1184-1884

 
(Del 2 av 7. Fyrste delen.)
 
(Framhald.)


Sverre _ Johan Sverdrup _, dei tvo hev fenget Skuldi fyr alt det vonde, som hev hendt.

I heile Millomalderen, fraa Landet vart bygt, til det seig i Vanmagt, var det ingen, som var so hatad som Sverre. Sverre sjølv segjer i ei Tale, han heldt i Bergen: So segjer Barnet, naar det gjeng ut og slær ein Stein imot ein annan Stein: her skulde Hovudet hans Sverre vera under. Slikt lærer de Borni dykkar. Og so segjer kvar ei skarve Tenestgjente, naar ho hev ein Dengjehivel i Handi og slær mot Hella: her skulde Hovudet hans Sverre vera under. Og i same Tala segjer han: Nokre segjer, Sverre er sigersæl, Sverre er umtenkt, men so svarar dei: Er det aa undrast paa det? Han hev gjort nok fyr det, han hev gjevet seg Develen i Vald. Nokre segjer jamvæl, ateg er Develen sjølv, som er komen radt fraa Helvete, og som hev sloppet ut i min Skapnad. Men kvat er de sjølve daa, som er nøydde til aa lystra meg, annat enn Develens Trælar, og so mykje usælare enn andre Folk paa denne Jordi, so de ikkje berre lyt tena han no, men brenna med han og i hi Verdi? Hev ein høyrt nokot so fælande toskutt, aa segja slikt um kven det so er, og mest um Kongen sin, at han skulde hava selt seg til Develen? Nei daa var Sverre toskutt, um han vilde ofra so mykje fyr detta skarve Riket, som ikkje vøre so mykje verdt dessmeir, um han hadde det i Fred, og endaa mindre no, daa han ikkje kann faa hava det i Ro, so han fyr Skuld Riket vilde spilla Sæla si i Himelen.

Fraa Sverres Tider og til no hev ingen Nordmann elder Utlending i Norig voret so hatad som Johan Sverdrup. Dei hev liknat han i Morgenbladet med Develen sjølv, han som i Helvete styrer den forbannad Majoriteten, Oppositionens Hovding fraa Upphavet. Og Mann og Menn imillom hev dei liknat Sverdrup med Develen. I den Tidi, daa dei tok Boltarne ut or Byrse-Laasom og sette fram dei tvo uskyldige Kanonurne og slipte Sablarne og Bajonettarne, so sette dei ut, at Fanden var utsloppen og heldt til paa Norddal, der Sverdrup bur. Men no tener dei denne Develen nokso loyalt, maatru.

Nett som paa Sverres Tider.

Og desse tvo Mennerne vert hatad slik, fyr di Motstandararne hev trutt, at dei er Skuld i heile Uppstyret. Me hadde det so godt, som det var fyrr.

Intelligensen vaar er ikkje lenger komen endaa, enn at han trur, at det kjem store hendingar av smaa Orsaker, og at ei liti Tuva kann velta eit stort Lass. Difyr er dei so arge paa dei smaa Tuvurne, som dei trur hev fenget Lasset deira til aa velta.

Men det skynar kvar vitug Mann, at naar ei liti Tuva velter eit stort Lass, so er det, fyr di det ikkje er forsvarleg paalesst. Det skal litet til, fyrr eit slikt Lass velter, og det vesle kann ei liti Tuva gjera.

Av smaa Orsaker kjem smaa Hendingar, og av store kjem store.

Me hev ikkje havt ei sterk demokratisk Utvikling i det 12te Aarhundrad og ei i det 19de, fyr di me hadde Sverre og Sverdrup, men me hev havt desse store Mennerne, fyr di det var ei demokratisk Utvikling, som turvte Førarar.

Det same paa Lag hadde hendt, um ikkje desse Mennerne hadde komet til, berre kannhenda paa ein annan Maate.

Hadde Sverdrup livt i det 17de Aarhundrad, hadde det aldri vortet nokon politisk
Strid fyr det, og hadde han yppat seg nokot so wüsste er wohl, wo die Citadelle lag (so skulde han koma paa Festningi), som Kristian den 6te sagde, daa Langebek hadde funnet nokre galne Aarstal i Kyrkjesoga hans Pontoppidan; soframt han ikkje bad um Forlating, skulde han paa Festningi.

Og hadde Sverre livt under Kalmar-Samlaget, hadde han truleg vortet Sjørøvar elder nokot sovoret.

Hadde ein einskild Mann slik Magt, at han kunne føra heile Folket sitt inn i eit reint nytt Far, slik som Intelligensen vaar trur, daa kunne det aldri nytta aa stræva, for ein kunne aldri vita seg trygg, annat det kunne koma einkvar Storing, som kunne gjera alt det til inkjes, som mange Mannsaldrar hadde slitet fyr.

Me hev no eit meir demokratisk Syn paa Soga: Naar ein Tanke kjem fram, so vaknar han fyrst uklaar hjaa ein og annan; so klaarnar han meir og meir, mange arbeider fyr han, endaa dei ikkje veit um det og kannhenda trur, dei berre arbeider aat seg sjølve; men etterkvart tek einkvar til aa halda Tanken fram med meir Medvitande, til dess ein stor Mann kjem og fører Tanken fram til Fullnads. So hugsar Ettertidi berre paa honom og gløymer hine.

Soframt ein klok Mann, som tidt hev hendt, set fram ein Tanke, som i seg sjølv er god, men som Tidi endaa ikkje hev mognat fyr, so sloknar Tanken, og Mannen, som hev tenkt han, vert ikkje stor. Det er som aa saa Korn paa ein Godvedrsdag i Mars Maanad.

