Garnstubben.

 

(Etter Guy de Maupassant.)

 

(Del 1 av 2.)

 

 

Paa alle Vegjer umkring Godervill var det Bønder, som skulde aat Byen; for det var Marknadsdagen. Kararne tøygde seg seint framgjenom, Kroppen sokk etter for kvar Gong som dei ledad paa dei lange Beini, som var ymist vanlagad av strengt Arbeid, som inkje er annat ventande, naar ein maa ganga baate bøygd og skeiv og vega paa Plogskaftet og standa knebøygd paa Aakeren med Skjera all Dagen, og so alt det Stræv og Slit, som jamt fylgjer Arbeidet med Jordi.

 

Den blaae Lereftskufta, stiv og blank, som um ho var glassett, prydd med kvite Bordur kring Halsen og Armleden, vid som ein Pose kringum den beinskranglutte Kroppen, det var som du saag ein Ballon ferdug til aa fljuga iveg. Sume hadde ei Ku, som dei drog etter seg med eit Reip, sume drog paa ein Kalv. Og Kvinfolki baketter med digre Bjørkeslodar og daskad paa Kreturi. Dei bar store Korger paa Armen, der det stakk ut Hovud av Kjuklingar og Ender. Og dei hadde mykje kringare Fotlag dei enn Kararne. Dei hadde nokre tronge Kasteplagg kringum seg, som var ihoptekne med ei Naal yver Brjostet, Hovudet og Haaret var sveipt inni eit kvitt Linturklæde, og uppaa der var det ei Luve. So kom det skranglande ei Firhjulvogn med tvo Sæte og ein Skarveøyk fyri, som vart piska i Traav; ei Gjente paa den bakre Sessen laut halda seg i Karmen for at det inkje skulde riste so.

 

Paa Torget i Godervill var det tjukt med Folk og Kretur, um kvarandre. Stutehorn og høge Karmannshattar paa Storbønderne og Kvinfolkluvur rekte seg upp nokot ifraa den tefte Mugen. Mulling og Prat og grovt og fint Maal gjorde ein jamn Dur, som berre vart døyvd einkvar Gongen av ein smellande Laatt fraa ei sterk Bondebringa hell ei lang Rauting fraa ei Ku, som var bundi attmed Husveggen.

 

Mjølk, Høy, Møk, Sveitte, Folk og Fe, alt gjorde at der var Teft som i eit Fjos.

 

Han Haasjkorn var nettupp komen til Byen og stemnde imot Torget. Daa vart han var ein Garnstubb laag paa Marki. Haasjkorn var ein paapassug Kar, som meinte, at alt kunde vera godt aa taka aat seg, som kunde gøymast. Han bøygde seg, det gjekk traatt, for han var plaagad av Ikt, tok i Taugenden og lagad seg til aa neppa honom fint ihop, daa han merkte Malandeng, Sadelmakaren, stod i ein Port og glodde paa honom. Dei hadde havt noko Ugreide seg imillom desse tvo for Skuld ei Grime, og sidan den Tid hadde dei aldri voret retteleg Vener.

 

Haasjkorn vart halvegs skammfull, taa di at denne skulde sjaa honom standa der og grava i Lorten etter ein Garnstubb. Han smette Stubben fort inn under Kufta, og sidan fekk han honom ned i Bukselumma. So lest han som han leitad paa Marki etter nokot meir, som han inkje kunde finna. Endeleg reis han upp og gjekk burtgjenom aat Torget med Hovudet framlutt og tvikrokutt av Ilska si, og kom snart burt millom Folkhopen, der Bønderne sveiv att og fram, kjende paa Kyrne, gjekk og kom att, altid ottsame for aa verta snytte, og seine til aa taka ei Avgjerd; dei lurad etter kvart Augnekastet paa Seljaren, um det skulde vera nokot Knip hjaa Karen hell nokot Lyte med Dyri.

 

Kvendi hadde sett dei store Korgerne ned med Føterne sine og dregjet fram Hønsi, som laag paa Marki med bundne Føter, med ville Augo og skreik. Dei lydde etter Spurlaget, sume heldt fast paa Prisarne sine, andre gav Prutingsmun og ropad etter Kauparen, medan han gjekk:

 

_ Ja no segjer eg Dykk, at De fær det reint som til gjevandes ogso.

 

Daa det leid mot Høgstdagsleite, vart Torget avfolkat litt um Senn; dei, som var heime for langt ifraa, drog seg daa aat Losjihusi.

 

Hjaa Sjurdeng var den store Salen full av Matgjestar, og Tunet stod fullpakkat med Køyrbunad av alle Slag, Stolkjerrur, Firhjulvogner, Kariolar, gule av Søyle, med Armarne stangande upp i Lufti.

 

Fraa den store Skorsteinen skein det so varmt og godt burtpaa Ryggen aat dei, som sat ved Langbordet. Tri Steikjekrokar svingad seg, hengde med Kjuklingar, Duvur og Saudelaar, og ein God-daam av steikt Kjøt og Saft strøymde ut fraa Aaren og kveikte Mathugen, medand ei sat og ventad paa, at det skulde verta ferdugt.

 

Heile Storbond-flokken plagad eta der hjaa han Sjurdeng, Hotelvert og Hestebytar, ein Jøde, som inkje vantad Skillingar.

 

Matfati vart sende ikring, og tømdest fort, likeeins Kannurne med gul Eplevin. Kvar fortalde um sine Greidur, kvat han hadde kaupt og selt. Dei spurde Tidender fraa Hausten, det var god Tid for Grønsaker men laakvoret for Kornet.

 

Braadt vart det høyrt Dundring paa Trumme utanfor Huset. Heile Flokken kom seg paa Beini, so nær som nokre Likesælingar, og flaug burt aat Glasi og nedi Porten, med Munnen full av Mat og Kluten i Handi for aa sjaa kvat det var paa Ferde.

 

Trummaren sluttad og ropad med høgt Mæle berre so det skrall i Veggjerne:

 

_ Det skal gjerast kunnigt for Ibuarom i Godervill og for alle Marknadsfolk, at det er tapat burt idag millom Kl. nie og tie ein svart Skinnpung paa Vegjen fraa Bøsvill; det var fem Hundra Franks i Pungen. Vere so god og melde det aat Byfuten, den som fær Spurlag paa Pungen, skal faa tjuge Franks.

 

Dermed gjekk han, men dei høyrde honom lenge etter, han gjekk og dundrad paa Trumma og skreik um detta burtgjenom Byen.

 

Det vart mykje Snakk um dette paa Matsalen, det vart dryft alle Voner som det kunde vera for aa faa att Pungen.

 

Dei gjorde fraa seg Maten og heldt paa og skulde faa seg Kaffe, daa det synte seg ein Politimann i Døri.

 

_ Haasjkorn fraa Breaate er han her _ spurde han.

 

Haasjkorn sat ved den indre Bordsenden.

 

_ Ja her er eg _ sagde han.

 

_ Haasjkorn, vil De vera so god aa fylgja med meg paa Kantoret, Byfuten vilde tala med Dykk.

 

Bonden, reint forfærd, tømde Kaffekoppen med eit Drag, lettad seg upp og ruggad avstad, endaa meir tvikrokutt no enn um Morgonen, for det er altid verst med slike med det same dei hev fenget seg Mat.

 

_ Ja, ja, her er eg _ tok han uppatt og gav seg til aa fylgja Politimannen.

 

 

(Sluttar.)

 

Frå Fedraheimen 09.08.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum