Um det vert nokot av elder inkje, det kann me endaa inkje melda nokot um.

Med Kina er inkje Franskmennerne forlikte endaa. Kina hev inkje Hug til aa bitala so mange Pengar, som Frankrike krev, og Frankrike vil inkje gjeva etter. Frankrike hev Krigsskjip reide, um dei inkje fær sin Vilje fram.

Kolerasjuken er inkje lenger so hardhendt no som for eit Bil sidan; men han er her og der i heile sydre Luten av Landet. I Paris skal han inkje hava voret, segjest det no.


Landeplaage. I Amathan, Mexiko drap dei paa ei Vike inkje mindre enn 12 Milionar Pund Engsprettar.


Beini aat Apostelen Jakob skal vera fundne no. Segni segjer, at Apostelen vart gravlagd i den spanske Byen Sanjago, og difor hev katolske Pilegrimar i lange Tider strøymt dit for aa beda i denne heilage Byen. For 4 Aar sidan tok Prestarne i Sanjago til aa leita etter Beini hans, som dei sagde hadde vortet gøymde, daa Maurarne drog mot Byen. Dei fann nokre Bein ogso under ein Altar, og desse vart sende til Rom, for at dei høge Prestarne der kunde avgjera, um det var dei rette. Jau, her um Dagen kom det Telegram til Sanjago fraa Rom um, at Beini maatte vera St. Jakobs, og daa vart det stor Gleda og Fest yver heile Byen.

Dei katolske Prestarne maa hava gode Augo, naar de kann kjenna Beini aat ein Mann, som dei aldri hev set, og som hev livt for so lengje sidan, at Beini hans vel maa vera upprotne no.


¹) I fyrre No. av Fedrah. stend, at Arbeidaararne hans H. Heyerdahl lagde ned Arbeidet. Det er
inkje so. Dei arbeidar for nedsett Løn. Det er Arbeidarne ved Akers mekaniske Verkstad,
som hev gjort Streik.