Fyr yver 2000 Aar sidan skynad greske Tenkjarar, at Jordi var rund. Men kvat hjelpte det? Menneskja laut starva lange og tunge Aarhundrad, fyrr ho kom so langt, at ein Mann kunne verta stor paa den Uppfinningi.

Difyr skulde ikkje Høgre leggja so mykje Skuld paa Sverre og Sverdrup. Baade tvo hev gjort ei Gjerning, som høvde med Tidi.

Ein Jordskjelv kjem tidom til paa den maaten, at Kalk elder Salt djupt nede under Jordi løyser seg upp i Vatn og renn undan, og naar det so vert eit stort tomt Rom, so veit dei, som bur ovanpaa, ikkje Ordet utav, fyrr Grunnen ramlar under Føterne paa dei.

Slik er det i Soga og. Store Umskifte gjeng stillt og umerkjande fyr seg i Folkedjupet, heile Samfundslag kann tærast upp, og dei, som liver uppe i Høgderne, veit ingenting um det, tykkjer dei hev det godt, som det er, og so ein vakker Dag ramlar det ned, og med di dei ikkje kann skyna den rette Orsaki, so finn dei seg ein Syndebukk, som skal svida fyr det.

Paa Sverres Tider hadde det nettupp voret eit slikt Umskifte, stillt og umerkjande, og Orsakerne laag djupt inne i Norigs Soga. Det hadde komet som ei Kluft, eit tomt Rom, millom Bønder og Lendmenner.

So vart det fyrst nokre smaa Skakingar uppe i Høgderne. Kongsemne slost um Magti, Lendmenner tok kvar sitt Parti.

So vart det større Skakingar. Kongsemni vart meir som Reidskap fyr Lendmennerne, desse vilde leggja Landsstyringi under seg, og Striden vart villare.

So naadde Skakingarne lenger og lenger ned, og sidstpaa vart dei ei sterk demokratisk Røra paa Folke-Botnen. Medan i den øvste Enden av Samfundet Lendmenner tøygde seg etter Kongs-Kruna og Prestarne vilde setja seg Manna høgst, yver Kongsmagti, daa Norig heldt paa aa koma i Klørne paa eit Faamanns-Velde, so tok i den lægste Enden av Samfundet Elvegrimar, Røvarar og Fredlause til Vaapen, og det skok i heile Landet fraa den eine Enden til hin.

Det er mest som ein Naturlov detta. Naar den eine Enden traar etter Faamanns-Velde, vert hin Enden radikal, og so vert det Nappetak, til dess baade Utendarne tyner kvarandre, og so den rette Storstraumen i Midten fær hava sin jamne Gang.

Desse Røvarar og Fredlause, som soleids tok til Vaapen, stridde truleg mest, fyr di dei stod seg best paa aa hava Ufred, so dei kunne røva so mykje dess betre. Truleg var det ingen av dei, som hadde nokot Hugsviv um, at dei skulde verta Upphavet til eit megtigt politisk Parti, med eit klaart politisk Programm.

Men ein og annan hev det vel og voret, som hev tott, at det vart trongt fyr ein simpel Manns Dør, naar Stormennerne skulde hava landsstyringi, og som hev slegest fyr aa vinna Manna-Verd. Paa annan Maate er det mest umogelegt aa skyna, kvi Storfolket og Storbønderne vart so hatige paa dei.

Ved Gøtaelvi møttest tri Land, Norig, Sverige og Danmark. Naar nokon vart fredlaus i Norig, rømde han fyr det meste yver Landskilet paa hi Sida Elvi. Sameleids rømde Svenskar og Danskar yver paa den norske Sida aat Elvi. Paa den Maaten samlad det seg der nede uhorveleg med Landslauparar og Farkar, og mange av dei vart med Haakon Herdebreid, herjad vidt og breidt og drap Kong Inge Krokrygg. Detta var Upphavet til det gjæve liberale Partiet, som med eit klaart og greidt Program sistpaa førde Norig fram til ei ny Tid.

Daa Inge var fallen, var Haakon rette Ervingen til Norigs Rike, men vart han Konge, kom han liksom alle hine, som hadde voret ætteborne til Riket, til aa stagga Lendmanns-Veldet; med Haakon var det attaat fulltupp av simple Folk, og dei gamle Stormennerne vilde ikkje hava nokot med slike aa gjera. So tok dei Lendmanns-Sonen Magnus Erlingsson til Konge. Detta nye Kongedømet skulde daa vera ein Reidskap fyr Stormanns-Veldet, men den simple Mannen laut no tyda seg til Haakon og andre Kongsemne av den gamle Haralds-Ætti.

Erling Skakke og hine Stormennerne merkad snart, at det ikkje var faarelaust. Daa gjorde dei nokot, som Snorre Sturlason er uppargad fyr og segjer var reint uhøyrt. Erling og hine heldt Ting med Bønderne i Viki, og fekk heile Aalmugen paa Tinget, baade Bymenner og Bønder til aa døma heile Flokken av Motstandararne sine til Fanden baade livande og daude. Og detta vart gjort med Vaapentak, og Domen vart avsagd og vedteken paa den Maaten, som det stod i Loven, at ein skulde døma paa Tinget.

Minner ikkje detta um nokot, som hev hendt i vaare Dagar? Tru Snorre hadde kallat detta fyr ein uhøyrd Ting (udæmaverk) slik aa døma Folk til Helvete, soframt han hadde kjent Kristendoms-Uppropet og Brevet hans Presten Schjørn til Stortingsmann Lien?


( Meir.)