Til Kvendi, allvist Stølsgjentur og Sæterkullur


og slike; nokot som De inkje skal gløyma.

Naar det kjem eit framandt Menneskje aat Dykk og spør um han kann faa kaupa seg litevetta Mat, so hev eg aldri set annat, enn at det er snildt Folk all Stad og ein fær kaupt baate Mat og Drikk, væl vert ein stelt; og inkje er det dyrt hell.

Men naar det kjem eit Menneskje og spør etter slikt, so skal De aldri svara soleids som so, at det er nokk berre so simpelt me hev det, at det er væl inkje nokot for deg, hell
me hev væl berre slik Mat, som du inkje er vand med, og som du inkje kann eta, det er uvist um du kann tekkjast med det. Men De skal segja slik, at Mat skal De faa, taa det Slaget plent som De vil. For De skal vera nokot stautare paa det imot slikt framandt Folk og inkje lata som um dei var so høge og som um det var so reint uliklegt hjaa Dykk sjølve. Og skulde det daa treffa seg, at det var ein likevæl, som var so matvand, at han inkje kunde faa i seg av det De hev sett fram, so skal De berre segja aat honom: Ja er du ein slik ein, at du inkje et so god Mat, so kann du plent gjera ko du vil.

Og kjem det ein farande yver Fjell og Finne, medan det gustar og blæs og Regnet flyt i Straumar, og bed deg um Natterom, og du so kastar noko Brisk burti ein Krok, og legg honom der, og gjev honom eit Aaklæde til Yverbreidsla, og han so ber seg ille og er inkje nøgd, daa skal du jaga honom ende ut. Ein slik ein som inkje skynar paa so stor ein Gode som aa hava Tak yver Hovud, honom skal De aldri gjera ei einaste Høgtiding hell Krusing for, kven det so var. De skal læra Dykk til aa vera mykjet meir sjølvbyrge. Dette er Raadi fraa ein, som hev faret i alle Fjell og set Skikken i alle Sætrar og røynt korleids Kvinnfolk er.