[Tidender.]

 
Bilæte av Statsministar Sverdrup er utkomet paa den Gyldendalske Bokhandels Forlag. Bilætet er vent, og Mannen er svært lik seg.
 


Kristian Jensen, Statsraaden var, døydde av Heileslag Nat til Torsdag.


Menneskevennen heiter eit godt Blad. Det arbeidar for Avhaldssaki og so mange, som kann bør stydja baade det og Saki det arbeidar for.


Paa Stavsmarknaden skal Hesteprisarne hava voret smaae, mot dei hev voret desse siste Aari. Gode Brukshestar hev voret selde for 400 til 500 Krunur. Tvo-aaringarne vart selde for ikring 250. Fjordingshestarne vart etter Maaten bitalde best. Prisen paa dei var ikring 300 Kr.


Streiken. 14 Mann ved Akers mekaniske Verkstad fekk inkje Lov aa taka upp Arbeidet att til nedset Løn eingong, fordi dei hadde voret med i Streiken.


I Santalistan hev det voret Uaar og Svolt, og det ser inkje best ut for komande Haust helder, daa dei hev so litet Regn. Danskarne hev voret mannelege til aa senda Pengar til Skrefsrud og Børresen, og det hev voret ei god Hjelp for mange.


Fra Kristiania arbeidersamf.s komite for børns sommerophold på landet . Komiteen aflægger hermed alle dem, der i dette år velvillig har modtaget børn fra Samfundet sin, børnenes og forældrenes erkjendtlige tak.

Kristiania 30 Aug. 1884.