Skuggsjaa.


Det gjeng undarlegt til i Verdi, er eit gamalt Ordtøkje; men det er eit Ordtøkje, som aldri vert for gamalt. Det hender so mange undarlege Ting til kvar einaste Dag, at ein lyt hava betre Minne enn eg for aa minnest alt. Men somt av det merkjelegaste minnast eg likevel, og til desse meir enn vanlegt merkjelege Fyresyningar, lyt eg rekna nokot, som stod aa lesa i Morgenbladet for eit Bil sidan. I seg sjølv er inkje dette so merkjelegt; men det merkjelege er, at det stend i Morgenbl. Høyr her:

Skal ikke Kirken opløses og tabe al Indflydelse, maa den blive saavidt selvstændig, at den ialdfald kan sige nei til Love, som Storthing og Konge maatte ville paatvinge den, samt at dens Administration idetmindste saavidt udsondres fra Statens, at den staar uberørt af de politiske Omvexlinger.

Ja, soleids talar Chr. Friele i 1884. Mannen hev nokk skjiftat reint baade Sinn og Skjinn no i det siste. Han talar reint som ein Vismann, og det er vist nokot, som aldri hev hendt honom fyrr. Det kjem lovlegt seint, det er sannt nokk, men betre seint enn aldri. Ifjor nemnde og Morgenbl. nokot um sama Emnet; men daa hadde Bjølla ein annan Ljod. Morgenbl. hadde eit langt Stykkje, som so vidt eg minnast var uppteket etter Luthersk Ugeskrift, og daa L. U. i lang Tid likeso vel hev voret den kyrkjelege Del av Morgenbl., som Morgenbl. hev voret den politiske Del av L. U., so var det inkje meir enn som ventande var, at Stykkjet vart uppteket utan Motmerknadar. Men i det Stykkjet stod det nokot ganske annat, enn det, som Morgenbladet no kjem med. Eg hev inkje Artikkelen ved Haandi, so eg kann inkje koma med honom ordlydande; men Tankegangen minnest eg.

Det var den Gongen nokre Kjettarar, som og meinte, at det inkje var ganske, som det burdevera, at ein Arvekonge og skulde vera Bisp; men Friele og Heuch drog Hageknivarne sine for aa faa slikt Ukrut vekk, so fort det let seg gjera. Dei meinte daa, at det var Gud sjølv, som hadde sleget det prestelege og det kongelege Æmbættet saman, og at han hadde ein serleg Tanke med det, og so vidt eg minnest, so fann dei baade i Soga og i Guds Ord Hentydningar, som styrkte dei i denne Trui. Og so prøvde dei daa paa sin vanlege logiske Maate aa visa, at dei som vilde skilja Kyrkja og Staten fraa kvarandre, var Folk, som i Grunnen stod i den Vondes Teneste og heldt Samlag med so mykje annat stygt i Tidi.

Dette var i den Tidi, daa N. Hertzberg var Kyrkjeministar. Men det er han inkje lenger no, og Morgenbl.(og ein fær vona L. U. og) er inkje iaar det, som dei var ifjor.

No vil Morgenbl. nett det sama, som Kjettararnevilde fyrr. Um det med det vil fortelja Folk, at det hev gjevet seg i den Vondes Teneste, elder det utrulege hev hendt, at det ein einaste Gong hev fenget Givnad til aa sjaa nokot, som er til Aandsvokstren sin Framgang, det skal eg inkje kunna segja; men so mykje kann eg segja, at Morgenbl. no for ein Gongs Skuld hev sagt nokot, som det er Meining i.

Han hev altid voret tungnæm han Friele, so eg kann inkje annat segja, enn at eg stussad so smaatt, daa eg fekk høyra, at han kunna tala den skire, klaare Visdom no paa sine gamle Dagar; men det er, som Ordtøkjet segjer, at ingen er for gamall til aa læra, og Chr. Friele gjeng som eit livande Vitne blandt oss um, at det Ordtøkjet hev Rett.

Eg hadde stor Von um, at Ministeriet Sverdrup skulde magta mykje og gjera mykje godt; men at det skulde faa slike som gamle Morgenbladsstyraren til aa tenkja og tala slik, at det var Meining i det, det var meir, enn eg ventad.

Men nokre Vikur etter at Ministeriet var utnemnt, hende det utrulege: Friele kom for fyrste Gong i sit Liv med eit vitugt Ord.

Velkomen etter, Friele!

Det hev i lange Tider gjenget eit stort Ord um Bønderne her i Landet. Det hev voret kanskje vel mykje av det gode og stundom. Iminsto kom eg til aa tnekja paa det no um Tyrsdagen, daa eg fekk sjaa ein Bonde i Fædrel. te fram baade Heilen sin og Hjartelaget sit. Bladstyret fortel, at Stykkjet hans hev leget i lang Tid av den Grunn, at Bladet inkje hev havt Rom fyrr; men dersom eg inkje var so stød, som eg er, paa, at Fædrel. er eit gudlegt Blad, so hadde eg trutt, at det var nokot annat, som laag under her. Eg tykkjer, det ligg so nær aa tru, at Bladstyret med Vilje hev gøymt Stykkjet til ein Gong i Hundedagarne, so Folk kunna faa sjaa, korleids sume Bønder kann bera seg, naar dei hev Hundedagsvarmen aa slaast med attaat alt annat.

Han talar til Bønderne denne Mannen, og, segjer han enn inkje nokot, som det er Meining i, so tek han sin Mun att paa ein annan Maate: han skrik so mykje hardare.

Her er nokre Stubbar av hans sunne og sanne Upplysning.

Men, hvor er du nu henne? Har du glemt din betydning, naar du nu holder dig saa tilbage og lader dine anliggender bestyres af andre?

Stoler du da bedre paa andre end paa dig selv? Er du ikke længere den frie selvstændige odelsbonde, der vil tage ordet i en afgjørende stund? Statsskibets ror ligger for en stor del i dine hænder; hvorfor sover du da og lader andre styre? Vaagn da up og se, hvor det bærer hen! Skibet driver.

Det driver for de løsslupne lidenskabers storme, indtil det maaske engang støder og bliver til vrag. Og hvis er da skylden? Mon ikke din, som kunde have hindret det, men vilde ikke?

Ønsker du vort land gjort til spot for vore naboer?

Ønsker du grundloven givet i hænderne paa et parti, _

Ønsker du, at din stand skal synke ned til at blive en minoritet og domineres af andre?

Nei, du ønsker intet af alt dette.

Nei, norske bonde du holder paa magtfordelingen.

Og, du holder paa din kristne tro.

_hvorfor reiser du dig da ikke og viser, at du er husets herre, før det er forsent, før du er bleven bundet og plyndret?

Men snart maa det ske, ellers kunde det være for sent! Op alle som en mand og forsvar den gamle uomtvistelige ret! Rust dig nu, norske bonde, opløft din røst, saa den kan høres, og naar saa valgets dag kommer, kast da ud alle rodhuggere. Forsvar vor kristentro og vor forfatning, _.

Der er endnu kraft i den norske bonde. Næst Gud haaber vi paa ham. Gud er ataat, siger han, og kommer han end lidt sent, han kommer med kraft. Saa kom da, norske bonde, men kom snart! _

Lesaren lyt orsaka meg, at eg tok so mykje med av dette. Eg vilde gjerne te Folk, korleids ein Fædrelandsbonde kann tenkja og skriva, etter at han hev set paa Land og Folk gjenom Næverbrillur, Bakhunbrillur og Novemberbrillur.

Denne Bonden talar um Bondens uomtvistelige Rett, akkurat som Bønderne var nokot umframt det norske Folk i det heile og store. Og so kjem han med Religionen, han er naturlegvis i Faare.

Han er, som me ser, svært gudeleg, paa si Vis, og utan det fekk han vel inkje Stykkjet sit inn i Fædrel. Han talar mykje um de kristnes tro, at Bonden maa verja den o.s.b. Det sama hev Fædrel. gjort i mange Aar. Men det er leidt med det, at Hestehoven kjem stikkande, kor dei snur seg.

Eg og hev leset Barnelærdomen min, og so vidt eg kann skyna, so skulde etter den alle Adams Born hava likt Verd. Paa den Maaten hev Bønderne utyver Landet og skynat honom, difor hev dei inkje viljat hava nokon Serrett framfor andre gode Folk, difor var dei med paa aa vidka Røysteretten. Dei trudde vist ved dette aa uppfylla eit av Kristendomen sine Paabod.

Men du Fædrelands-bonde, du unner inkje andre det du unner deg sjølv, du vil inkje vita av, at alle er like, du vil, at nokre i Landetskal hava for seg sjølve ein Serrett, som dei inkje hev eit Grand meir moralsk Rett til enn andre gode Nordmenn, du er inkje i Samhøve med Kristendomen. Dersom du er den eg meinar, so talar du um at Kristendom og meir slikt er i Faare berre for, at Folk skal setja deg og dine Jamlikar paa Tingbenken, so de der kann faa vera med paa aa tyna ein Del av Kristendomen. Du bør inkje koma med nokot slikt Stykkje oftare, for Folk vil berre koma til aa tru, at du anten er ein Faaviting elder ei kalka Grav, og inkje nokot annat.

Aa ja, det er inkje alle Bønder, som er so gode, som dei burde vera.
 

Morgenbl. hev i lang Tid havt det svert travelt med aa fortelja Folk, at Revolusjon og Anarki var i Anmarsch. Eg for min Del hev no berre læt aat slik Tale, for eg hev inkje set annat enn jamn Utvikling og Framgang paa alle Leider. Men den, som inkje hev læt og som inkje hev set nokon Framgang, det er Morgenbladsstyraren. Han hev preikat seint og tidleg um Forfall og Nedgang og dei vonde Tider, som vilde koma yver Land og Rikje. Og ingen skal segja annat, enn at Mannen hev voret framsynt, for det ser inkje vel ut i Rikjet hans Chr. Friele no. Det er Revolusjon og Uppreist her og der, og den gamle Mannen fær den eine laake Tidenda etter den andre. Men Kong Christian vil inkje gjeva seg yver. Han stend ved høgan Mast og komanderar og skrik av alle livsens Krefter, han trugar, og han skjenner mest han vinn, og han hev nokk som ein Tanke um, at han paa den Maaten skal faa sanka det skilde saman att, so Rikjet hans endaa ein Gong kann verta likeso stort og stygt, som det var for ei Tid sidan. Men alt er faafengt no.

No kann eg nokk skyna, kvifor han skreik so illhervelegs i Vet um, at han trengde Menn og inkje Mandarinar.

Det er jamnaste so, at ein skrik mest etter det, som ein hev minst av.


Ja Kong Christian hev mist fleire Provinsar no. Fyrst slog Fædrel. seg ugreidt, so kom Lofotens Tidendeog sagde, at det inkje lenger vilde vera med i Striden, so kom Dagenog gjorde Nar av heile Høgre, nett som han aldri hadde voret paa den Sida, so kom gamle Almuven-Johnsen og sagde, at Ministeriet Sverdrup aatte langt meir Dugleik enn Ministeriet Selmer.

Men hardaste Striden hev no Morgbl. havt med Christiania Intelligentssedler. Dei tvo hev gjevet kvarandre det glatte Lag no i fleire Vikur, og det ser ut for, at dei endaa kjem til aa halda paa eit Bil. Og Chra. Intellig . tek seg inkje minste Grandet nær av, at Morgenbl. skjenner paa det. Det ser helder ut for, at Bladstyret er taksamt for kvar ei Skuring det fær og set si Æra i aa faa so mykje Skjenn som mogelegt av Morgenbl.

Aa ja, det er inkje greidt aa vera Friele no. Det er Anarki og Revolusjon i heile hans Rikje, Vyrdnad for Styringifinnst inkje lenger nokon Stad. No kann me alle skyna, kvifor han i Vet bar seg, som han gjorde.

Men i Striden mot Christiania Intelligentssedler kom Friele med nokot, som han helst burde tagt med, tykkjer eg. Han talar um

saa umodne og peurile Personligheder, som Intelligentssedlernes Publicister.

Eg veit nokk Friele! at du av det fyrre Justitsdepartementet hadde fenget Lov til aa segja det, du vilde; men eg tykkjer endaa, at det er sumt, du for din eigen Del helst skulde tegja med. Soleids med dette umodneher. Det høver slett inkje i din Munn, endaa du er ein gamall Mann. Tenk tilbake paa det Liv du hev livt og spyr so deg sjølv, um du ein einaste Dag hev voret moden. Eg tenkjer, du lyt svara nei. Var du kanskje moden, daa du gjorde deg til Tutarhorn for Skandinavismen og vilde, at Noreg skulds støypast saman med Sverige? Eg trur det inkje. Var du moden, daa du sette deg mot Statsraadsaaki? Aa nei. Var du moden, daa du kravde, at Styringi skulde gjera Statskup, endaa me var mange nokk til aa tukta alle, som vilde prøva paa slikt? Langt ifraa. Hev du ein einaste Gong i dit lange Liv havt Syn for, kvat Utviklingi og Tidi kravde og arbeidt for det? Finnst der nokot godt, som er gjort her i Landet, som du hev voret med i? Slet inkje.

Eg synest, at du no burde vedgaa, at du altid hev teket imist, at du aldri hev voret moden.

Friele! Friele! du bør aldri taka dette umodne paa Tunga di oftare.


_ r _.